Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Nyhet

Dette er Infomedia

Instituttet ynskjer sine nye studentar velkommen med ein rykande fersk film. Sjå den her.

Infomedia - institutt for informasjons- og medievitenskap

Produsent:
UiB

Hovedinnhold

Denne studiestarta skal ein ta imot over 400 nye studentar på lavare grad på Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen

Studentane har store forventningar, men samtidig er dei usikre. Kva skal dei læra her hjå oss dei neste tre åra? Kva er verdien av ei universitetsutdanning i KI-ens forvirrande tidsalder?

Våre dyktige TV-studentar har prøvd seg på eit svar.

Jonas Torp Leithe og medstudentar har laga ein informasjonsvideo som presenterer den faglege samanhengen mellom våre sju bachelorprogram. Sofie Ørsleie er guide.

Videoen skal vises på alle informasjonsmøta den kommande veka. Forhåpentleg kjem den til å vera både oppklarande og appetittvekkande for dei nye studentane.

Sjå den øverst i saka her, eller ved å trykke på denne lenka.