Hjem
Universitetshagene
Inndeling i temaer

3. Lappeteppet

Røsslyng, Calluna vulgaris

Hovedinnhold

Her presenterer vi lyng med stort fargespekter og variasjon heile året, men blomstringa er framhald av tema 2 og strekkjer seg over det meste av hausten. I Lappeteppet er det sortar av Calluna vulgaris (røsslyng) som dominerer. Sidan røsslyng er ein typisk haustblomstrar, er det vorte vanleg å kalla han for høstlyng", ein bruk vi håper vi klarer å stoppa, for det namnet er knytt til Erica vagans.

I Lappeteppet finst og fleire delfelt:

  • De fargerike består av ei samling røsslyng med eit stort fargespekter når det gjeld blad og greinverk. 
  • De trofaste er ei samling av dei sikraste sortane for våre norske tilhøve. 
  • Lappeteppet kallar vi og det største og mest innhaldsrike feltet av røsslyng. Dette store feltet presenterer eit rikt utval av blomsterfargar, blomsterformer som fylte eller knoppblomstrande etc., bladfarge og vekseformer.

Tilbake til lynghagen.