Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

Kikki er årets forskingsformidlar

Ho vert skildra som ein glødande formidlar, som kan gjere kompleks vitskap tilgjengeleg og aktuell for folk flest. Kikki Kleiven får Meltzerfondet sin pris for framifrå forskingsformidling.

Kikki Kleiven
SERIØS ENTERTAINMENT: Kikki Kleiven vil nå flest mogeleg med viktig kunnskap om klima. No får ho Meltzerfondet sin pris for framifrå formidling for 2016.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

– Eg vart rørt då eg fekk høyre det.

Nyleg ringte rektor ved UiB til Kikki Flesche Kleiven og spurte om det passa med litt champagne på åttande mars. Då vert Meltzerfondet sine prisar til yngre forskarar og ein framifrå formidlar av forsking delte ut. Kleiven fekk vite at ho vinn siste kategori.

– Det tyder så enormt mykje, eg vart berre kjempeglad og stolt. Særleg over at det er mitt eige miljø som har nominert meg, seier Kleiven.

Ho er førsteamanuenis i geologi og er også tilknytt Bjerknessenteret for klimaforskning, og har både utdanning og doktorgrad frå UiB. 

Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling vert delt ut kvart år. Sjå faktaboks.  

Sjå heile videoen her: Havforskaren Kikki

Forteljinga i forskinga

I grunngjevinga for prisen vert ho skildra slik:

”Vinneren av årets Meltzer-pris er kjent for å være en effektiv formidler som bruker en rekke ulike medier i sin formidling; TV, radio, aviser, blogger, kronikker, bøker og foredrag.  Kandidatens aktive profil på sosiale medier gjør at hun tjener som en foregangskvinne for hvordan disse plattformene kan brukes til faglig formidling.”

Kleiven seier ho forsto kor effektiv formidling av forsking kan vere i 2008, då ho var forfattar av ein artikkel som fekk mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Ho stilte opp i både TV 2 og i National Geographic og snakka om forskingsresultata.

– Det viste meg at det er ei forteljing bak forskinga. Ei vanskeleg geologisk analyse kan vere ein spanande innfallsvinkel som fortel oss noko om både fortida og er dagsaktuell, seier ho.

Klimakunnskap i kofferten

Kvart år held ho mellom 30 og 60 populærvitskaplege føredrag, til alt frå elevar til politikarar på internasjonalt nivå. Den 7. mars  er ho på veg til eit føredrag for Senioruniversitetet i Arna. Trillekofferten er flittig brukt. Ho tar alle foredrag like alvorleg, og skriv alle på nytt kvar gong.

– Eg jobbar intenst med føredraga mine, eg må halde koken. Når eg skal til Arna, skal innhaldet passe spesielt til dei, seier Kleiven.

Ho har også vore aktiv i prosjektet KlimaKlok og Generasjon Grønn med Siri Kalvig og Tobias Thorleifsson. Ho meiner det er viktig å gi lærarar tilgang til den siste kunnskapen om klima og forsking.

– Eg vil at samfunnet skal forstå metodane i forskinga, at til dømes fagfellevurdering gir legitimitet til vitskapen. Det er viktig å vise den personlege opplevinga i det å forske, seier ho.

Ho møter også politikarar og andre avgjerdstakarar, på både lokalt og internasjonalt nivå, og har mellom anna hatt føredrag for Kofi Annan på ZERO-konferansen.

– Det er viktig at politikarane får den rette kunnskapen når dei skal ta viktige avgjerder.

Optimistisk til framtida

Grunngjevinga frå komitéen legg vekt på at ho er optimistisk på vegner av framtida. Ho har trua på at ein saman kan kome fram til gode løysingar.

– Vi er seint i gang, men saman kan vi løyse problema. Det er viktig å få fram at vi kan gjere dette på grasrot-nivå, om det er ein grøn kommune eller at UiB er Miljøfyrtårn. Dugnadsånden i Noreg er fantastisk, seier ho.

Kva er det som gjer deg til ein god formidlar?

– Det gir meg energi. Eg vert sliten òg, og eg er nervøs før eg går på scena, men framfor alt får eg eit kick. Å gjere komplekse samanhengar om til eit bilete og ein forteljing som folk kan bruke til å forstå gir meg mykje. Eg driv ein seriøs form for entertainment. Mange vil kanskje rynke på nesa over det, men det bryr eg meg ikkje om, seier ho.