Hjem
Institutt for sammenliknende politikk

Aspirant i Utenriksdepartementet

Ane Thea Djuve Galaasen fullførte mastergraden sin høsten 2014 og skrev oppgaven; "The banning of extremist political parties: Constructive or counterproductive? An empirical analysis of party bans in European democracies since 1945"

Bruk moglegheitene du har til å ta delstudium i utlandet! Sjølv drog eg på utveksling fem gonger i løpet av studietida – til Egypt, Russland, Spania, Danmark og Tyskland.

Kvar jobbar du no/kva jobbar du med?

Eg er aspirant i Utanriksdepartementet. Aspirantkurset er eit treårig trainee-program med sikte på fast jobb i utanrikstenesta. Programmet er ein kombinasjon av opplæring og praksis – dei første to åra ved departementet i Oslo og det tredje året ved ein utanriksstasjon. Dersom UD er nøgd med arbeidet mitt etter fullført kurs vil eg normalt sett bli verande ved same ambassade eller konsulat i to år til, før eg dreg vidare til neste utanriksstasjon i tre år. Etter dette vil eg veksle mellom heime- og uteteneste, og i større grad kunne styre når eg arbeider i Noreg og når eg arbeider i utlandet. Departementet har likevel ein formell rett til å beordre meg til å flytte når og kvar departementet måtte ønskje. Når du blir tilsett i utanrikstenesta får du dermed ikkje berre ein jobb, men også ein slags livsstil. For meg passar dette godt. Eg trivst med å vere på farten og å stadig møte nye menneske og lære nye ting, og veit at eg kan finne meg til rette nesten kvar som helst i verda.

Kvifor valde du å studere samanliknande politikk?

Etter vidaregåande var eg usikker på kva eg ville studere, og visste ikkje om eg ville bli diplomat eller journalist eller noko heilt anna. Nokså tilfeldig hadde eg plukka med meg ein sampol-brosjyre på ei utdanningsmesse. I brosjyren stod det at eg måtte studere samanliknande politikk dersom eg var interessert i å få vite kvifor nokre land har utvikla seg til demokrati og andre ikkje. Det syntest eg høyrtest spanande ut, så då blei det sampol. Eg tenkte at det var eit fag eg kunne dra nytte av nesten uansett kva eg ville arbeide med i framtida. Etter fullført bachelor tok eg journalistutdanning ved Høgskulen i Volda, og så kom eg tilbake til Bergen for å ta mastergraden i sampol.

Korleis har sampol-utdanninga hjelpt deg i å få den jobben du har no, eventuelt din første jobb etter fullført utdanning?

Det er mange statsvitarar på aspirantkurset, men også juristar, økonomar og folk med master i til dømes språkfag eller historie. Altså finst det fleire vegar til målet for den som ønskjer å bli diplomat. Eg trur ikkje det er avgjerande akkurat kva du har mastergrad i, og heller ikkje om du tar utdanninga di i Bergen eller Oslo eller New York, men det er viktig at du er engasjert og skaffar deg variert erfaring. Eg er veldig nøgd med mitt val av studiestad. Studiemiljøet i Bergen er utruleg godt, førelesarane på sampol er særs dyktige, og utdanninga er solid.

Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?

Eg studerte samanhengande i 8 år, så det var fint å kome ut i arbeid, ikkje minst for økonomien sin del. Nokre månader før eg leverte masteroppgåva fekk eg eit vikariat som reporter i utanriksavdelinga i TV 2. Journalistikken er eit handverk, og eg syntest i grunn det var godt å jobbe med noko praktisk etter så mange år med teoretiske studiar.

På kva måte dreg du nytte av det du har lært på sampol i jobbsamanheng?

Som reporter fekk eg ikkje så ofte direkte bruk for all kunnskapen eg tileigna meg på sampol, men mykje av det eg lærte låg likevel i bakhovudet og hjelpte meg meir indirekte. Mellom anna meiner eg at utdanninga gav meg ein velutvikla kjeldekritisk sans, betre argumentasjonsteknikk og ei særleg nyttig evne til å avsløre misbruk av statistikk. I UD er det mykje rapportskriving, og då får eg brukt meir av analyseferdigheitene eg fekk under arbeidet med masteroppgåva.

Kjenner du at utdanninga ved Institutt for samanliknande politikk har gitt deg ein kompetanse som er ettertrakta i arbeidsmarknaden?

Ein mastergrad i samanliknande politikk er jo ikkje ei profesjonsutdanning, og det er annleis enn å utdanne seg til ingeniør eller tannlege. Kompetansen du får på sampol er ikkje like konkret eller målbar. Likevel – ein statsvitar kan jo brukast til uendeleg mykje forskjellig. Du får eit sett med kunnskapar som hjelper deg med å forstå det som skjer i verda, eit rammeverk som gjer at du kan setje einskildhendingar inn i ein større samanheng. Eg opplever i alle fall at det er ein viktig og ettertrakta kompetanse å ha, anten du vil jobbe i media eller i Utanriksdepartementet. 

Har du nokre tips å kome med til slutt?

Eg har to tips som ikkje er spesielt originale, men som eg likevel synest det er viktig å kome med. For det første: Bruk moglegheitene du har til å ta delstudium i utlandet! Sjølv drog eg på utveksling fem gonger i løpet av studietida – til Egypt, Russland, Spania, Danmark og Tyskland. Slik lærte eg nye språk, møtte spanande menneske, og fekk god trening i å omstille og tilpasse meg. For det andre: Engasjér deg ved sidan av studiane, i noko som du synest det er kjekt å halde på med! Gode karakterar er ikkje alt. Når du skal søkje jobb er det viktig at du har samla deg andre erfaringar òg, til dømes frå organisasjonslivet.