Hjem
Det juridiske fakultet
Ph.d - portrettet

Ph.d - portrettet - Lars Kvestad

Lars tar doktorgrad her ved Det juridiske fakultet i Bergen, og hans interesseområde er rettshistorie.

Portrettbilde
Lars Hafting Kvestad er stipendiat ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto/ill.:
André Kvalvågnes

Hovedinnhold

Kan du si noe om hvorfor, eventuelt når, du bestemte deg for å ta en doktorgrad?
Då eg byrja på jussen her i Bergen var eg ikkje ein gong sikker på at eg ville verte jurist, og hadde absolutt ikkje det å ta ein doktorgrad som siktemål. Interessa for juss kom heller ikkje i nokon nemneverdig grad før eg var kommen til fjerde studieår. Fyrst då kjende eg at eg fekk tid til verkjeleg å arbeide med faga eg studerte.

Det å skrive doktorgrad var framleis fjernt for meg, men ynskje om å kunne fordjupe meg meir i særskilte emne, gjorde at eg vurderte å søke om å skrive masteroppgåve over heile femte studieår i staden for den vanlege 30-studiepoengs masteroppgåva. Etter fleire gode samtalar med tilsette på fakultetet sette eg i samråd med Jørn Ø- Sunde i gang med ei undersøkjing av kvifor odelsrett vart regulert i Grunnlova i 1814. Dette vart eitt krevjande, men særs interessant år. Utover den materielle kunnskapen eg tileigna meg, fekk eg også delta på fleire rettshistoriske seminar og diverse føredrag. Det var særs inspirerande å høyre på og diskutere med andre som hadde interesse av rettshistorie. Det at eg vart så motivert og imponert over dette kunnskaps- og interessefelleskapet var også med på å skape ei ytterlegare interesse for det å skrive ein doktorgrad. Når det då kom ei ope utlysing kort tid etter at eg var ferdig med masteroppgåva, sendte eg inn ein skisse på det prosjektet eg no jobbar med.  

Hva er ditt forskningstema? Og hvorfor valgte du å fordype deg i akkurat dette temaet?
Arbeidstittelen på mi doktoravhandling er «Det statsrettslege borgaromgrepet i perioden frå 1750-1850». Eg skal fyrst seie litt om kva den drøfter, før eg skal seie noko om kvifor eg skriv om dette tema.

Framleis i dag kan ein hevde at me opererer med fleire borgaromgrep, men det klart viktigaste er statsborgaromgrepet. Dei seinare åra har innvandring aktualisert innhaldet av omgrepet ytterlegare, noko som gjer at det stadig oppstår rettslege spørsmål i samband med statsborgaromgrepet som lyt avklarast. Om ein tenkjer over kor viktig dette omgrepet er i dagens samfunn, kan det på eitt vis verka overraskande å vite at me eigentleg fyrst fekk eit norsk statsborgaromgrep med statsborgarlova av 1888. Og det reelle innhaldet av statsborgaromgrepet kan ein hevde i større mon er kommen til i løpet av 1900-talet. Dette då lova av 1888 lovfesta det ein i all hovudsak oppfatta som rådande oppfatningar i teori og praksis kring kven som var å rekne for norsk borgar eller ei, men det var framleis mange sentrale spørsmål som ikkje var avklart i lov eller i den varierande norske statsborgarrettspraksisen fram mot andre verdskrig.

At det norske statsborgaromgrepet var lovfesta så seint, interesserte meg på fleire vis. Det seier for det fyrste ein heil del om samfunnsstrukturen og kor vanleg det var å flytte seg over landegrensar på den tida. Ein vanleg norsk innbyggar flytta ikkje mykje på seg, og i nokon grad vart dette også eitt ideal – om ein les i litteraturen frå 1700-talet var den mest ynskja og tenlege innbyggaren typisk dei som hadde sterke røter til føde- og heimstaden sin. Men denne vektlegginga var ikkje den einaste i dåtidas samfunn, det var ikkje berre odelsbonden som fekk røysterett i 1814.

I § 50 heitte det at «norske Borgere» som oppfylte somme krav kunne røyste. Desse krava utelukka dei aller fleste frå å kunne røyste, og ein skulle tru at bruken av «norske Borgere» også skulle tilsei at det berre var dei med sterke røter til Noreg som kunne røyste. Men den manglande rettslege avklaringa av kven som skulle reknast for «norske Borgere» og ikkje i Grunnlova, gjorde også at utlendingar som budde i Noreg og elles oppfylte krava, kunne røyste og til og med verte valde inn på Stortinget. Desse hadde sjølvsagt tette band til Noreg, men formaliseringa av dette bandet var ikkje regulert i lov.

Når det gjeld tema vert det i utgangpunktet feil å sei at eg sjølv valde tema for oppgåvadette. Eg vil hevde at han som rettleia meg då eg skreiv masteroppgåva, Jørn Øyrehagen Sunde, er grunnen til at det var dette tema eg valde å skrive doktorgrad om. Han sette meg på sporet av ei utvikling, og kanskje mest av alt ei manglande utvikling, som i stort mon interesserte meg og fanga opp mange av dei aspekta eg finn mest interessant i juss – koplinga mellom individ og samfunn og korleis samfunnet vart organisert.

Vil du si at ditt doktorgradstema er litt "utypisk" jussfaglig?
Her vil eg byrje med å sei både ja og nei. Rettshistorisk forsking har dei seinare åra vorte meir aktuelt, og er ein viktig del av den norske juristutdanninga. Me kan me takke så vel einskildpersonar som større fellesarbeid som har retta fokus mot rettshistoriske emne for dette. Den aukande internasjonaliseringa av retten gjer også at rettshistorie vert meir aktualisert. Det er heller ikkje få avhandlingar og djupneartiklar som tek til med førhistoria til det dei så skal handsame. Men at nytteverdien av rettshistoriske avhandlingar og arbeid nok er større i akademiske krinsar enn i det private næringslivet skal eg ikkje motsetje meg.  

Det er også heilt klart nære band mellom rettshistorie og historie, og dette gjer også at det er mykje samarbeid mellom dei som driv med det. Likskapen mellom arbeida våre gjer det mellom anna relevant å drøfte kjeldetilnærming og korleis me går fram, og eg har lært mykje av slike diskusjonar. Men det som er mest interessant er likevel kor stor skilnad det er mellom ulike faggreiner, og dette vart fyrst tydeleg for meg då eg deltok på eitt seminar medan eg skreiv masteroppgåva. Seminaret gjaldt eitt særskilt emne i Grunnlova, og det skulle drøftast av personar frå mange ulike fagretningar. Når om lag 15 personar skal drøfte eitt og same tema, skulle ein kanskje tru at ein fekk mange liknande drøftingar. Men det var snarare det motsette eg vart vitne til. Grunnutdanninga til dei einskilde forma i stort mon kva element innafor emne dei drøfta, og vidare korleis dei gjekk fram når dei skulle drøfte dette. Så dersom historikaren og rettshistorikaren vert sett til å drøfte eitt konkret tema vil drøftingane deira og funna deira kunne vera særs forskjellige.  

Hvilken relevans har temaet ditt for samfunnet?
Om ein ser på dei store hovudlinene er det ikkje skjedd store endringar i norsk statsborgarrett sidan 1888, og lovfestinga bygde i stort mon på dåtidas rådande oppfatning av det statsrettslege borgaromgrepet slik det hadde vekse fram i dansk-norsk og norsk rett dei seinare hundreåra. Mykje av det eg ser i mi undersøkjing, er at ulike argument innafor statsborgarretten vert ulikt vektlagd over tid. Dette syner at ein lyt ha ei dynamisk tilnærming til omgrepet og ytterlegare kunnskap kring omgrepet for å forstå norsk statsborgarrett så vel i fortid som i notid. Elles vil rettshistoriske og historiske utgreiingar gje eitt ytterlegare bidrag til forståinga av fortida, og somme tider utgjere ei viktig brikke i ei puslespel forfattaren ikkje ein gong er klar over.