Hjem
Det psykologiske fakultet
Studiereglement

Utfyllande reglement i utdanningssaker for Det psykologiske fakultet

Vedteke i fakultetsstyret 7.desember 2023. Gjelder frå 01.01.2024.

Hovedinnhold

"Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen" finn du i faktaboksen til høgre. Dei utfyllande reglane må sjåast i samanheng med denne forskrifta.

Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne

§ 3-1 Oppretting, nedlegging og endring

Til (4)

Endringar i studieprogram og studieretningar skal meldast innan frist til EPN og bli handsama av fakultetsstyret.

Til (6)

Ved nedlegging av emne blir vurdering tilbode i de to påfølgande semester etter at emnet er avvikla.

Kapittel 4. Studierett

§ 4-5 Tap av studierett

Til (1) C

Studentar som får opptak til eit anna studieprogram ved Universitetet i Bergen, og ønskjer å behalde sin opphavlege studierett ved Det psykologiske fakultet, må søkje om dette.

Søknaden skal være motteken før frist for semesterregistrering.

§ 4-6 Utdanningsplan

Til (2)

Ved studieplanendringar må studentane rette seg etter dei overgangsordningane som gjeld for studieprogrammet. Fakultet kan utarbeide individuelle utdanningsplanar for studentar som det gjeld.

Søknad om avvik frå normal studieprogresjon og deltaking på emne utanom eiga kull, vert behandla av fakultetet i samråd med institutta.

Ved avgrensa plassar vert studentar prioritert i følgjande rekkefølgje:

  1. rettighetspermisjonar
  2. utvekslingsstudentar
  3. andre

Eventuelle krav til forkunnskapar må vera oppfylt. Sjå emneskildringa for informasjon om krav til forkunnskapar.

Ein student på profesjonsstudiet i psykologi som går opp til ny/utsett eksamen, kan likevel fortsette å følge undervisning (med sitt kull) til sensur er fallen, ev. til klagesensur føreligger, men må da avbryte semesteret dersom endeleg sensur er F/"ikkje bestått". Dersom det av praktiske og faglege grunner ikkje er mogleg å følge undervisninga påfølgande semester, vert studenten flytta ned eit kull.

Til (3)

For bacheloroppgåver, masteroppgåve og hovudfagsoppgåve skal rettleiingskontrakt inngå i anten utdanningsplan for programmet, eller emneplanen for emnet med fastsette fristar for innlevering av signert kontrakt.

Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

§ 5-1 Søknad

Til (2)

Søknadar om redusert progresjon skal berre innvilgast dersom studieplanen gir rom for det og dersom det føreligger viktige velferdsgrunnar, tvungen verneplikt eller tyngande verv i studentpolitiske organ og lignande. Redusert progresjon kan også innvilgast av faglege grunnar. Grunnlaget for søknad om redusert progresjon må dokumenterast.

Vilkåra for å få innvilga utsett studiestart er dei same som vilkåra for å få innvilga permisjon, jf. § 5-2 (1)

Det vil ikkje innvilgast permisjon/utsett studiestart til nye studentar på grunnlag av lønna eller ulønna arbeid ved oppstarten av studiet. Søkjaren vil bli oppmoda til å søke nytt opptak ved seinere anledninger.

§ 5-3 Pause frå studia

Til (3) (a)

60 studiepoeng i utdanningsplanen må vera bestått før ein kan få innvilga pause frå studiet.

Studentar på profesjonsstudiet i psykologi har berre høve til å søkje inntil 2 semester pause før dei starter preklinisk praksis og to semester etter endt preklinisk praksis.

Dersom studentar søkjer pause før intern klinisk praksis (8. semester) må søknaden sendast innan 1. mai/ 1. november føregåande semester.

§ 5-4 Tilrettelegging av undervisning og eksamen

Ved heimeeksamen og skriftlege obligatoriske aktivitetar blir vanlegvis gitt følgjande forlenging:

Ved 1 times varigheit blir det gitt 15 minutt ekstra tid.

Ved varigheit frå to og opp til fire timar blir det gitt 30 minutt ekstra tid

Ved varigheit på 4-24 timar blir 1 time innvilga ekstra tid.

For heimeeksamenar og skriftlege obligatoriske aktivitet med ei varigheit frå 24 til 72 timar, blir det innvilga normalt eit tillegg på inntil 25% av ordinært oppsett tid, men ikkje over 12 timar.

For heimeeksamenar, semesteroppgåver og andre skriftlege obligatoriske aktivitetar med varigheit utover 72 timar, blir det normalt ikkje innvilga utvida tid i forkant, men det kan givast inntil 48 timar ekstra tid ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande grunnar som beskrive i § 5-5.

Til (5)

Studentar som har behov for tilrettelegging av praksis, bør søkja om tilrettelegging seinast 1. mai/november i det førre semesteret. Dette for å sikra at søknaden blir behandla i tilstrekkeleg tid før perioden for praksisutplassering på dei respektive emna.

§ 5-6 Rettar ved gyldig fråvær

Til (3)

Særskilt for bacheloroppgåve - Når spesielle forhold som langvarig dokumentert sjukdom, fødsel eller langvarig fråvær av rettleiar i semesteret gjer seg gjeldande, kan fakultetet etter søknad gi inntil 5 dagars utsetjing.

Særskilt for master og hovudfagsoppgåve - Når spesielle forhold som langvarig dokumentert sjukdom, fødsel eller langvarig fråvær av rettleiar i siste semester gjer seg gjeldande, kan fakultetet etter søknad gi inntil 14 dagar utsetjing. Eventuelle andre søknader om utsetjing på fagleg grunnlag må dokumenterast med uttale frå rettleiar eller andre fagpersonar.

Til (4)

Det blir ikkje tilbode eksamen eller vurdering i undervisningsfrie semester i:

  • Rettleidde oppgåver (semester-/bachelor-/masteroppgåver)
  • Ikkje-rettleidde oppgåver
  • Vurdert praksis
  • Emnar som er bestått på grunnlag av frammøte eller undervisningsaktivitet.

Dette gjeld også dersom nokon av desse vurderingsformene inngår i mappe eller blir gjennomførte som ein gruppeeksamen.

Unntak frå dette kan gjerast i emneskildringa for emnet.

For studentar med gyldig fråvær i emne som berre har vurderingsformene munnleg eksamen, prøveforelesing, skriftleg skuleeksamen og heimeeksamen, eller kombinasjonar av desse, blir eksamen tilboden i det etterfølgjande vurderingssemesteret.

For profesjonsstudiet i psykologi, blir kontinuasjonseksamen tilboden i emne med skuleeksamen eller heimeeksamen som vurderingsform for studentar med gyldig fråvær eller ikkje bestått resultat så raskt som mogleg.

§ 5-7 Prinsipper for godkjenning

Ved godkjenning av tidlegare utdanning kan fakultetet fastsetja individuelle utdanningsplanar.

Kullplassering etter godkjenning av tidlegare utdanning i enkeltemne eller heile studieår på profesjonsstudiet i psykologi er avhengig av ledig plass.

Ved godkjenning av emne, teke på utveksling, må minst 2/3 av innhalda i emnet dekkja innhaldet i emnet det skal innpassast for. Studiepoeng teke gjennom utveksling må dokumenterast.

Kapittel 6. Undervisninga

§ 6-1 Studieåret

Til (5)

På heimeeksamen vert søndag rekna som ein eksamensdag.

§ 6-5 Tilgang til undervisning

Til (5)

Studentar som tek emne ved Det psykologiske fakultetet som tidlegare er bestått, har ikkje krav på å få rettleiing på nytt i dette emnet. Det gjeld for alle emne der rettleiing er ein del av undervisningsforma.

§ 6-7 Særskild om bachelor- og masteremne

Til (2)

Rettleiingskontraktar skal signerast av partane og leverast innan dei fastsette fristane som er sett i emnet.

Bacheloroppgåven:

Rettleiingskontrakten seier kven som er rettleiaren til studenten, kor mange timar rettleiing studenten har krav på og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student.

Hovudrettleiar skal normalt sett vera tilsett ved Det psykologiske fakultetet.

Masteroppgåvar og hovudoppgåvar:

Rettleiingskontrakten seier kven som er rettleiaren til studenten, kor mange timar rettleiing studenten har krav på og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student.

Hovudrettleiar skal normalt sett vera tilsett ved Det psykologiske fakultetet. Rettleiingsrett blir definert innanfor normert studietid og skal komma fram av studieplan og rettleiingskontrakt. Talet på timar rettleiing avheng av omfanget på masteroppgåva.

Kapittel 7. Eksamen

§ 7-4 Gjennomføring av eksamen

Til (1) C

Tillatne hjelpemiddel må leverast inn for kontroll ved Det psykologiske fakultetets informasjonssenter seinast ei veke før eksamen. Tillatne hjelpemiddel er definerte i emneskildringa.

Til (2)

Emneansvarleg eller faglærar skal vera tilgjengeleg dei to første timane av skuleeksamen og kunne kontaktast på telefon under eksamen ved spørsmål knytte til oppgåveteksten.

§ 7-5 Munnleg, praktisk, utøvande eller skapande eksamen

Viss munnleg vurdering blir nytta saman med masteroppgåva, skal munnleg eksamen vera justerande.

Ved justerande munnleg eksamen har kandidaten krav på å få vita resultatet på det tidlegare skriftlege arbeidet før den munnlege eksamenen byrjar.

Det er eit vilkår at det skriftlege arbeidet er bestått for at det skal bli halde justerande munnleg eksamen.

§ 7-8 Eksamen i nedlagte emner

Til (1)

Studentane som høyrer til programmet skal gjerast kjent med plan for utfasing av nedlagde emne, og siste moglegheit for vurdering.

Eksamen er open for alle studentar som har aktiv studierett og tidlegare har vore undervisningsmeldt i emnet og som framleis har gyldig obligatorisk aktivitet.

Kapittel 8. Eksamensforsøk

§ 8-1 Talet på forsøk

Til (1)

Det psykologiske fakultetet kan gi dispensasjon frå regelen om talet på vurderingsforsøk éin gong føresett at:

  • emnet er teke tre gonger utan gyldig resultat (stryk, ikkje møtt, avbrot), og
  • emnet er obligatorisk i utdanningsplanen for studieprogrammet eller er eit krav til forkunnskapar for obligatoriske emne i ei grad.

Begge krav må vera oppfylt. Det blir ikkje gitt dispensasjon for emne som har praksis som vurderingsform.

Til (3) A

I emne som har praksis som vurderingsform, gjeld ei øvre grense på to vurderingsforsøk.

§ 8-2 Teljande forsøk

Til (3)

I emne kor godkjende arbeidskrav/mappevurdering/praksis utgjer vurderingsform blir trekkfrist sett to veker før oppstart av obligatorisk aktivitet/oppgåve eller praksis.

§ 8-3 Avbroten eksamen

Til (2)

Det defineres i eksamensoppgaven om brudd på formelle krav til eksamen reknast som ikkje levert.

§ 8-4 Kontinuasjonseksamen

Kontinuasjonseksamen er også open for studenter som har aktiv studierett og gyldig obligatorisk aktivitet i emnet. Sjå punkt 5-6 (4).

Ordinær tidleg eksamen er open for alle med gyldige arbeidskrav og som tidlegare har vore undervisningsmeldt i emnet.

Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

§ 9-2 Vurderingsuttrykka

Til (1)

Emne som har praksis som vurderingsform, skal ha vurderingsuttrykk bestått/ikkje bestått.

§ 9-6 Grunngiving

Til (2)

Sensor avgjer sjølv om begrunnelse skal bli formidla munnleg eller skriftleg.

§ 9-8 Sensorar

Ein av sensorane må vera tilsett ved Det psykologiske fakultetet.

Minst ein av sensorane må ha doktorgrad/fullført *phd. eller ha førsteamanuensiskompetanse.

For master og hovudfagoppgåver; ved sensurering av hovud-/masteroppgåver skal rettleiar ikkje vera medlem av kommisjonen.

Kapittel 10. Grader

§ 10-3 Samansetjing av bachelorgrad

Til (1)

På bachelorprogramma ved fakultetet kan ikkje emne på studienivå 70 (til dømes exfac-emne og eventuelle andre emne som tilsvarar dette) inngå som valfrie studiepoeng. Innpassing av innføringsemne frå andre fakultet eller andre lærestadar, vert vurdert individuelt.