Hjem
Senter for vitenskapsteori
Psykologi

Problemet med evidensbasert praksis i psykologi

Førstelektor ved Universitetet i Bergen, Henrik Berg, kritiserer evidensbasert praksis i psykologi i ny bok.

Framside bok: Evidens og etikk
– Hovedmotivasjonen for å skrive boka var å formidle delar av doktorgradsarbeidet mitt til eit breiare publikum, seier Berg.
Foto/ill.:
Fagbokforlaget

Hovedinnhold

Evidens og etikk: Hva er problemet med evidensbasert praksis i psykologi? kom ut på Fagbokforlaget i sommar og bygger på arbeidet Berg gjorde som doktorgradsstipendiat ved Senter for vitskapsteori (SVT), der han no er førstelektor. Han oppsummerer også bodskapen i boka i eit innlegg på Psykologisk.no. I følgje Berg var hovudmotivasjonen for boka å formidle delar av doktorgradsarbeidet sitt til eit breiare publikum. I tillegg inneheld boka ein del ekstramateriale; særleg om bakgrunnen for evidensbasert praksis i psykologi.

Eit vitskapsteoretisk arbeid

–  Evidensbasert praksis i psykologi blei vedteke då eg var om lag midtvegs i psykologistudiet. Dette førte mange av oss ut i ei fagleg krise, men vi var kanskje ikkje helt i stand til å grunngje skepsisen vår på ein god måte, seier Berg.

I tillegg til arbeidet hans på Senter for vitskapsteori, jobbar han også som klinisk psykolog. – Dei problema eg har avdekka i avhandlinga dukka først opp i det akademiske arbeidet mitt, men deler av motivasjonen og intuisjonane kjem nok frå erfaringar som klinikar, seier Berg.

– Arbeidet er likevel vitskapsteoretisk, og den viktigaste analytiske ressursen er filosofi.

Urovekkande lite kritikk av evidensbasert psykologi

I innlegget på Psykologisk.no hevdar Berg at evidensbasert psykologi har hausta urovekkande lite kritikk, og i boka skriv han litt om dette.

– Eg tenker på psykoterapifeltet som nokså splitta. På den eine sida har du dei som tørsta etter ei prinsipperklæring som evidensbasert praksis i psykologi. I følgje denne gruppa bør praksis instruerast meir eller mindre direkte av vitskap. På den andre sida har du ei gruppering som meiner at ei slik prinsipperklæring utvilsamt er eit feilsteg. Dei legg vekt på at praksisen er for kompleks og at vitskapen ofte har for låg kvalitet eller lite relevans.

Berg si hypotese er at dei to grupperingane ikkje snakkar så mykje saman, og at dei få diskusjonane som har vore har bore preg av stråmannsargumentasjon og tidvis liten vilje til forståing.

– Med det sagt, så synes eg det er bekymringsverdig at såpass mange ser ut til å ha akseptert ei så svak prinsipperklæring som denne. Ho burde ha blitt kritisert mykje meir inngåande og mykje tidlegare.

Retninga på terapien er viktigast

I følge Berg er det riktig å ha eit reguleringsprinsipp for verksemda til psykologar, men det må starte med eigenarten til psykoterapien, noko evidensbasert praksis ikkje gjer. Han argumenterer for ei prinsipperklæring som er omgrepsmessig konsistent og som tek på alvor at ulike element skal integrerast.

– Ein må byrje med å definere psykoterapi som ei etisk søking etter eit betre liv for pasienten. Vitskapleg evidens kan vere særs nyttig i denne samanhengen, men han kan aldri bli viktigast - det er retninga på terapien.

Åtvarar mot nytteetisk tenking i kombinasjon med teknologi

I boka åtvarar Berg mot den nytteetiske tenkinga evidensbasert praksis er utforma etter, og hevdar at ei slik type tenking kan få uhyrlege konsekvensar, spesielt i kombinasjon med teknologi.

– Visse versjonar av den nytteetiske tenkinga har ingen grenser for kva midlar vi kan ta i bruk for å oppnå meir netto lykke. Teknologi kan ofte vere forførande, slik at vi gløymer å diskutere potensielle farar.

Berg viser til to høgaktuelle dømer på slik teknologi:

– Redigering av genmaterialet er eitt døme. Vi veit lite om dei biologiske og politiske konsekvensane av slik terapi. Vi kan også tenke oss teknologiar som tilbyr ei nesten grenselaus overvaking, mykje meir ekstrem enn noko vi har sett så langt.

Håpar på diskusjon og haldningsendringar

Berg håpar at boka hans kjem til å skape diskusjon.

–  Forkjemparane for evidensbasert praksis i psykologi har gjerne hatt som strategi å sitte stille i båten. Det er jo litt merkeleg dersom dei har grunnar til å tru at evidensbasert praksis i psykologi er det beste prinsippet. Vi skeptikarar vil gjerne sjå argumenta deira.

Han trur også at boka kan bidra til endringar i haldninga til evidensbasert praksis blant norske psykologar.

–  Psykisk helsevern er i ei krise. Evidensbasert praksis i psykologi og den målstyringstenkinga han representerer må ta si del av skulda. Eg opplever at særleg dei unge er begeistra for bodskapen i boka. Dette er gledeleg, sidan det er dei som skal forvalte psykologien framover.

Det blir boklanseringLitteraturhuset i Bergen 28. oktober.