PROTECT - The Right to International Protection
PROTECT - The Right to International Protection. A Pendulum between Globalization and Nativization? er eit EU-finansiert forskingsprosjekt som studerar påverknaden FN sine plattformar om flyktningar og migrasjon har på flyktningar sine rettar til internasjonalt vern.

PROTECT er eit forskingsprosjekt som studerar internasjonalt vern av flyktningar. Det blei offisielt lansert 1. februar 2020 og blir gjennomført av eit internasjonalt konsortium av 11 universitet i Europa, Canada og Sør-Afrika. Prosjektleiar er Professor Hakan G. Sicakkan på vegne av Institutt for samanliknande politikk ved UiB.
Professor Christine M. Jacobsen og forskar Marry-Anne Karlsen ved SKOK er ein del av UiB si forskingsgruppe i PROTECT. Dei jobbar med arbeidspakke WP4, som kartlegg førstelinjetenesta som tek i mot migrantar og asylsøkarar i utvalde innreisesoner i Frankrike, Italia, Spania, Hellas, Sør-Afrika og Canada. Dei nyttar si etnografiske erfaring og ekspertise for å undersøke dersom og korleis FN sine plattformar om flyktningar og migrasjon påverkar førstelinjetenesta si forståing av 'sårbarheit,' spesielt med tanke på kjønn og juridisk status, og dersom/korleis denne forståinga endrar korleis dei samarbeidar for å ta hand om særskilde behov.
Kick-off Conference aftermovie
Bli kjend med PROTECT.
I eit intervju på UIB.no etter tildelinga seier prosjektleiar Hakan G. Sicakkan det følgande:
Prosjektet vil styrke kunnskapen om hvordan samfunnet håndterer global migrasjon. Vi blir det første store forskningsprosjektet som systematisk skal evaluere prosessene i FNs nye globale plattformer for migrasjon og flyktninger.