Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Praksis

Frå lesesal til prosjektkoodinator

Bachelorstudent Frida Lunde Høisæther ville ha relevant praksis før ho gjekk ut på arbeidsmarknaden for fullt. Hos CoEvent har det ikkje mangla på det, og no er Frida prosjektkoordinator for miljøprosjektet Blått Hav!

Hovedinnhold

Etter å ha vore i praksis er du betre rusta til å vise andre arbeidsgivarar kva kunnskapen din kan bli brukt til.

- Eg er praktikant hos eventselskapet CoEvent som no jobbar med å arrangere folkefesten The Tall Ship Races Bergen 2019 for Bergen Kommune. Eit initiativ ut frå dette er miljøprosjektet Blått Hav, som eg no har blitt prosjektkoordinator for. Ein del av Blått Hav er å arrangere eit Innovasjonslaup for ungdom og studentar med eit fagprogram, workshops, og finalerundar under Tall Ship Races.

Kvifor valte du praksis?

Etter å ha studert i fem år har eg følt sterkt på ønsket om å byrje å jobbe. Tene pengar, ha ein fast arbeidsplass og meir meiningsfylte oppgåver. Men det har vore vanskeleg å tenke seg til ein jobb som er relevant for mine fag og som eg samtidig ser verdien i å drive med. Då tenkte eg at praksis var ein fin mellomting, og ein måte å utforske kva kompetanse eg faktisk sit på. Målet var å bli inspirert og å kunne tenke litt ut av boksen.

Kva er det beste, og det mest utfordrande med praksisplassen din?

Det beste er at prosjektet Blått Hav, som eg jobbar med utelukkande, dreier seg om utfordringar som eg er svært opptatt av: miljø og berekraftig utvikling. Det gjer at eg føler at jobben eg gjer er viktig og samfunnsnyttig, og at den samtidig er interessant for meg. Eg får jobbe sjølvstendig, og er med på å forme og utvikle dette prosjektet. Eg føler derfor at eg har ei viktig rolle sjølv om eg berre er praksisstudent.

Det er utfordrande å få så mykje ansvar oppi eit prosjekt som er heilt nytt, og har så mange lause trådar. Men dette gjer det berre endå meir kjekt når me ser ei utvikling og byrjar å få på plass ting. Det kan også vera utfordrande å vera ung og ukjend med bedriftskulturen, spesielt under konferansar og middagar. Men ein plass må ein byrja, og øving gjer meister.

Korleis ser ein normal arbeidsdag ut for deg, og kva for arbeidsoppgåver har du hatt?

Mi hovudoppgåve som prosjektkoordinator for Blått Hav er å halde i alle trådane, og det er ein del. Det inneberer at eg er med på prosjektmøtet til TSRB2019 kvar veka med oppdateringar frå Blått Hav, har kontakt med våre samarbeidspartnarar og går i møter med desse. Fordi det er eit pilotprosjekt brukar mykje tid på å skrive mail, og på å jobbe med nettsider, skrive om på prosjektplan, lage presentasjonar, invitasjonar og nyhendebrev. Det er også mykje planlegging og koordinering i forhold til Innovasjonslaupet. Eg samarbeider med marknadsføringsgruppa og oppdaterer Instagram og Facebook. Eg har også deltatt på stands for å promotere prosjektet, og på eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap på Nordahl Grieg VGS i forhold til Innovasjonslaupet.

Alle praksisstudentar skriv ein praksisrapport. Kva handlar din om?

Dette blir en prosjektrapport for Blått Hav. Som eit pilotprosjekt kan det vera nyttig å seinare kunne sjå på heile prosessen frå start til slutt, korleis ein har gått fram og gjennomført, og om resultatet har blitt noko anna enn det ein først har tenkt seg ut.

Vil du anbefale praksis til andre studentar?

Absolutt! Dette er definitivt ein god måte å jobbe/øve seg inn i arbeidslivet på, finne ut kva du kan, oppdage noko nytt og suge til seg ny kunnskap – enten det vera mingleferdigheiter eller korleis skrive møtenotat. Etter å ha vore i praksis er du også betre rusta til å vise andre arbeidsgivarar kva kunnskapen din kan bli brukt til i praksis.

(Denne artikkelen ble publisert i 2018 eller tidligere)