Polyfon-konferansen 2026 Del I
Polyfon-konferansen 2026 går over to dagar - først ein felles konferansedag med spennande plenumsprogram og mange parallelle foredrag, deretter ein seminar dag der ulike fagfelt og nettverk møtest parallelt for påfyll og erfaringsutveksling. Og musikk inngår sjølvsagt også i pakken, med Polyfon-konsert kvelden før. Set allereie no av både 12. og 13. november, og bli med oss på to innhaldsrike dagar!
Hovedinnhold
Tema for konferansen: Musikkterapilandet?
Temaet for Polyfon-konferansen 2026 speler på tittelen til rapporten Musikklandet, ei offentleg utgreiing med anbefalinger om framtidas musikkpolitikk og med tydelege forslag til tiltak for oppskalering av norsk musikkterapi (NOU 2025: 7).
Korleis ser det norske «musikkterapilandet» ut i dag, i lys av lokale og nasjonale moglegheiter og utfordringar? Bidrar musikkterapi til fellesskap og kulturell beredskap? Gjer musikkterapi ein forskjell i møte med helseutfordringane i samfunnet? I kva grad speglar norsk musikkterapi mangfaldet i landet vårt?
Vi inviterer no til å kome med forslag til bidrag, sjå Utrop for konferansebidrag.
Konferansedag 12. november
Program
Med atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
09.00-09.30 Dørene opnar – registrering, kaffi og frukt. Plakatutstilling i vrimlearealet "Storstuen"
PLENUM
09.30-09.45 Musikk av Optimistenes sangverksted
09.45-10.00 Opning/Opningshelsing
10.00-10.40 Plenumsøkt 1
10.40-11.10 PAUSE / betjent plakatutstilling i vrimlearealet "Storstuen"
11.10-11.50 Plenumsøkt 2
11.50-12.00 Film
12.00-12.50 LUNSJ
12.50-13.25 Parallellsesjon økt 1 (med pause/forflytting)
13.25-14.00 Parallellsesjon økt 2 (med pause/forflytting)
14.00-14.35 Parallellsesjon økt 3 (med pause/forflytning)
14.35-15.05 Møteplass / Parallellsesjon økt 4
15.05-15.25 PAUSE / plakatutstilling i vrimlearealet "Storstuen"
PLENUM
15.25-16.05 Plenumsøkt 3
16.05-16.10 Avslutning
Parallelle sesjonar / møteplass
Kvar presentasjon er på ca 25 minutt inkl. spørsmål/diskusjon, deretter 10 minutt pause til forflytting.
Sjangrar: (P)=presentasjon av praksis, (F)=presentasjon av forsking, (E)=presentasjon basert på erfaringskompetanse, (I)=innspel til refleksjon og diskusjon
Spor 1: Oppvekst og psykisk helse
12.50-13.15: (F) Mer enn mestring? Kulturfritid og psykisk helse blant ungdom
Ingelill Eide & Kenneth Larsen
13.25-13.50: (P) Felleskap og forskjell. Erfaringar frå gruppetilbod i musikkterapi for ungdom
Guro Parr Klyve
14.00-14.25: (P) Musikkterapi i vidaregåande opplæring
Simen Lagesen Krogstie, Nathalie Ponroy & Johannes Melhus Medlien
14.35-15.05: Møteplass Barn og unges oppvekst
Spor 2: Psykisk helse og rus, voksne
12.50-13.25: (F/E) Å blomstre gjennom sårbarhet
Bettina Flater, Anne Malerbakken & Silje Rasmussen Sandnes
13.25-13.50: (F) Musikkens frigjørende kraft innen rus- og psykisk helse
Hanna Elisa Haraldsen
14.00-14.25: (P) Musikklytting i musikkterapilandet
Monika Overå og Svein Fuglestad
14.35-15.05: Møteplass Psykisk helse og rus
Spor 3: Musikkterapi og medborgarskap
12.50-13.15: (F) Musikk som medborgerskap: Erfaringer fra Skranglefest
Lars Tuastad, Tora Söderström Gaden, Otto Gjesdal Kveinå & Daniel Grue Garcés
13.25-13.50: (F) Erfaringer med tretrinnsmodellen for musikkterapi og psykisk helse i Bergen
Lars Tuastad, Alexander Bjotveit Østerholt, Lars Tuastad, Vegard Wikne & Øystein Lydvo
14.00-14.25: (P) Rockovery Innlandet: Mulighetsrommet i en regional , musikkterapeutisk festkveld
Adrian Wangberg
14.35-15.05: Møteplass Eldrehelse
Spor 4a: Nye roller og samarbeid
12.50-13.15: (P) Musikkterapeuten som primærkontakt (case manager) i FACT-team
Merete Hagen
13.25-13.50: (P) Når konserthuset blir et utvidet terapirom
Eva Mari Andreasen & Audhild Wessmann
14.00-14.25: (P) Musikkterapi i praksis – erfaringer fra demensprosjekt i Stavanger kommune
Isabelle Dalhaug
Spor 4b: Musikkens skadepotensial
14.35-15.00: (F) More Than a Soundtrack
Megan Kovacs
Seminardag 13. november
Vi invitert alle fagmiljø og nettverk innan Polyfon-samarbeidet til å ta initiativ til å arrangere seminar dagen etter Polyfon-konferansen. Meir informasjon blir lagt ut så snart det er klart. Les meir om seminardagen her.
Polyfon-konsert. 11 november
Årets Polyfon-konsert blir 11. november om kvelden, i samband med GAMUTs 20-årsjubileum. Meir informasjon kjem etter kvart.
Strøyming 12. november
Best utbyte av konferansen får sjølvsagt dei som deltar fysisk, både p.g.a. av dei parallelle sesjonane etter lunsj og fordi pausepraten og nettverksbygginga alltid er ein viktig del av ein konferanse. Men med tanke på nasjonal rekruttering og behovet for å spreie kunnskap til heile landet, vil vi også leggje opp til ei enkel strøyming av programmet i plenumssalen, slik at folk (utan kostnad) kan følgje dette anten dei sit i Alta eller Arendal.
Lenke til strøyming: <lenke blir lagt ut her ca ei veke før konferansen>
Merk: Dersom det oppstår problem med strøymelenka over, vil vi gå over på back-up strøyming, bruk då denne lenka: <back-up-lenke blir lagt ut her ca ei veke før konferansen>
Kursgodkjenning
Polyfon-konferansen 2026 søkjer godkjenning hos Norsk psykologforening og Legeforeningen.
Universell utforming
Konferansestad (Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad)
- Konferansestaden er tilgjengeleg for rullestol.
- Det er trinnfri tilkomst til alle rom som vert brukt under konferansen. Alle rom som vert brukt ligg i første etasje / på bakkenivå.
- Konferanseregistreringen vil vere i "Storstuen" (foajeen), til venstre for HVLs hovudinngang, like ved Mimes Brønn.
Korleis kjem du deg til konferansestaden?
- Anten du kjem frå flyplassen eller Bergen sentrum, kan du ta Bybanen til campus. Bybanen stoppar like ved høgskulen, og bybanestoppet heiter Kronstad. Skal du frå sentrum til campus, er reisetida med Bybanen 10 minuttar. Reisetid frå flyplassen til Kronstad er 40 minuttar.
- Bybanen er tilgjengeleg for rullestolar.
- På Kronstad er det 11 HC-plasser, som kan nyttast kostnadsfritt dersom du har kommunalt HC-kort/parkeringsløyve.
Nedsett hørsel?
- Det er teleslynge i Mimes Brønn.
- Det er FM-sendar i romma som vert brukt til parallellsesjoner.
Kvilerom
Det er tilgjengeleg kvilerom for konferansegjestar: Kvilerom, ammerom og stellerom - Høgskulen på Vestlandet. Som de ser av oversikten på HVL sine seider, så er det fleire rom tilgjengeleg på kampus Kronstad. Det næraste er rom B225, som ligg i 2. etg like ved bakre/øvre dør til Mimes Brønn. Ved behov kan ein ta kontakt med konferanseansvarleg for å få låna nøkkelkort (spør ein av personane som går i raud Polyfon-tskjorte).
Astma/allergi?
- Alle konferanserom er teppefrie.
Om Polyfon-konferansen
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.
Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.
Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!

