Astrid Dalehaug Norheim ved Senter for undersøkande journalistikk deltok på den globale gravejournalistikk-konferansen i Kuala Lumpur
Over 1 500 deltakarar frå heile verda møttest i fire dagar for å utveksle erfaringar, oppdatere seg på nye metodar og styrkje dei internasjonale nettverka innan gravejournalistikk.
Hovedinnhold
Konferansen vart opna av Rappler-redaktør og fredsprisvinnar Maria Ressa frå Filippinene. Ho har gjentekne gonger vore fengsla og blir kontinuerleg utsett for skittkastings-kampanjar i sosiale media.
– Eg trur ikkje Rappler hadde overlevd eller at eg hadde vore ute av fengsel viss det ikke var for dykk, sa ho og såg ut over salen.
Det låg eit alvor over salen. Der sit det journalistar som har drapstrusler mot seg, som blir kontinuerleg overvaka av tryggleikstenestene i landa dei kjem frå. På ein sesjon som handla om korleis ein skal spore rikdommen til russiske oligarker, var det beskjed til alle i salen: De må ikke sitere herifra før konferansen er over. På scena sat ei russisk journalist, som dei av tryggleiksomsyn heller ikke kunne annonsere i programmet.
Ved inngongen til konferansesenteret var det veskesjekk og kroppsskanning før vi fekk kome inn til dagens program.
Men Maria Ressa kom ikke med ein dyster bodskap. Ho la vekt på at krise gir muligheter.
– No er tida inne for radikalt samarbeid og kreativitet, sa ho.
Hovedpunkt frå konferansen, sett med SUJO-augo:
- Korrupsjon, aggressiv lobbyisme, ulovleg overvaking, rekruttering av unge menn til krig, menneskehandel, narkotrafikk: Svært mange av verdas store utfordringar kan ikke avdekkast berre nasjonalt, men ein treng internasjonalt nettverk.
- Datajournalistikk vart vektlagt i mange sesjonar.
- Kunstig intelligens vart både omtalt som ein sjanse til å jobbe meir effektivt, men det var stor uro knytta til baksidene av KI. Det handla først og fremst om desinformasjon og at det er vanskeleg å manøvrere og få folks merksemd i eit ras av informasjon.
- Det vart teke initiativ til å danne eit nettverk av akademikarar innan organisasjonen GIJN. Rundt 40 akademikarar møtte til nettverkssamlinga, og det blir jobba med å opprette ei løysing for hurtig-fagfellevurderte artiklar som kan halde fagfeltet oppdatert på forsking.
Konferansen er arrangert av Global Investigative Journalism Network (GIJN), som SUJO er medlem av. Det var rundt 20 deltakarar frå Noreg. Astrid frå SUJO var ein av tre frå universitetssektoren. Dei to andre var frå OsloMet.