Hjem
Universitetshagene
ORIENTGRAN

Den einsame orientgrana i Sandviken

Dag Olav Øvstedal

Orientgran i Sandviken
Orientgran i Sandviken
Foto/ill.:
Dag Olav Øvstedal

Hovedinnhold

Grana høyrer heime i vårt mentale landskap, mange har vakse opp med pynta grantre til jul. Men gran er ikkje berre gran, det er mange artar av dei.  Mange veit ikkje at også her i landet er det to artar, vanleg gran og sibirgran (nokre meiner at sibirgrana berre er ein underart av vanleg gran). Sibirgrana her i landet finst berre i eit lite område i Øvre Pasvik, og det er ganske få tre det er snakk om. Ein trur at dei to granene, vanleg gran og sibirgran, overvintra ulike stader under den siste istida: sibirgrana overvintra lenger mot nord og aust, og spreidde seg mot vest nordafor den vanlege grana, som overvintra lenger mot sør. Våre sibirgraner er den vestlegaste utposten i eit veldig stort utbreiingsområde, til langt aust i Sibir.

Vanleg gran er ikkje viltveksande på Vestlandet, bortsett frå på Voss og i Modalen. Men ein finn planta vanleg gran og blågran mange stader, og sitkagran er nærast blitt ein karakterplante i utmarka på Vestlandet.

I Sandviken står det eit einsleg grantre som tilhøyrer ein heilt annan art, nemleg orientgran (Picea orientalis).  Denne arten finn ein i Kaukasus og tilgrensande område i Tyrkia, og kan bli eit stort tre. Kjenneteikna på arten er mellom anna korte nåler (opp til 6 mm lange) og sers smale kongler. Nå er kanskje ikkje treet så ensamt, det skal finnast gamle orientgraner både på Moldegård og på Åstveit.

Oppdaginga av orientgrana i Sandviken syner noko av gleda ved å driva bybotanikk, ein veit aldri kva som skjuler seg i neste hage eller grøntanlegg.

Bergensarane har alltid, det vil seie frå dei første kålhagane på Bryggen til våre dagars krukker med prydplantar ved inngangsdøra, teke med seg frø og dyrka nyttige eller vakre plantar. Ein må sjå den flotte orientgrana i Sandviken i ein slik tradisjon.