Hjem
Det juridiske fakultet
Ph.d. i rettsvitenskap

Opptak til ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet

Hovedinnhold

Har du mastergrad og ønsker å fordjupe deg innan rettsvitskap? Då kan ei ph.d.-utdanning vere noko for deg. Som ph.d.-kandidat hos oss får du vere ein del av eit internasjonalt akta forskingsfelleskap. Fakultetet er mellom dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett og politirett. Fakultetet har også sterk kompetanse innan internasjonale menneskerettar, klima-, energi- og miljørett, EU/EØS-rett, rettshistorie, velferdsrett, erstatningsrett, formuerett, forvaltningsrett, internasjonal privatrett og rettsteori og rettsfilosofi. Eit av verdas leiande senter innan forsking på konkurranse- og marknadsrett, BECCLE, er knytt til fakultetet.

Om ph.d.-utdanninga ved fakultetet

Som ph.d.-kandidat skal du utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid som til slutt skal dokumenterast med ei vitskapleg avhandling. I tillegg skal du gjennomføre ein opplæringsdel med kurs i mellom anna rettsteorietiske perspektiv, kjeldehandtering, rettsvitskapleg metode, tekstkvalitet og formidling. Nokre kurs skal du velje sjølv utifrå kva som er temaet for forskingsarbeidet ditt. Opplæringsdelen er på til saman 30 studiepoeng og utgjer eit halvt års fulltidsstudie.

Du kan lese meir om oppbygginga av ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet her.  

Stipendiatstilling eller anna finansiering

Dei fleste ph.d.-kandidatane hos oss er stipendiatar. Det vil seie at dei er tilsette i ei tre- eller fireårig stipendiatstilling, og får løn frå Universitetet i Bergen. Stipendiatstillingane lysast ut på Universitetet i Bergen sine nettsider for ledige stillingar. Sjå Veiledning for søkere til stipendiatstilling for informasjon om kva søknaden skal innehalde.

Nokre ph.d.-kandidatar har anna finansiering. Det kan vere forskingsprosjekt, andre utdanningsinstitusjonar, bedrifter, fond eller liknande. Denne nettsida inneheld meir informasjon om finansiering. Ta kontakt med fakultetet dersom du har finansiering og ønsker opptak til ph.d.-programmet vårt.

Opptak til ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet

Les om opptak i programbeskrivelsen.

Dersom du søker ei stipendiatstilling inneheld stillingsannonsa informasjon om korleis du går fram for å få opptak til ph.d.-programmet.

Dersom du har anna finansiering må du søke om opptak til ph.d.-programmet. Fyll ut søknadsskjemaet og send søknaden til Det juridiske fakultet (postboks 7806, 5020 Bergen, eller post@jurfa.uib.no). Oversikt over vedlegg som skal leggast med står i søknadskjemaet. Søknaden vurderast først av sekretariatet for ph.d.-programmet, og vedtak om opptak vert fatta av Forskningsutvalet.