Hjem
Det psykologiske fakultet
Informasjon om valsemester til profesjonsstudentar i psykologi

Profesjonsstudentar i valsemester (B-kull)

Om du skal ta eit valsemester i ditt 5. semester på profesjonsstudiet i psykologi, kan du reise på utveksling og velje valfrie emne ved universitetet du utveksler til. Du kan òg velje å ta observsjonspraksis i Ghana eller feltpraksis i til dømes Nepal og Vietnam. Om du velje å bli i Noreg kan du forske eller ta opne emne innan andre fagområde ved UiB, eller som hospitant ved andre universitet og høgskular.

African sunset with elephants
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Profesjonsstudentar i psykologi har eit valsemester i 5. semester om dei veljer B-kull, og dei vil då kunne velje mellom fleire typer utveksling. Du kan reise på tilrettelagt utveksling til land i Afrika og Asia som til dømes Ghana, Nepal og Vietnam, eller du kan velje å reise på vanlig utveksling i Europa og resten av verda saman med andre studentar frå UiB. Om du ikkje ynskjer å utveksle kan du forske eller ta opne emne ved UiB, eller som hospitant ved andre universitet og høgskular i Noreg.

Global Psychology 

Det psykologiske fakultet kan tilby opptil 6 profesjonsstudentar i B-kull emne PSY303 Global Psychology på 30 studipoeng med utveksling i 3 månader til Universitetet i Ghana i hovudstaden Accra. Under utvekslingsopphaldet vil du bo på campus, og delta på observasjonspraksis saman med ghanesiske psykologistudentar 4-5 dager i veka til sjukehus og institusjonar i, og i nærleiken av, Accra. Du vil òg få moglegheit til å fylgje tematiske forelesningar på campus saman med internasjonale og lokale studentar. Her finn du meir informasjon om emnet PSY303 Global Psychology. Søknadsfrist for emnet Global Psychology er 1. februar.

Hausten 2019 reiste fem profesjonsstudentar frå B-kull på observasjonspraksis til Ghana. I et intervju med Studvest fortel dei kvifor dei samla inn penger i Norge til pasienter som blei holdt fanga på sjukehus i Accra fordi dei ikkje hadde penger til å betale for sjukehusopphaldet.

Hausten 2023 er det 8 profesjonsstudentar som tar PSY303 Global Psychology i Ghana. Dei har observasjonspraksis ved fem ulike sjukehus, klinikkar, og skular.

Global mental helse og krisepsykologi

Senter for krisepsykologi kan tilby 8-10 profesjonsstudentar i B-kull eit internasjonalt semester på 30 studiepoeng med to spennande emne der feltpraksis i 4-6 veker til Nepal og Vietnam inngår som ein del av semesteret. Informasjon om det internasjonale semesteret finn du her.

Informasjon om feltpraksis i Nepal 

Informasjon om feltpraksis i Vietnam 

Utveksling til universitet i Europa og resten av verda

Profesjonsstudentar i psykologi som veljer B-kull er studentar ved UiB så lenge dei betaler semesteravgift og registerer seg som student ved UiB. Du kan dermed velje å reise på eit vanlig utvekslingsopphald til eit universitet i Europa, Oseania, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Afrika og Asia. Utveksling utanfor Europa krever eit karaktersnitt på C, og karakteren 4 eller betre frå vidaregående skule. Du må hugse å søkje om utveksling innan søknadsfrist den 1. februar.

Du finn informasjonen om utveksling ved UiB på denne nettsida. Ta kontakt med internasjonal koordinator ved Det psykologiske fakultet for meir informasjon om land og universitet du ynskjer å utveksle til.

Ynskjer du å bruke valsemesteret til å forske?

I samarbeid med Norsk Forskingsråd lyser Det psykologiske fakultet ut midlar til studentstipend to gangar årleg. Stipendet er meint til å stimulere studentar til å forske, og dermed styrkje grunnlaget og moglegheitane til ei vidare forskerkarriere. Stipendet kan tildelast frå og med 3. studieår for eit eller to semester. Studentar kan få tildelt så mykje som 100 000 kroner for fulltidsforsking i to semester.

Meir informasjon om studentstipend finn du på denne nettsida.

Åpne emne ved UiB

Om du ynskjer å studere vidare ved UiB kan du velje å ta opne emner ved Det psykologiske fakultet og andre fakultet ved UiB. Informasjon om emne som ikkje krev forkunnskap/opne emne for alle med ein studierett ved UiB, finn du på nettsida  til studieprogramma ved dei respektive fakulteta.

Du vil til dømes finne fleire spennande opne emne innan sosialantropologi, sosiologi, filosofi, religion, digital kultur, og musikk.