Hjem
Universitetshagene
ledig stilling

Gartnar / sesongmedarbeidar 2022

Er du interessert i planter, natur og hagebruk? Likar du godt å arbeide ute? Vi treng ekstrahjelp til våre plantesamlingar. Søknadsfrist 25. februar.

Sommerhjelpannonse 2022
Utsetting av lauk på marken foran Lønningen lystgård i Bergen botaniske hage.
Foto/ill.:
Stine Elin H. Øvrebø

Hovedinnhold

Vi søkjer etter sesongmedarbeidarar (gartnarmedhjelparar) ved hagane på Milde og i Muséhagen (frå 4 - 6 veker til nokre månader). Hagane er organiserte under Universitetshagane (Arboretet - Bergen botaniske hage - Muséhagen), Universitetsmuseet, UiB. 

Arbeidsoppgåver:

* Luking og stell av plantesamlingane

* Slått med grasklippar, trimmar og slåmaskinar

* Utplanting

* Produksjon, stell og vedlikehald av veksthusplanter

* Anna gartnararbeid etter behov

* Arbeid i helgane kan bli aktuelt, som til dømes å hjelpe til under arrangement.

Arbeidstida på kvardager er kl 0730 - 1500.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Gartnarutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav. Vi søkjer etter deg som er positiv, sjølvstendig, arbeids- og samarbeidsvillig og over 18 år. 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte overgartnar Mladen Golubovic, tlf. +47 94878859 eller e-post mladen.golubovic@uib.no

Søknad med vedlegg skal sendast elektronisk gjennom www.jobbNorge. Sjå heile annonsen her:

https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/219693/gartner...