Hjem
Universitetshagene

Hovedinnhold

”Høgt heng dei og sure er dei”: det sa kanskje dronning Åsa frå Snorre sine kongesagaer. I Osebergskipet, kor ho truleg er gravlagt var det eple, men det var eple frå villapal, Malus silvestris, som er skikkeleg sure.

Epla som vi et i dag har eit heilt anna opphav. Ved hjelp av DNA-metodar har ein funne ut at den ville arten Malus sieversii er opphavet til dei moderne eplene, truleg er det og litt innblanding av villapal. Malus sieversii veks i Tien Shan og tilgrensande område, det vil seia i Kazaksta og nabolanda. I årtusen har ein selektert fram eplesortar, og ettrkvart vart dei ført til Europa. I 328 før Kr. sendte til dømes Alexander den store epletrær frå Kazakstan til Makedonia.

Her i landet kom epla med munkane, spesielt i Hardanger var det gode tilhøve for epledyrking.

Tilbake til Osebergskipet: i den norrøne mytologien er det mykje snakk om eple, til dømes i Edda-dikta. Men det må altså ha vore eple frå villapal. Elles dukkar epla opp i mytologi og religion mange stader i verda.

I alt er det kjend over 7500 ulike eplesortar i verda. Her i landet er det kjend over 400 sortar, mange truleg utdøydde allereie. Men det moderne konsumsystemet gjer at berre eit fåtal sortar er tilgjengelege på supermarknaden. Ein krev slike ting som god konsistens, riktig farge, god lagringsevne osb, noko som dei fleste av dei gamle sortane ikkje har, og som det derfor ikkje løner seg å dyrka. Men å ta vare på dei gamle sortane er viktig, både kulturhistorisk og av kulinariske grunnar.

Tekst: Dag Olav Øvstedal.