Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE

Info om prosjektet OPPTAKT (2026-2028)

Polyfon skal styrke musikkterapi som praksis, utdanningsveg og forskingsområde i Noreg, og samtidig stimulere annan bruk av musikk som ressurs for helse og samfunnsdeltaking. Med prosjekt OPPTAKT vil klynga byggje faglege knutepunkt i regionane sør, aust og vest.

Tildeling av midlar frå Agenda Vestlandet
Prosjektet OPPTAKT er gjort mogeleg av ei raus tildeling frå Agenda Vestlandet – stiftinga frå Sparebanken Norge. Bildet er frå Polyfon-konferansen 2025 og viser f.v. Polyfons klyngeleiar Brynjulf Stige, Polyfons styringsgruppeleiar Randi Luise Møgster og Agenda Vestlandet sin tildelingsdirektør Frode Nergaard Fjeldstad.
Foto/ill.:
Torbjørn Mohn-Haugen, NAPHA

Hovedinnhold

Kva kan OPPTAKT bety for deg?

OPPTAKT skal bidra til at fleire får tilgang til musikkterapi og andre helserelaterte musikktilbod. Dersom du er knytt til ein av klyngedeltakarane i Polyfon, kan du bidra til og sjølv dra nytte av nye faglege mogelegheiter. Prosjekt OPPTAKT skal m.a.

  • Støtte og stimulere brukar- og pårørandemedverknad i alle faglege utviklingsprosessar
  • Lyse ut midlar til formidlingsstøtte
  • Lyse ut midlar til utviklingsstøtte for praksis og tenester
  • Lyse ut midlar til forskingsstøtte
  • Støtte og stimulere nye kompetansebyggjande tiltak

Bakgrunn

Etter at Polyfons strategi blei vedtatt i 2024, nedsette styringsgruppa ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å greie ut ulike tiltak som kunne sikre fagleg og økonomisk handlekraft til å kunne arbeide med visjon og målsettingar. Utvikling av ein modell for regionale knutepunkt var eitt av forslaga denne arbeidsgruppa la fram, og i desember 2024 vedtok styringsgruppa at ein skulle prøve ut dette.

Knutepunktmodellen skal på sikt vere berekraftig både fagleg og økonomisk, men for å kome dit er det behov for ein prosjektperiode som kan løfte klyngesamarbeidet til å omfatte fleire regionar. I løpet av våren 2025 utarbeidde difor Polyfons sekretariat ein søknad til Agenda Vestlandet – stiftinga frå Sparebanken Norge om støtte til oppbygging av regionale knutepunkt i Polyfon, i sør, aust og vest. 

Prosjektet fekk namnet OPPTAKT, då målet er at dette skal bidra til nasjonal oppskalering av musikkterapi, slik at musikk som helseressurs blir tilgjengeleg for fleire av dei som treng det og ønskjer det. Intensjonen er at regionane midt og nord vil bli del av eit seinare prosjekt, dersom OPPTAKT blir eit vellukka prosjekt og det er interesse i midt og nord.

10. november 2025 fekk Polyfon eit tildelingsbrev frå Agenda Vestlandet, der det går fram at stiftinga har avsett kr 7.530.000 i ei totalramme for prosjekt OPPTAKT, i perioden 2026-2028.

Kva er eit knutepunkt i Polyfon?

Eit regionalt knutepunkt i Polyfon-samanheng skal ha fokus på å utvikle tilbod og tenester innan musikkterapi og tilgrensande praksisar, supplert og støtta av forsking og utviklingsarbeid, brukar- og pårørandemedverknad og kompetanseoppbygging. For å realisere dette, skal det treårige prosjektet OPPTAKT:

  1. etablere ein funksjon som regional fagkoordinator i regionane sør, øst og vest
  2. rekruttere ca. seks eller fleire klyngedeltakarar i kvar region, fortrinnsvis med minst ein deltakar frå akademia, ein frå spesialisthelsetenesta og ein frå kommunesektoren, gjerne også andre aktørar
  3. byggje eit systematisk samarbeid mellom dei aktuelle klyngedeltakarane, innan kvar region og gjerne også mellom dei ulike regionane 
  4. etablere samarbeid som sikrar systematisk brukar- og pårørandemedverknad

Litt om arbeidet i prosjektet

Gjennom OPPTAKT vil vi byggje eit fruktbart samspel mellom nærleik og engasjement i regionale samarbeid og tyngde og gjennomslagskraft i nasjonal samordning. Godt samarbeid mellom regionale fagkoordinatorar og Polyfons sekretariatet og fellesorgan vert difor ein viktig suksessfaktor.

Aktivitetane i OPPTAKT byggjer på erfaringane som er gjort i Polyfon sidan 2015, der det har vist seg at eit samspel mellom akademia, tenester og brukarar/pårørande har hatt positiv effekt på kvalitet og omfang i fag- og tjenesteutvikling. 

Dei aktivitetane som er skisserte i Polyfons Strategi 2024-2030 – nemleg formidling, tenesteutvikling, forsking og utdanning – vil difor også vere sentrale i arbeid med å realisere OPPTAKTs målsettingar. 

Desse aktivitetane vil henge saman. Forsking og kjennskap til kunnskap gjennom formidling er føresetnader når tenestene set i gang prosessar som kan sikre solid tenesteutvikling. Gode tenester og god forsking føreset gode utdanningstilbod (osb.).

Polyfon og OPPTAKT skal fungere som ein «følgjebåt»: Klyngesamarbeidet skal støtte og stimulere fagutvikling og implementering, men det er klyngedeltakarane som har ansvar for dei aktuelle tenestene og forskings- og utdanningsaktivitetar.

Kontinuerleg formativ evaluering gjennom aksjonslæring/dialog og ei årleg summativ evaluering gjennom bruk av indikatordata skal sikre at prosjektet er på rett kurs og utviklar seg som intendert.