Hjem
Institutt for sammenliknende politikk

UiB Alumni

Universitetet i Bergen har sett i gong eit alumnusprosjekt for å knyte band mellom universitetet og uteksaminerte kandidatar. Dette jobbar me med på Institutt for samanliknande politikk, då me er stolte av og interesserte i våre uteksaminerte studentar.

På instituttet har me sett i gong ein ny tradisjon i samband med den årlege minneførelesninga for Stein Rokkan. Til denne inviterer me sampol-alumni, og etter førelesninga har me ei mottaking for føredragshaldar, stab og tidligare og noverande masterstudentar. Meir om Stein Rokkan og Rokkan-forelesningene kan du lese her.

Det er òg tenkt å ha kontakt mellom stab, studentar og alumni ved at alumnar kan kome og delta på arrangement, og fortelje kva dei gjer no. Slik kan me finne ut meir om kva ein uteksaminert sampolar kan brukast til.

På sentralt nivå har UiB sett opp ein alumniportal, tenkt som ein nettbasert møtestad for fagmiljø, studentar, alumnar, samfunns- og næringsliv. Om du er interessert i å halde kontakten med fagmiljøet på sampol etter at du har forlatt universitetet oppfordrar me deg til å registrere deg der, og melde deg inn i alumnusgruppa for Samanliknande politikk. På portalen legg me ut informasjon om alumniarrangementa våre, og nokre andre arrangement me har. Om du held kontaktinformasjonen din oppdatert får me òg sendt invitasjonar til deg når det skjer noko. Gå inn på alumniportalen her.