Hjem
Universitetshagene
Inndeling i temaer

2. "Blomsterlyng"

Vårlyng, sommerlyng, klokkelyng, og purpurlyng

Hovedinnhold

"Blomsterlyng" er tema på venstre sida av vegen opp gjennom i Lynghagen. Her er det meininga å visa lyng med rikt og vakkert blomsterflor, særleg av slekta Erica der det finst eit stort utval av sortar. Temaet er fordelt over fire felt som på plankartet har fått eigne namn.

  • Vårlyng (Erica carnea) kjem fyrst i blomst. Den er den mest herdige arten, og er derfor planta ned mot parkeringsplassen der det er kaldast om vinteren. Han kjem frå fjellområde i Sentral- og Søraust-Europa, der han blomstrar rett etter snøen er borte. I vårt milde kystklima let dei seg lokka i blomst tidleg, alt i desember og januar kjem dei tidlegaste sortane, og dei held det gåande til ut i mai.
  • Sommerlyng er feltet over, der ei rad sortar av ulike lyngartar et planta. Første kjem munkelyng (Daboëcia) i slutten på juni månad, og får snart fylgje av fleire artar og hagehybridar av Erica. Me slit med å finna lyng som kan fylle gapet i bløminga frå mai til juni, men har planta nokre Rhododendron som kjem i denne tida. Det har óg vist seg vanskjeleg å finna artar som er hardføre nok i vårt klima. Til dømes er berre 19 aksesjonar av dei 69 me har planta ut Daboëcia framleis i live. Dei fleste kultivarane har vore kortlevde, men ein plante samle i Spania er framleis i god hevd, og ein og annan frøplante som har etablert seg på eigahand, kan syne seg å vera meir hardfør.
  • Klokkelyng med vener viser sortar av klokkelyng (Erica tetralix) og nokre hybridar der klokkelyngen er ein av foreldreartane. Klokkelyng er ein hardfør art som er vanleg i vår landsdel, men arten har ikkje vore den enklaste å få til å trivast i hagen. Av dei 55 aksesjonane vi har testa er berre 13 framleis i live. Vi er på jakt etter fargevariantar i vår eigen natur, og har samla nokre plantar lokalt kring Bergen. Fire av desse er i live.
  • Purpurlyng (Erica cinerea) er lite glad i vinterfrost og finst viltveksande berre heilt ytst langsmed kysten av Vestlandet. Nokre få har likevel vist seg herdige nok til trivast på dei luneste plassane i hagen. Berre ni av dei 94 aksesjonane me har testa er framleis i live, ein er ein frøplante som er komen opp i hagen, tre er samla i naturen på Vestlandet, og resten er hagesortar.

Tilbake til lynghagen