Hjem

Senter for vitenskapsteori

Hovedinnhold

Ida Bloms hus, side entrance

Senter for vitskapsteori (SVT) er ei tverrfagleg og interfakultær eining ved UiB med ansvar for forsking på, utdanning i og formidling av vitskapsteori.

Forskingsprofilen til SVT femner breidt, med fokus på kritisk refleksjon rundt tilhøvet mellom vitskap og samfunn. Senteret leier og deltek i forskingsprosjekt som studerer etiske og samfunnsmessige sider ved vitskap og teknologi.

SVT er medlem av det nasjonale fagrådet for vitskaps- og teknologistudiar og underviser i vitskapsteori og etikk i forskarutdanningane ved UiB. Senteret tilbyr også enkeltemner på bachelornivå, Danningsemner, og har programansvar for Mastergrad i berekraft.

Ønskjer du å vere på e-postlista vår? Send oss ein e-post!

Ny doktorgrad
Thor Olav Iversen

Korleis måler verda svolt?

Thor Olav Iversen disputerer 2.6.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Making world hunger legible".

Etikk i forsking
Roger Strand delivering his lecture in the Vatican

Vitskap for menneskeleg bløming

I opningsinnlegget sitt under årets generalforsamling i Det pavelege akademiet for livet utforska UiB-professor Roger Strand rollen etikk spelar i såkalla konvergerande teknologiar.

Studentvitnesbyrd
Portrett av ung mann i skogen

Kartlegg diskursane i Fosen-konflikten

Masterstudent i berekraft, Harry Lawford, skriv om diskursane i Fosen-konflikten og korleis alternative diskursar om naturvern og urfolksrettar kompliserer det grøne skiftet frå fossil til fornybar energi.

Ytring
Ei jente i samekofte med ropert

Fosen: et svart hull i konstitusjonen?

I denne kommentaren i Agenda Magasin diskuterer Kjetil Rommetveit korleis Fosen-saka kan analyserast saman med masterstudentane i berekraft: Kva seier denne saka om maktfordeling og demokrati?
Bærekraft
To kvinner i samtale i ein sofa

Bærekraftsstudent i praksis: – Man lærer utrolig mye på kort tid

I høst har Julie Strand Klausen, student på SVTs master i bærekraft, jobbet med bærekraftig finans som studentpraktikant hos Kommunal Landspensjonskasse (KLP) i Oslo. 

DANNINGSEMNER
Ideen bak danningsemna er å bygge universitetsfellesskap på tvers av etablerte faglege skiljelinjer og akademiske kulturar. Dette føreset at vi er i stand til å kommunisere på tvers av desse skiljelinjene og lære av kvarandre. På danningsemna meiner vi at dette bør starte tidleg i utdanningsløpet, men ikkje så tidlig at ein ikkje har rukke å forme ei fagleg haldning til kunnskap. I tråd med denne ideen blir danningsemna tilbydd til studentar frå alle fakulteta ved universitetet. Vi inviterer førelesarar frå ulike fag til å snakke om utfordringane vi reiser med utgangspunkt i deira respektive faglege perspektiv og forsking. Senter for vitskapsteori har det overordna faglege ansvaret for danningsemna. Du kan lese mer om emna her.

light bulb with earth

Kva er vitskapsteori?
Fagfeltet vitskapsteori  er definert som filosofisk, historisk og samfunnsvitskapleg forsking på den rolla dei ulike vitskapane spelar i samfunnet og på kunnskapsteoretiske og etiske sider ved vitskapleg forsking og bruken av slik forsking. I moderne vitskapsbaserte risikosamfunn er det eit påviseleg behov for kritisk refleksjon og konstruktivt samarbeid på tvers av ulike fagmiljø, ofte på tvers av tradisjonelle skiljelinjer. SVT har som si særlege oppgåve å ta seg av doktorgradsopplæringa i vitskapteori og etikk ved dei ulike fakulteta, også her med ein tverrfagleg profil.
I tillegg til samarbeid på regionalt og nasjonalt nivå har SVT eit omfattande internasjonalt samarbeid med kollegaer og nærståande fagmiljø i Europa, så vel som i Amerika og Asia.