Medisinsk teknologi (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Vil du vere med på å utvikle teknologien som formar framtidas helsevesen – ein av dei mest teknologitunge sektorane i samfunnet? På masterprogrammet i medisinsk teknologi kombinerer du teknologi og data med fysikk og kjemi for å utvikle nye løysingar innan diagnostikk, behandling og bedre helse.

Kva lærer du?

Medisinsk teknologi gir deg kunnskap om korleis moderne medisinske instrument fungerer og blir utvikla, og korleis teknologi kan omdanne store datamengder til ny medisinsk innsikt. Du lærer om medisinsk avbilding, stråleterapi, legemiddelutvikling og analyse av biologiske prøvar, samtidig som du opparbeider solid kompetanse innan programmering og dataanalyse. 

Studiet tek opp spørsmål som: 

  • Korleis kan vi stille presise diagnosar ved å analysere biologiske prøver? 
  • Korleis kan ny teknologi bidra til å utvikle legemiddel? 
  • Korleis kan vi fjerne kreftsvulstar raskt og skånsamt ved hjelp av stråleterapi? 
  • Korleis kan vi skape best mogleg bilete til medisinsk diagnostikk? 

Med denne utdanninga kan du utvikle framtidas medisinske teknologi, gjennomføre avanserte eksperiment og analysere data for å bidra til betre diagnostikk og behandling. 

Studiekvardag

Hos oss blir du del av eit godt studentmiljø med tett oppfølging. Du får ta del i mentorordninga ved UiB, som gir førsteårsstudentar ein tryggare og enklare studiestart. Gjennom ei gruppe studentmentorar får du støtte og hjelp til å bli kjend med studiet, campus og medstudentane dine. 

Du har det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum, men noko av undervisninga går òg føre seg på Haukeland universitetssjukehus. På campus har du tilgang til lesesalar, bibliotek, grupperom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar. UiB har òg ei rekkje studentorganisasjonar som arrangerer faglege og sosiale aktivitetar. 

I ei typisk veke har du 20–25 timar med undervisning i form av førelesingar, gruppetimar og praktiske øvingar, til dømes laboratoriearbeid. I løpet av studiet får du òg praktisk erfaring gjennom ein praksisperiode i arbeidslivet. 

Kva kan du jobbe som?

Med denne utdanninga kan du jobbe innan helse, forsking og teknologi, både i offentleg og privat sektor. 

Du kan til dømes arbeide i helseføretak og sjukehus som Helse Bergen, Helse Nord-Trøndelag og Rikshospitalet, eller ved forskingsinstitusjonar som Institutt for energiteknikk, NORCE og SINTEF. 

Du kan òg jobbe i teknologibedrifter og konsulentselskap som GE HealthCare, TietoEvry og PwC, eller i verksemder som utviklar medisinske produkt og nye behandlingsmetodar, som Bayer AG, Oncoinvent og Borregaard. 

Opptakskrav og søknadsfrist

Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 57.4
Primær kvote: 52.9

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Dette integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid. 

Studiet varer i fem år, altså 10 semester. I kvart semester tar du tre emne. På dei tre første semestera har alle studentane på programmet dei same emna, og i fjerde semester kan du velje å fordjupe deg i kjemi eller fysikk. 

Det siste året av utdanninga skal du skrive masteroppgåve. Du vil få tett fagleg rettleiing, og det er gode moglegheiter for å gjennomføre masterprosjektet i samarbeid med ei bedrift. Dette er eit større sjølvstendig vitskapleg arbeid som det tar eitt år å gjennomføre. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester (haust):   

KJEM110 - Kjemi og energi (10 studiepoeng) 

MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 

MTEK100 - Innføring i medisinsk teknologi (10 studiepoeng) 

2. semester (vår):  

INF100 - Programmering I (10 studiepoeng) 

PHYS111 - Mekanikk 1 (10 studiepoeng) 

MAT121 - Lineær algebra (10 studiepoeng) 

3. semester (haust):  

INF161 - Innføring i data science (10 studiepoeng) 

PHYS112 - Elektromagnetisme I (10 studiepoeng) 

BMEDFYS - Menneskets fysiologi (10 studiepoeng) 

 4. semester (vår):  

MAT102 - Brukarkurs i matematikk II (10 studiepoeng) eller 
MAT112 - Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng) 

MTEK200 - Praksisutplassering i Medisinsk Teknologi (10 studiepoeng) eller Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng) 

Vel studieretning (fordjuping) 

KJEM130 - Kjemispesialisering: Organisk kjemi (10 studiepoeng) 

PHYS114 - Fysikkspesialisering: Grunnleggande målevitskap og eksperimentalfysikk (10 studiepoeng) 

 5. semester (haust):  

KJEM225 - Planlegging av eksperiment og analyse av fleirvariable data (10 studiepoeng) eller STAT110 - Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng) 

MTEK200 - Praksisutplassering i Medisinsk Teknologi (10 studiepoeng) eller Examen philosophicum (10 studiepoeng) 

KJEM124 - Kjemispesialisering: Kjemisk syntese og analyse (10 studiepoeng) 

PHYS119 - Fysikkspesialisering: Moderne fysikk II (10 studiepoeng) 

 6. semester (vår):  

INNOV201 - Innovasjon ved designtenkning (10 studiepoeng) 

KJEM250 - Kjemispesialisering: Analytisk kjemi (10 studiepoeng) og 
KJEM260 - Radiokjemi og radioaktivitet (10 studiepoeng)  

PHYS212 - Fysikkspesialisering: Fysikk i medisinsk diagnostikk (10 studiepoeng) og PHYS231 - Strålingsfysikk (10 studiepoeng) 

 7. semester (haust):  

INF264 - Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng) 

HTEK201 - Måleteknologi (10 studiepoeng)  

MTEK330 - Kjemispesialisering: Kvalitetssikring av kjemiske analysar (10 studiepoeng) eller 
KJEM231 - Vidaregåande organisk kjemi (10 studiepoeng) 

PHYS213 - Fysikkspesialisering: Medisinsk fysikk i stråleterapi (10 studiepoeng) 

 8. semester (vår):  

MTEK399 - Masteroppgåve

Valemne (20 studiepoeng) 

 9. semester (haust):  

MTEK399 - Masteroppgåve

MTEK320 - Kjemispesialisering: Flow kjemi og teknologi (10 studiepoeng) 

HTEK202 - Fysikkspesialisering: Laboratoriekurs i måleteknologi og instrumentering (10 studiepoeng) 

10. semester (vår):  

MTEK399 - Masteroppgåve

Utveksling

Du kan reise på utveksling i sjette, sjuande eller åttande semester og studere ved ei rekke utdanningsinstitusjonar som Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har utvekslingsavtalar med.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 90 10
E-post: mtek@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør)