Invitasjon: Ta initiativ til eit seminar!
Polyfon-konferansen inneheld med ein konferansedag planlagd av programkomiteen og ein seminardag som tar form etter dei initiativa som måtte kome frå klyngedeltakarane. I 2026 blir seminardagen fredag 13. november. Ta gjerne initiativ til eit seminar!
Hovedinnhold
Ein kan ta initiativ til eit arrangement under Polyfon-konferansens seminardag, sjå Faktaboksen til høgre. Her følgjer diverse informasjon.
Fagdagar og inspirasjonsseminar
Polyfon omfattar mange ulike praksisfelt og tverrfaglege forskingsområde. Det kan vere behov for å samle fagpersonar og/eller leiarar og/eller erfaringskonsulentar til seminar der ein deler erfaringar, formidlar kunnskap og utviklar nye idear.
Diskusjonar og arbeidsseminar
Praksisfelt og tverrfaglege forskingsfelt som musikkterapi / musikk & helse er i rask utvikling og det er mykje å diskutere. Kanskje er det også behov for å arbeide fram nye idear, planar eller dokument. Seminardagen kan gje gode rammer for dette!
Møtepunkt med Polyfons erfaringspanel
Polyfons erfaringspanel brukar å leggje eitt av sine to årlege fysiske møte til seminardagen av Polyfon-konferansen. Kanskje vil kontakt med panelet vere av verdi for arrangementet de tar initiativ til? Bruk panelet sitt kontaktskjema for å undersøkje om det er mogeleg.
Lokalitetar og tidsrammer
Polyfon har reservert lokale i UiBs læringsarena NG5 (i Nygårdsgaten 5 i Bergen). Her er det små og store rom, avhengig av behov, og gode areal for mingling og småprat. I andre etasje er det ei stor og romsleg kantine.
Vi har reservert lokala heile dagen, så det er rom for heildagsseminar med lunsj og pausar undervegs. Eller høver ideen din betre for eit halvdagsseminar eller eit kortare opplegg? Opplegget kan tilpassast behova
Kva kan du søkje om, korleis?
Somme opplegg kan gjennomførast utan særleg kostnad. Eller kanskje de har behov for å søkje om støtte til møtemat, reise og/eller honorering av ein føredragshaldar e.l.?
Bruk Polyfons ordning for formidlingsstøtte, der fristane er 1. mars, 1. juni og 1. oktober.
NB: Bruk søknadsskjemaet anten du søkjer om økonomisk støtte eller ikkje.
Roller og ansvarsfordeling
Polyfon er ansvarleg for å skaffe lokale og klynga dekkjer utgiftene knytte til dette. Dersom de tar initiativ til eit seminar, har de sjølve ansvar for innhald og gjennomføring, inkludert bruk av eventuell støttesum.
