Hjem
Universitetshagene

Lokka fram av mild haust

Rhododendron succothii er vanlegvis den første raude storblomstra rhododendronarten tidleg på våren. Den er no blitt vekt til bløming i mildværet. Dette er fyrste gong me har observert bløming på denne arten i november, i følgje professor Per Magnus Jørgensen.

Blomane til Rh. succothii opnar seg på ei grein litt nede på busken.
Blomane til Rh. succothii opnar seg på ei grein litt nede på busken.
Foto/ill.:
Terhi Pousi

Hovedinnhold

Denne sjeldne arten frå Bhutan er den første me ser etter bløming på i milde periodar i mars. No midt i november har fleire knoppar på ei grein byrja å opne seg.  Truleg har knoppane fått nok vinterkvile etter nokre kalde dagar tidlegare i haust, og så har det relativt milde været lokka knoppane fram.  

Me har aldri oppdaga bløming på denne tidlege storblomstra vintergrøne arten så seint på hausten. Normalt er det den småblomstra og delvis lauvfellande arten Rhododendron dauricum frå Japan som byrjar å bløme på milde dagar i desember. Ein kan heller ikkje rekne dette som ei svært sein remontering som enkelte andre rhododendron artar syner i august-september. Rhododendron succothii har altså begynt vårsesongen 2013.

Du kan følgje med på om den rekk å opne seg med fortsatt mildvær, dersom du finn busken i Barbata-gruppa som står nedst mot vest, omtrent midt i artssamlinga i furuskogen ved Mørkevatnet. Me vil sette opp eit skilt frå den nedre stien i rododendronskogen.