Hjem

Senter for alders- og sykehjemsmedisin

Fullbrigthstipend

- Opphaldet har gitt meg heilt nye verktøy for vidare forsking

SEFAS-stipendiat på 6 månaders opphald som Postgraduate Fellow ved Yale School of Medicine, Geriatrics.

Kjellstadli med to kolleger.
Camilla Kjellstadlig (til venstre) på One-to-world sin Fulbright-mottakelse.
Foto:
One-to-world.

SEFAS-stipendiat Camilla Kjellstadli har teke med seg heile familien til New Haven, Connecticut, for å lære meir om nye analysemetodar for langsgåande data og bli kjent med eit stort tverrprofesjonelt forskingsmiljø innan aldring.

- Til dagleg sit eg hos the Biostatistics core ved Yale Program on Aging, som har tatt veldig godt imot meg frå første dag. Eg får fortløpande moglegheit til å delta på seminar, "workshops" og forelesingar i eit tverrprofesjonelt miljø med fokus på utvikling og testing av effektive strategiar for å betre funksjon og livskvalitet hos eldre personar med funksjonstap og kroniske sjukdommar, fortel Kjellstadli. 

Kjellstadli jobbar med sitt eige doktorgradsprosjekt «Heimedød i Noreg», som undersøker helsetenester i siste fase av livet og samanheng med heimedød.

- Eitt av måla med å komme hit var å lære nye metodar for å analysere longitudinelle data, seier ho. Samarbeid med utruleg dyktige forskarar, har gitt nye perspektiv, vore veldig spennande og lærerikt og gitt heilt nye verktøy for vidare forsking.

Kjellstadli fortel at ho opplever folk som opne og interesserte.

- Uansett om det er profesjonelt eller på fritida, er det lett å komme i snakk med andre. Dette får oss til å føle oss velkommen, og gjer det mykje enklare å få nye venner og kjente.

- Tusen takk  til alle som har gjort denne reisa mogleg, avsluttar Kjellstadli.