Søk om forskingsstøtte
Polyfon stimulerer forsking med praksisrelevans og brukarmedverknad, både lokale prosjekt og pilotprosjekt for eksterne søknader. Årlege søknadsfristar: 1. mars og 1. oktober. Søknader vert vurderte av ein uavhengig vitskapleg komité. Kontakt gjerne sekretariatet for råd.
Hovedinnhold
Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakar er velkomne til å søkje om forskingsstøtte.
Både fagpersonar, erfaringskonsulentar og leiarar kan søkje, gjerne i samarbeid. Kunnskapsklynga ønskjer å stimulere praksisrelevans og brukarmedverknad i forsking. Søknader er difor like velkomne frå tilsette i kommunar og helseføretak som frå tilsette ved akademiske institusjonar. Ein kan svært gjerne samarbeida med ulike eksterne aktørar, men prosjektleiar må vera tilsett hos ein klyngedeltakar.
Søknader vert evaluerte av ein ekstern vitskapleg komité. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.
Sekretariatet gjev gjerne råd til deg som arbeider med søknadar og prosjekt. Ta kontakt!
Sjå gjerne denne oversikta over kva prosjekt som tidlegare har fått støtte.
Formelle krav og rammer
Søknader skal innehalde ei prosjektskisse med tydeleg presentasjon av bakgrunn, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt. Der det er relevant, kan IMRAD-formatet brukast til å strukturere prosjektskissa. Såkornfunksjon, tidsplan, finansieringsplan og formidlingsplan må også vere med. I det digitale søknadsskjemaet ligg det ei avgrensing på maks 1600 ord for prosjektskissa, medan andre punkt har ei avgrensing på maks 100 ord. Feltet for litteraturreferansar har inga avgrensing.
Dersom ein søkjer midlar til eit prosjekt som tidlegare har fått Polyfon-støtte, må dette opplysast om og søkjar må gjere greie for i) kor langt prosjektet er kome, og kva som står igjen ii) korleis tidlegare tildeling er brukt, iii) kvifor det er behov for ytterlegare støtte.
Det kan søkjast om støtte til drift og/eller til frikjøp av person eller gruppe i klynga, til engasjement av ekstern ekspertise og/eller til engasjement av student(ar) i forskarassistentoppdrag. Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 200 000,-.
Normalt er det forventa at klyngedeltakaren stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den summen det vert søkt om. Eigeninnsats kan t.d. vere avsett forskingstid eller permisjon med løn til prosjektarbeid. Dersom fleire klyngedeltakarar samarbeider om eit prosjekt, kan eigeninnsatsen fordelast mellom aktuelle klyngedeltakarar. Det er då viktig at søknaden er tydeleg forankra hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarane, og at det kjem fram reell eigeninnsats hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarar.
Ved tilslag, vert støtte utbetalt til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.
Søknaden sender du inn på det digitale søknadsskjemaet.
Retningslinjer ved vurdering av søknader
Den vitskaplege vurderingskomiteen arbeider etter følgjande retningslinjer:
- Det fagfeltet kunnskapsklynga Polyfon arbeider med er musikkterapi / musikk og helse, så prosjekt må ha eit fokus på fysiske, psykiske, eksistensielle og/eller sosiokulturelle dimensjonar av aktuelle relasjonar mellom musikk og helse
- Folkehelserelaterte prosjekt i barnehage, skule og lokalsamfunn er like velkomne som prosjekt knytte til praksis innan helsevesenet
- Klynga arbeider tverrfagleg, så det er ikkje eit vilkår at søkjaren skal kome frå musikkterapifaget, men uansett fagbakgrunn er det ein føresetnad av samarbeidsmogelegheiter er vurderte og at prosjektskissa aktivt byggjer på tilgjengeleg litteratur på feltet
- Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut i frå klyngas visjon, verdiar, målsetjingar og satsingar (sjå gjeldande strategidokument)
- Midlane skal ha ein såkornfunksjon, slik at prosjektsøknader bør peike fram mot vidare utvikling og gjerne også ekstern finansiering
- Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad så langt dette er mogeleg og relevant. I folkehelserelaterte prosjekt kan dette eventuelt realiserast som folkeforsking (citizen science). Polyfon sin rettleiar for brukarmedverknad og for medverknad i forsking gir informasjon om gode praksisar for brukarmedverknad
- Der det er relevant, kan søknader gjerne leggje til rette for samarbeid med master- eller ph.d.-prosjekt, med andre klyngedeltakarar og med fagpersonar frå ulike tradisjonar
- Søknader skal formelt og fagleg vere forankra hos aktuell klyngedeltakar, og søknader skal vere godkjende av leiinga hjå aktuell deltakar i klynga. I det digitale søknadsskjemaet lastar opp ein e-post der leiinga stadfestar 1) at den konkrete søknaden er godkjent, og 2) at aktuell klyngedeltaker tar ansvar for at eventuelle problemstillingar knytt til personvern, forskingsetisk godkjenning, databehandlingsavtale og liknande blir tatt i vare.
