Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap

Media og det menneskelege

Denne boka skisserer eit utgangspunkt for ei ny for presseetikk. Ifølgje forfattaren må journalistisk praksis forankrast i noko anna enn magekjensla eller siste PFU-avgjerd.

Hovedinnhold

 
Lars Arve Røssland   -   ISBN: 9788252170184   -   Samlaget 2007

Lars Arve Røssland er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

Boka gir ei innføring i klassiske filosofiske definisjonar av etikk og moral og koplar desse teoriane til moderne massekommunikasjon. Eit sentralt spørsmål er: kva er etisk kommunikasjon? Forfattaren brukar Aristoteles og seinare filosofar sine teoriar til å vise at journalisten må ta utgangspunkt i seg sjølv når han/ho utformar si yrkesrolle – ”først menneske, så journalist”. Boka munner ut i 9 ”tesar” om grunnlaget for ein ny medieetikk.

Boka vender seg til journalistar og andre med interesse for medienes rolle i samtida.