Hjem
Det juridiske fakultet
Kva reglar skal gjelde i ingenmannshavet?

Biomangfald og marin arealplan: Gje dine innspel til UDs forhandlingsdelegasjon

To tredjedelar av verdas hav ligg i område som ikkje høyrer til noko land. Kven skal bestemme over ressursane i hava som ingen eig - men som mange likevel vil ha ein del av?

bilde av manet
Havrettstraktaten kan få ein ny tilleggsavtale for havområda som fell utanfor nasjonal jurisdiksjon. 6. mars kjem UD si referansegruppe til UiB og Dragefjellet for å få innspel til det vidare arbeidet.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

– Presset på havområda har auka, seier professor Sigrid Eskeland Schütz.

Det handlar om sårbare havområde som treng vern. Resursar og biomangfald som bør forvaltast på ein berekraftig måte.

– Vi har behov for ein marin arealplan. For ein rettsleg regulering av dei områda som høyrer til internasjonalt farvatn, sier ho.

Forhandlingsdelegasjon til UiB
Utanriksdepartementet (UD) har etablert ei referansegruppe for FN-forhandlingane om ein internasjonal avtale om biomangfald i område utanfor nasjonal jurisdiksjon. Arbeidet starta ved UiT og UiO, der referansegruppa har gjeve innspel til delegasjonen som forhandlar i FN på vegne av Norge.

6. mars kjem dei til UiB og Det juridiske fakultet. Her vil forhandlingsdelegasjonen ta imot innspel frå norske aktørar, samt informere fagmiljøa om korleis delegasjonen har vurdert forhandlingane så langt. Møtet er ope for alle interesserte.

Skal sikre biomangfald i internasjonalt farvatn
Avtalen om biomangfald vil kome som eit tillegg til Havrettstraktaten (United Nations Convention on Law of the Sea, UNCLOS). Dette er ein internasjonal avtale som regulerer ferdsel og økonomisk aktivitet på havet. Traktaten inneheld reglar for kven som har forvaltingsansvar og rett til å nytte ressursar i internasjonalt farvatn. Sidan traktaten blei opna for signering i 1982, har nye utfordringar gjort seg gjeldande.

Til dømes har karbonlagring i djupet blitt aktuelt. Fleire internasjonale selskap vil utnytte ressursane i havet. Ressursar ein ikkje visste så mykje om då Havrettstraktaten kom i stand.

– Den eksisterande traktaten seier til dømes lite om vern. Også i dei marine områda utanfor nasjonal jurisdiksjon treng vi vernesoner.

Vurdering av miljøverknader 
I djupet og på havbotnen fins det samansette økosystem med organismar som kan bli nytta i samanheng med forsking eller kommersiell utnytting. Store førekomstar av ulike mineral ligg òg der nede på djupet.

Hausting og utvinning kan forstyrre dei komplekse økosystema.

– Difor er det alt i dag krav om konsekvensutgreiing av miljøverknader ved mineralutvinning. I det nye tillegget til traktaten vil det truleg kome reglar som seier noko om når og korleis ein skal gjere ei konsekvensutgreiing også for anna utnytting, seier Schütz.