Hjem
Studieavdelingen

Mentorordning for studentar

Ein mentor kan bidra til å du raskare vert fagleg og sosialt integrert i studiet og i studiemiljøet, og kan gjere overgangen frå vidaregåande skule til universitet enklare.

Initiativet til mentordrninga kom frå studentane sjølve, og mentorsatsinga er eit av fleire tiltak for at studentar ved UiB raskt skal finne seg til rette og trivast ved lærestaden sin, slik at dei kan meistre studia og dei faglege utfordringane.

Frå hausten 2020 vil ei rekkje studieprogram tilby mentorordningar, medan andre er i prosessar med å etablere ordningar. Sjå nettsidene til fakulteta/studieprogramma for meir informasjon.

Kva er ei mentorordning?

Mentorordningane kan vere organiserte som faste grupper der studentar og ein eller fleire mentorar møtes jamnleg, eller som drop-in-ordningar der mentorar er til stades på faste tider. 

Felles for alle ordningar er at det er låg terskel for å ta opp spørsmål som handlar om studiekvardagen, og at ein kan få råd og støtte som gjer det enklare å vere student. Dei alle fleste ordningar legg også opp til samlingar i grupper der ein kjem i dialog med medstudentar.

Kva er ein mentor?

Ein mentor er ein erfaren student eller ein fagleg tilsett som kan støtte deg i studiet, og som du kan diskutere ulike sider ved det å vere student med, for eksempel prestasjonspress, eksamensmeistring, einsemd, tvil om studieval, mangel på motivasjon og liknande. Mentorane kjenner også studiestaden, og kan bidra til at du i større grad får innsikt i og kan dra nytte av tilbod knytt til studentvelferd, organisasjonar og liknande.

Kva er skilnaden på ein mentor, ein fadder og ein gruppeleiar?

Fadderordninga er eit studentorganisert tilbod den første veka av studiestart, og vektlegg det sosiale. Mange aktivitetar førgår på fritida og utanfor campus.

Som student ved UiB vil du gjennom semesteret møte andre vidarekomne studentar som har ulike roller som gruppeleiarar, undervisningsassistentar og liknande. Ein skilnad på ein mentor og ein undervisningsassistent eller gruppeleiar, er at mentoren er førebudd på og også kan initiere samtalar som ikkje nødvendigvis relaterer seg direkte til pensum eller faget.

Mentorordningar kan også starte opp allereie første studiedag eller i løpet av dei første vekene, men mentor er tilgjengeleg for studentane heile første semester og i mange tilfelle gjennom heile første studieår. Tilbodet er forankra i studiet og administrert av fakultetet eller instituttet, og førgår, med nokre få unntak, på campus på dagtid.

Kvifor bør du nytte deg av tilbodet om mentor?

Dei fleste ordningar er frivillige, men ved å delta får du informasjon du elles gjerne ville brukt tid på å leite opp eller i verste fall oversett. Du kan hauste av erfaringane til medstudentar, du kan få innsikt og kunnskap som gjer studiekvardagen enklare og du blir del av eit støttande og inkluderande fellesskap.