Hjem
Det psykologiske fakultet
Master i arbeids- og organisasjonspsykologi

Jobbkonsulent

Elisabet har studert meir enn dei fleste, og har oppnådd tre grader ved UiB. Den samla kompetansen gjer ho til ein verdifull ressurs i attføringsbedrifta Furene AS, der ho nytter kunnskap om både kommunikasjon og psykologi.

Hovedinnhold

Eg får teste meg sjølv på eit kritisk publikum som er til dels prega av endringsmotstand.

Etter at ho var ferdig med mastergraden i 2015 fekk Elisabeth Kaldhol jobb i attføringsbedrifta Furene AS avdeling Ulsteinvik.

Ho jobber for personleg utvikling hjå arbeidssøkjarar, og for at alle som vil - og kan, får moglegheiter i arbeidslivet. Dette passa perfekt med Elisabet sitt eige personlege motto: Den som vil, får til. Stillinga som jobbkonsulent og kursleiar er den fyrste jobben ho fekk etter å ha fullført mastergrada i psykologi.

- Eg ser på meg sjølv som utruleg heldig som fekk denne moglegheita. Eg har fått det eg vil karakterisere som eit viktig samfunnsoppdrag i jobben som kursleiar på kurset Vegen vidare. Dette ansvaret tek eg med stort alvor. Kurset er for arbeidssøkjarar som har falt heilt ut av arbeidslivet og har litt større vanskar enn elles med å bli tilbakeført til ein ordinær kvardag.

Elisabet fortel at kursdeltakarane har til dels samansette og komplekse utfordringar. Det er hennar jobb å motivere dei og hjelpe dei med å byggje si eiga verktykasse for å lukkast i arbeidslivet, og å føle seg som ein del av samfunnet.

- Desse menneskja fortener at nokon viser tiltru til dei, forstår dei og deira utfordringar. Gjennom jobben min gir eg dei den støtta dei treng til å nå sine mål.

Bruker alt ho har lært i jobben

Som kursleiar har Elisabet stor fridom til sjølv å bestemme kursinnhaldet. Dette har ført til at det meste av pensumet frå studia inngår i kursplanen.

- Deltakarane får blant anna ein gjennomgang av dei praktiske sidene ved jobbsøking, som søknadsskriving og oppbygging av gode CVar, til dei meir "svevande" sidene ved arbeidslivet, som kulturforståing. For at kurset ikkje skal bli som ein ny skulegang for deltakarane, fokuserer eg mykje på praktiske øvingar i form av erfaringsbasert læring. Deltakarane har derfor fleire gonger i veka ulike caseøvingar, som har som mål å utfordre dei til å tenkje nytt om eigne erfaringar, eigen kompetanse, eige tankesett og ikkje minst mykje teambygging. Endringsleiing er eit av dei felta eg syns er mest spanande innan arbeidspsykologi, og sjølv om eg kanskje såg føre meg å arbeide med organisasjonsendringar under studia, er det å jobbe "hands-on" med kvar einskilt deltakar sin endringsprosess minst like spanande og lærerikt. Eg nyttar eigentleg alt eg har lært under studia: frå motivasjons- og personlegdomspsykologi, til lærdommen om dei juridiske rammene i arbeidslivet.

Ville studere psykologi, men ikkje bli psykolog

Elisabet starta å studere årsstudium i psykologi, men byta til språkstudiar. Psykologiinteressa ville ikkje sleppe taket, og brikkene falt på plass då ho oppdaga studieprogramma i arbeids- og organisasjonspsykologi.

- Som mange før meg, byrja eg på årsstudium i psykologi fordi eg tenkte at eg kanskje ville bli klinisk psykolog. I løpet av det fyrste året innsåg eg likevel fort at eg ikkje ynskte å arbeide med pasientar på den måten. Eg hoppa av, og fullførte ei bachelorgrad i engelsk, men det var heile tida noko i psykologien som trakk i meg. Då eg oppdaga bacheloren i arbeids- og organisasjonspsykologi, tenkte eg: Perfekt! Her kan eg nytte psykologien utan å vere klinikar, og eg kan få ein arbeidssituasjon som passar meg betre.

Då bachelorgrad nummer to var i boks, var ho ikkje i tvil: Det måtte bli mastergrad òg!

- Eg ville ta master, rett og slett fordi dei jobbane eg såg føre meg i framtida krev utdanning på dette nivået. Eg har ikkje angra på dette: Gjennom masterstudia i arbeids- og organisasjonspsykologi fekk eg eit utvida perspektiv på faget - og ikkje minst endra hovudinteressa mi seg, noko eg ikkje hadde sett føre meg på førehand. Desse fem åra med arbeids- og organisasjonspsykologi gjorde meg trygg på valet mitt, og eg kjenner meg sikker på at dette er eit fagfelt eg kjem til å trivs i livet ut.

100 % klar for arbeidslivet

Etter sju år med studiar ved Universitetet i Bergen, var Elisabet klar for å hoppe inn i arbeidslivet med absolutt alt ho hadde. Og ho har ikkje angra eit sekund!

- Det var fantastisk å endeleg få sjå den praktiske nytteverdien av pensum, og få sjå korleis ting fungerer 'i det verkelege liv". Det er godt å sjå at det som står i pensumbøkene faktisk kan ha ein reell effekt, men også at det ikkje alltid er like enkelt å få til. Ein må ta mange omsyn i arbeidslivet som ein gjerne ikkje tenkjer over som student. Blant anna er resultatansvar og økonomi to område eg ikkje såg føre meg på førehand at eg også måtte jobbe med.

For Elisabet var overgangen til arbeidslivet utruleg lærerik, men det var mange ting var annleis og som kravde tilpassing.

- Ein må vere førebudd på tøffe tak den fyrste tida som arbeidstakar. Ein må til dømes gjerne vente på andre partar, før ein sjølv kan fullføre ei oppgåve - noko som kan vere frustrerande når ein som student er van til at alt skjer i eige tempo. Dagane har ein tendens til å bli lange, og tidsfristane ein tendens til å verke altfor korte. Men som student var eg heldigvis flink til å strukturere min eigen kvardag, noko som har kome godt med i arbeidslivet, sjølv om ein også må lære seg å tilpasse seg kollegaer og andre aktørar.

Det er mykje å lære utanfor komfortsonen

Elisabet tilrår studentar til å tenke kreativt i forhold til jobb, og å vere open for at ein kan lære mykje av å gå litt utanom den vegen ein hadde sett føre seg. Som student ser ein gjerne for seg spesifikke arbeidsoppgåver eller arbeidsområde, men på vegen til Rom må ein gjerne ta avstikkarar som ein ikkje var førebudd på. Her meiner Elisabet at vi kan ha mykje å hente.

- Sjå på ei kvar erfaring som ei god erfaring - eller som eit trappetrinn på vegen mot det endelege målet. Kanskje endrar målet seg etterkvart også? Når ein har studert arbeidspsykologi, tenkjer ein gjerne at ein vil jobbe med "noko innan HR". Men HR kan vere så ufatteleg mykje meir enn det ei personalavdeling driv med. Eg såg ikkje føre meg at det var kursverksemd eg skulle drive med når eg var ferdig utdanna, men no er eg ufatteleg glad for at eg gjer nettopp det. Kursverksemd opnar for ei brei utnytting av kunnskapane mine, og eg får testa meg sjølv på eit kritisk publikum som er til dels prega av endringsmotstand.

Elisabet avrunder med følgjande oppmoding:

- Eg vil anbefale alle å utfordre seg sjølv til å gå ut av komfortsonen, og prøve noko litt annleis. Det er der den største læringa ligg!