Hjem
SDG Bergen (N)
BBNJ – BIOLOGISK MANGFALD

Ekspertar gav råd til UD

I eit eige møte om biologisk mangfald i verdshava gav forskarar og andre aktørar verdifulle råd til Utanriksdepartementet før viktige forhandlingar i FN om regulering av ressursutnytting på det opne hav.

Professor Sigrid Schütz (left) speaking in a panel discussion during the inaugural Ocean Sustainability Bergen Conference in October 2019.
HAVEKSPERTAR I BERGEN: Professor Sigrid Schütz var blant dei mange som la fram resultat frå eiga forsking då Utanriksdepartementets referansegruppe for dei såkalla BBNJ-forhandlingane besøkte Universitetet i Bergen. Her er ho avbilda på Ocean Sustainability Bergen Conference i oktober 2019.
Foto/ill.:
Eivind Senneset for University of Bergen

Hovedinnhold

Utanriksdepartementet besøkte Universitetet i Bergen for å få råd frå forskarar og ulike organisasjonar om dei såkalla BBNJ-forhandlingane, som no går inn i sin sluttfase. BBNJ er ei forkorting av biodiversity beyond national jurisdiction og er eit tillegg til Havrettstraktaten (UNCLOS), som Norge i si tid var pådrivar for å få etablert.

UD vil ha innspel i breidda

– Forhandlingsdelegasjonen til BBNJ har etablert ei referansegruppe, som er sett saman av aktuelle forskarar og interesserte aktørar frå næringsliv, frivillige organisasjonar og fleire for å sikre innspel i prosessen, seier professor Sigrid Eskeland Schütz frå Det juridiske fakultet på Universitetet i Bergen. Ho er ekspert på forvaltning av havområder, spesielt i kystsonen, og har arbeidet på dette feltet både nasjonalt og internasjonalt i ei rekke år.

Møtet 5. mars på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen var det tredje møtet med referansegruppa. Møtet var ope for alle med interesse. Tidlegare har det vore møte på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo og på Norsk senter for havrett ved Universitetet i Tromsø.

– Møta har hatt ein open del, der delegasjonen har orientert om forhandlingane og arbeidet der, og ein spissa del, der særlege tema i forhandlingane har stått i fokus, fortel Schütz.

– I den opne delen i Bergen orienterte statssekretær Jens Frølich Holte om Norge sine hovudprioriteringar i forhandlingane, og Kjell Kristian Egge (spesialrådgjevar om internasjonal rett i Utanriksdepartementet) om status før neste forhandlingsrunde.

Mange spørsmål vart diskutert

Ifølgje jussprofessoren gjaldt den spissa delen i Bergen Kunnskap i havforvaltning, der det var stilt spørsmål av typen: Korleis sikre at kunnskap leggjast vekt på i ein eventuell global organisasjon? Korleis unngå at forskinga politiserast? Vil etablering av ein vitskapleg komité fremje kunnskapsbasert havforvaltning? Kan vi dra vekslar på erfaringar frå andre fora? Og om konsekvensanalyser: Er utkastets avgjerder om konsekvensanalysar formålstenlege?

Deretter var det ope for innspel og spørsmål frå salen. Her kom aktørar som mellom anna Fiskebåt, Norges Rederiforbund og Greenpeace med sine synspunkt.

Framleis er mykje ope i forhandlingane om det ope hav. Noko også fleire av dei frammøtte peika på.

– Diskusjonen rørte meir overordna ved kva stilling ulike statar har til sentrale punkt i avtalen. Spørsmålet om det er truleg at ein kan nå ein avtale i det heile, vart kommentert på av Egge. Han understreka at sjølv om det framleis er mange alternativ på bordet, er det nok slik at om visse sentrale spørsmål fell på plass, vil mange av dei andre underliggjande problemstillingane løyse seg, fortel Schütz.

Mange innspel av ulik art

Innspela var mange og ulike ifølge jussprofessoren.

– Alt frå erfaringar med måtar å organisere havforsking og kunnskap på i ulike organisasjonar til måtar å sikre urfolkskunnskap, med potensiale for å verifiserast vitskapleg, i prosessane. Det var òg synspunkt på kva som er føremålstenlege måtar å organisere arbeid med konsekvensutgreiingar på, både om det bør vere flaggstaten som gjennomfører slike, staten der operatøren har registrert sitt selskap eller ein særleg oppnemnt myndighet, seier ho.

– Det vart av fleire peika på at utkastet er svakt kva gjeld strategiske konsekvensutgreiingar og skissert korleis reglane kan slå svært forskjellig ut, illustrert ved to moglege alternative scenario, bygd på eit utval av forslag til konsekvensutgreiingar i traktatutkastet.

Sistnemnte innspel var det Schütz sjølv som bidrog med basert på eiga forsking om marin forvalting.

Avslutningsvis takka Egge på vegne av forhandlingsdelegasjonen forskarfellesskapet for innspel undervegs i prosessen, og understreka betydinga av å kunne dra på eit større fagfellesskap i arbeidet med å sikre ein BBNJ-avtale.

Virtuelt senter for berekraftig hav

Professor Sigrid Schütz er eit av dei vitskaplege medlemmane av Ocean Sustainability Bergen, eit virtuelt senter for havforsking ved Universitetet i Bergen og som drifter universitetets oppgåver knytt til berekraftsmål 14, Liv under vatn.