Home
Faculty of Psychology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studiereglement

Utfyllande regler i utdanningssaker for Det psykologiske fakultet

Vedteke i fakultetsstyret 11. juni 2026. Gjelder frå 01.08.2026.

Main content

"Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen" finn du i faktaboksen til høgre. Dei utfyllande reglane må sjåast i samanheng med denne forskrifta.

Kapittel 1: Føremål og verkeområde

§ 1-3 Delegering

Dekan kan vedta mindre viktige endringar i dette reglementet. Slike endringar kan berre bli gjort etter høyring hos institutt og senter og Psykologiske Studentforening (PSF).

Kapittel 2: Organisering av studia

§ 2-2 Studieprogram

Til (2) J

Studieplanen til studieprogrammet regulerer den obligatoriske rekkjefølgja for emna.

Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne

§ 3-1 Oppretting, nedlegging og endring

Til (4)

Institutt og senter melder endringar i studieprogram og studieretningar innan fristen i EPN. Fakultetsstyret vedtek endringane. 

Til (6)

Ved nedlegging av emne blir vurdering normalt tilbode i de to påfølgande semester etter at emnet er avvikla. 

Kapittel 4. Studierett

§ 4-1 Opptak til studium

Studentar på årsstudium og programstudentar ved Universitetet i Bergen kan innan 1. juni søkje overgang til følgjande bachelorprogram: 

  • Bachelorprogram i generell psykologi 
  • Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi 
  • Bachelorprogram i pedagogikk 

Søkjarane skal fylle opptakskrava for det programmet dei søkjer overgang til.

§ 4-2 Studierett

Poststudium: Fakultetet kan etter søknad innvilge studentar som har fullført ein grad ved fakultetet, poststudierett i inntil eitt år etter at graden er oppnådd, fram til neste opptak gjennom Samordna opptak. Søknadsfrist er 15. august og 15. januar. 

Hospitering: Fakultetet kan etter søknad innvilge studentar med aktiv studierett ved ein annan akkreditert høgare utdanningsinstitusjon i Noreg, hospitering ved Det psykologiske fakultet for å ta opne emne. Søknadsfrist er 15. august og 15. januar. Studenten må søkje på nytt for kvart semester. 

Ein hospitant kan ta inntil 60 studiepoeng over eitt år.

§ 4-3 Forventningane og pliktene til studenten 

Til (1) D

Studentar skal gjere seg kjende med dei etiske retningslinjene for utdanninga og profesjonen.   

§ 4-5 Tap av studierett

Til (1) D

Studentar som får opptak til eit anna studieprogram ved Universitetet i Bergen og ønskjer å behalde sin opphavlege studierett ved Det psykologiske fakultet, må søkje til fakultetet om dobbel studierett.   

Fakultetet kan gje dobbel studierett i inntil to semester, dersom det opphavlege studieprogrammet ikkje har emne der praksis inngår som eksamensform i dei semestera dobbel studierett skal gjelde. 

Søknaden skal være motteken før fristen for semesterregistrering.

Til (3)

Fakultetet kan inndra studieretten til studentar på profesjonsstudiet i psykologi som er meir enn to år forseinka samanlikna med normert progresjon. 

§ 4-6 Utdanningsplan

Til (2)

Dersom fakultetet vedtar endringar i studieprogram eller emne, skal studentane rette seg etter dei overgangsordningane som gjeld. Fakultet kan justere utdanningsplanar for studentar som blir råka av slike endringar. 

Fakultetet behandlar søknad om endring av utdanningsplan i samråd med institutta.   

Ved avgrensa plassar skal studentane prioriterast i denne rekkefølgja:  

  1. Studentar som har vore i permisjon  
  2. Utvekslingsstudentar  
  3. Andre 

Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

§ 5-1 Søknad

Til (2)

Fakultetet avslår søknader om utsett studiestart når grunngivinga er løna eller uløna arbeid. 

§ 5-4 Tilrettelegging av undervisning og eksamen

Ved heimeeksamen og skriftlege obligatoriske undervisningsaktivitetar innvilgar fakultetet normalt føljande utvida tid: 

  • Ved ei varigheit på 1 time blir det gitt 15 minutt ekstra tid.  
  • Ved varigheit frå 2 og opp til 4 timar blir det gitt 30 minutt ekstra tid 
  • Ved varigheit på 4-24 timar blir det innvilga1 time ekstra tid.  
  • For heimeeksamenar og skriftlege obligatoriske undervisningsaktivitetar med varigheit frå 24 til 72 timar, blir det innvilga normalt eit tillegg på inntil 25% av ordinært oppsett tid, men ikkje meir enn 12 timar.  

For heimeeksamenar, semesteroppgåver og andre skriftlege obligatoriske undervisningsaktivitetar med varigheit utover 72 timar, blir det normalt ikkje innvilga utvida tid på førehand., Det kan likevel givast inntil 48 timar ekstra tid ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande grunnar som omtala i § 5-5.  

Fakultet behandlar berre søknader som er mottatt innan fristen for innlevering.  

Til (5)  

Studentar som treng tilrettelegging av praksis, bør søkja seinast 1. mai/november i det førre semesteret. Dette for å sikra at søknaden blir behandla i tilstrekkeleg tid før perioden for praksisutplassering på dei respektive emna.  

§ 5-6 Rettar ved gyldig fråvær

Til (1)

Ved gyldig fråvær, tilbyr fakultetet ny eller utsett obligatorisk undervisningsaktivitet éin gong før eksamen i det aktuelle semesteret.    

Til (3)

Når særlege forhold som langvarig dokumentert sjukdom, fødsel eller langvarig fråvær av rettleiar i semesteret gjer seg gjeldande, kan fakultetet etter søknad normalt gi:  

  • inntil 5 dagar utsetjing for semester- og bacheloroppgåve  
  • Inntil 14 dagar utsetjing for master og hovudoppgåve  

Andre søknader om utsetjing på fagleg grunnlag må dokumenterast med uttale frå rettleiar eller andre fagpersonar.  

Til (4)

Reglar for kontinuasjonseksamen og ordinær tidleg eksamen (ny eksamen) går fram av emneskildringa. 

§ 5-7 Prinsipper for godkjenning

Til (1)

Fakultetet justerer utdanningsplanar etter godkjenning av tidlegare utdanning eller emne avlagt på utveksling.

Ved godkjenning av emne, må vesentlege deler være dekka. 

Kapittel 6. Undervisninga

§ 6-5 Tilgang til undervisning

Til (4)

Kullplassering av studentar etter godkjenning av tidlegare utdanning i enkeltemne eller heile studieår på profesjonsstudiet i psykologi er avhengig av ledig plass i dei aktuelle emna. 

Til (5)

Studentar ved fakultetet som tek tidlegare bestått emne, har ikkje rett på ny rettleiing i emnet. Dette gjeld alle emne der rettleiing er ein del av undervisningsforma.  

§ 6-6 Obligatorisk undervisningsaktivitet

Til (2)

Ved ikkje godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet, gir fakultetet normalt eitt nytt forsøk éin gong før eksamen i det aktuelle semesteret, dersom det er praktisk mogleg og ikkje inneber ein uforholdsmessig byrde for fakultetet.

§ 6-7 Særskild om bachelor- og masteremne

Til (2)

Rettleiingskontraktar for bachelor-, master- eller hovudoppgåve skal signerast av partane og leverast innan fastsette fristar i emnet. 

Rettleiingskontrakten skal fastsetje rammene for den obligatoriske rettleiinga, kven som er rettleiar, kor mange timar rettleiing studenten har krav på, og gjere greie for rettar og plikter mellom rettleiar og student. 

Hovudrettleiar skal som hovudregel vere tilsett ved Det psykologiske fakultetet. 

Fakultetet kan etter søknad innvilge inntil 3 timar rettleiing for studentar med karakteren ikkje bestått på førre bachelor-, master- eller hovudoppgåve, i samanheng med ny innlevering. 

Kapittel 7. Eksamen

§ 7-2 Form

Til (4)

Ved justerande munnleg eksamen skal studenten få kunne vite den føreslåtte karakteren.   

Berre studentar med bestått førebels karakter får gjennomføre justerande munnleg eksamen.

Til (5)

Ved nytt eksamensforsøk i allereie beståtte emne (forbetring av karakter) med mappevurdering som eksamensform må studenten levere alt arbeid på nytt, med mindre emneskildringa seier noko anna. 

§ 7-3 Rett til eksamen

Til (2)

Fakultetet kan melde studentar til eksamen der det er naudsynt av omsyn til studieprogresjon.  

§ 7-4 Gjennomføring av eksamen

Til (1) C

Lovlege hjelpemiddel på eksamen går fram av emneskildringa. Studenten kan bruke ikkje-leksikalske ordbøker (ordlister), dersom ikkje anna står i emneskildringa.  

Til (2)

Emneansvarleg eller faglærar skal vera tilgjengeleg på telefon dei to første timane av saleksamen.  

§ 7-5 Munnleg, praktisk, utøvande eller skapande eksamen

Når munnleg eksamen blir nytta saman med masteroppgåva, er den munnlege eksamen justerande. 

Ved justerande munnleg eksamen har studenten krav på å få vite resultatet på det skriftlege arbeidet før den munnlege eksamenen byrjar. 

Studenten skal ha gyldig resultat på det skriftlege arbeidet for at det skal bli halde justerande munnleg eksamen  

§ 7-8 Eksamen i nedlagte emner

Til (1)

Fakultetet skal informere studentane ved studieprogrammet om plan for nedlegging av emne, og siste moglegheit for eksamen. 

Studentar som har aktiv studierett, tidlegare har vore undervisningsmeldt i emnet og som framleis har gyldig obligatorisk undervisningsaktivitet kan melde seg til eksamen i emne som fakultetet skal leggje ned. 

Kapittel 8. Eksamensforsøk

§ 8-1 Talet på forsøk

Til (1)

Fakultetet kan etter søknad innvilga eit fjerde eksamensforsøk dersom studenten ikkje kan fullføre studieprogrammet utan å bestå emnet.  

Til (2)

Studentar utan bestått resultat på hovudoppgåva kan levere på nytt, éin gong. Studieforskrifta § 8-1 andre avsnitt og fjerde avsnitt bokstav c og d gjeld tilsvarande. 

Til (3) A

I emne med praksis som eksamensform gjeld normalt ei øvre grense på to eksamensforsøk. 

§ 8-2 Teljande forsøk

Til (3)

I emne med mappevurdering eller praksis som eksamensform er trekkfrist to veker før oppstart av obligatorisk aktivitet, oppgåve eller praksis. 

§ 8-3 Avbroten eksamen

Til (2)

Eksamensoppgåva skal regulere om brot på formelle krav til eksamen skal reknast som ikkje levert. 

§ 8-4 Kontinuasjonseksamen

Studentar med gyldig obligatorisk undervisningsaktivitet i emne kan melde seg til kontinuasjonseksamen. Sjå punkt 5-6 i det utfyllande regelverket. I dei emna utan obligatorisk aktivitet, er kontinuasjonseksamen ope for studentar som har vore eksamensmeldt tidlegare. 

Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

§ 9-2 Vurderingsuttrykka

Til (1)

Emne med praksis som eksamensform, skal ha vurderingsuttrykk bestått/ikkje bestått. 

§ 9-6 Grunngiving

Til (2)

Sensor avgjer sjølv om grunngivinga skal bli formidla munnleg eller skriftleg. 

Grunngivinga blir gitt ein gong.

§ 9-8 Sensorar

Til (2) C og D

Ein av sensorane må, som hovudregel, vere tilsett ved Det psykologiske fakultetet. Sensor skal være oppnevnt i fakultetets sensorkorps.  

Éin av sensorane må ha førsteamanuensiskompetanse. 

For master- og hovudoppgåver; ved sensurering av hovud-/masteroppgåver skal rettleiar ikkje vera medlem av kommisjonen.

Kapittel 10. Grader

§ 10-3 Samansetjing av bachelorgrad

Til (1)

Exfac-emne og tilsvarande kan ikkje brukast som valfrie studiepoeng i bachelorgrada.