Hjem
Senter for vitenskapsteori
Forskingsprosjekt

AFINO (Ansvarlig forskning og innovasjon i Norge)

AFINO er eit nettverks- og læringssenter for ansvarleg forsking og innovasjon og bedrifter sitt samfunnsansvar i Noreg.

Picture of leaves - official graphical profile for Afino
AFINO skal bygge nye læringsarenaer på tvers av fagfelt og sektorar.
Foto/ill.:
Unsplash

Hovedinnhold

AFINO fekk støtte frå Forskningsrådet i 2019 med føremål om å bygge opp ein lærings- og nettverksplattform for doktorgradskandidatar, postdoktorar og forskarar frå ulike bakgrunnar som tek opp problemstillingar rundt ansvarleg forsking og innovasjon (RRI) og bedrifter sitt samfunnsansvar (CSR) i Noreg.

Kva skal AFINO gjere?

Gjennom eit stort utval av aktivitetar, blant dei forskingsskule, workshops, konferansar og arrangement som oppfordrar til dialog mellom yrkesgrupper, industrisektorar og fagfelt, vil doktorgradsstudentar og forskarar få høve til å reflektere over og ha ein kritisk diskusjon om kva RRI og CSR betyr, og korleis dei på konkret vis kan inkludere desse konsepta i sine noverande og framtidige forskingprosjekt. AFINO har som mål å samle ulike typar kunnskap og kompetanseområde over tid. Slik kan doktorgradskandidatar og andre vere i ein konstant dialog med ulike innovasjonsaktørar som forskarar frå ulike felt, bedrifter, finansieringsskjelder og lovgivarar, og på denne måten utforske nye samarbeidsmetodar for å skape berekraftig og etisk sosial innovasjon og utvikling.

Involverte forskarar ved SVT

Anne Bremer er leiar for WP3: “The AFINO Research School,” som kjem til å utvikle og gjennomføre tverrfaglege emner om RRI og CSR for doktorgradskandidatar frå ulike fagfelt. Forskingsskulen kjem til å ta opp tema som vitskapshistorie- og teori, forskingsetikk, den sosiale kontrakten vitskap har med samfunnet, trippel/kvadruppel heliks-modellen for innovasjon og samhandlingane mellom vitskap, samfunn og lovgiving.

Matthias Kaiser deltek i WP3 i tillegg til å leie WP8: “Integritet, etikk og ansvar i RRI og CSR" i sin kapasitet som professor II ved NTNU. WP8 skal oppfordre til kritisk refleksjon, læring og dialog om statusen til forsking og bedriftsetikk i Noreg; hovudsakeleg via presentasjonar, førelesingar og breidt tilgjengelege bloggpostar.