Hjem
Universitetshagene

Hovedinnhold

Julerose er vanlegvis er ein hagestaude som kan drivast fram til jul og ulike sortar har farger frå djupt røudt til kvite blomar. Vanlegvis vil julerosa ikkje bløme ute før tidleg vår, men andre arter av Helleborus kjem i blom ute før jul om vinteren er mild. Inne bør planta stå så lyst og kjølig som mogleg for at den ikkje skal strekke seg for fort.

Planta kjem frå kalkrike områder i Sør og Mellom-Europa og trives best i litt skugge. Helleborus tilhøyrer soleiefamilien og alle deler av planten er ekstremt giftige. Artsnamnet niger viser til den svarte rotsokken som blir brukt i homeopatmedisin.

Tekst: Alf Helge Søyland