Arbeider for lik tilgang til musikkterapitenester
Partssamarbeid Vestland er ei undergruppe i Polyfon og er koordinert av Vestland fylkeskommune. Partssamarbeidet samlar kommunar og andre aktørar i fylket som ønskjer å samarbeide om utvikling av gode og tilgjengelege tenester.
Hovedinnhold
Bakgrunn
I Vestlandsregionen er det ei lang historie for fylkeskommunalt engasjement for utvikling av musikkterapifeltet. Sogn og Fjordane fylkeskommune var t.d. ein aktiv pådrivar for etableringa av prøveordninga «Gloppen-prosjektet» i 1983 og for oppstarten av ei musikkterapiutdanning på Sandane i 1988.
Etter fylkesfusjonen i 2020 er dette arbeidet vidareført og vidareutvikla av Vestland fylkeskommune. Eit Fylkestingsvedtak i juni 2025 legg til rette for auka fylkeskommunalt engasjement på musikkterapifeltet, både som samfunnsutviklar og tenesteutviklar.
Partssamarbeid Vestland
Partssamarbeidet er i utvikling og arbeider frå og med hausten 2025 etter Polyfons nye ordning for undergrupper, ei ordning som gjer det lettare for kommunane å delta i eit samarbeid om utvikling av solide musikkterapitenester.
Følgjande instansar er med i Partssamarbeidet per august 2025:
- Vestland fylkeskommune (fullmektig/koordinator for samarbeidet)
- Helse Førde
- Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT), Vestland (Sogn og Fj.)
- Kinn kommune
- Ullensvang kommune
- Vaksdal kommune
- Voss herad
Fagleg aktivitet
Som koordinator for Partssamarbeidet, har Vestland fylkeskommune utvikla tiltak som t.d.:
- Rådgjeving om fagutvikling, søknadar om tilskot og/eller om oppretting av musikkterapeutstillingar
- Kunnskapsformidling gjennom konferansar og seminar
- Kunnskapsdeling og -utvikling, t.d. gjennom nettverk og samarbeidsforum
- Politikkutvikling på området.
USHT Vestland (Sogn og Fjordane) er ein aktiv medspelar i dette arbeidet.
Deltakarane i Partssamarbeidet er sjølve aktive i å setje tema på dagsordenen, både for nettverksarbeid, konferansar og seminar. Somme aktørar i Partssamarbeidet har også vore aktive medspelarar i forskingsprosjekt initierte av deltakarane i kunnskapsklynga Polyfon.
