Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Mikroaggresjon

Mikroaggresjon på arabisk

Det første tidsskriftet for arabisktalande i Noreg, DER, inkluderer i sitt nyaste nummer ein omsett versjon av UiB-forskar Randi Gressgård sin artikkel om mikroaggresjon: Å stange hodet i veggen.

Tekst på arabisk og bilete av Randi Gressgård
Deler av artikkelen til Randi Gressgård er omsett til arabisk i den nyaste utgåva av DER.
Foto/ill.:
DER Journal

Hovedinnhold

DER blei starta i fjor av Osama Shaheen, som også er redaktør for det nye tidsskriftet. DER betyr «hus» på arabisk, og Shaheen forklarar i dette intervjuet med Bergens Næringsråd at dei prøvde å finne ein tittel som har meining på både norsk og arabisk.

Ein plattform for arabisktalande

Tidsskriftet blei til som svar på behovet for å skape ein plattform der relevante tema for arabisktalande blir teke opp på deira eige språk.

– Flyktningar og migrantar er faste tema i media, og diskursen fortel ikkje nødvendigvis sanninga om desse, seier Shaheen.

– Diskursen er forma av samfunnet, og verkar i sin tur tilbake på samfunnet. Difor er det veldig viktig for ei gruppe på meir enn 140 000 menneske i Noreg å ha slike plattformar.

Mikroaggresjon rammar arabisktalande studentar

Det var som student på årsstudiet Kjønn, seksualitet og mangfald ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) at Shaheen kom over Gressgård sin artikkel frå 2014, som er på pensum i emnet KVIK102 – Likestilling og mangfald.

Å stange hodet i veggen: Mikroaggresjon i akademia tek føre seg korleis mikroaggresjonar gjer seg gjeldande i både tilsettrelasjonar og relasjonar mellom tilsette og studentar, og kastar lys over korleis akademiske normer og ideal bidreg til marginalisering.

I følgje Shaheen gjorde teksten til at han forstod mikroaggresjon betre. Sidan dette er eit fenomen mange arabisktalande studentar slit med, så ønskja han å inkludere ei omsetjing av deler av denne artikkelen i DER.

– Gjennom fleire samtalar med arabisktalande studentar som er fødd utanfor Noreg har eg fått høyre korleis dei har følt seg isolerte på universitetet i gruppearbeid, lunsjpausar og aktivitetar utanom førelesingar. Det har vore spesielt vanskeleg for dei som nyleg kom til landet.  

Lite inkluderande miljø

Shaheen seier at det truleg har noko å gjere med språk og manglande kjennskap til sosiale kodar, men at mange likevel har fortalt om eit generelt sett lite inkluderande miljø.

– Det er trist, sidan nokre av desse studentane har drøymt om og forsøkt å komme inn på universitetet lenge. Dei har stor vilje til å bli ein del av miljøet, men har ikkje blitt høyrt eller sett.

I følge Shaheen sa nesten alle han snakka med at dei ikkje følte at dei høyrte til i klassemiljøet.

– Universitetet blir berre ein stad der dei høyrer på førelesinga, og så går dei fort heim etter dette. Dette synes eg det er veldig viktig å snakke om, og artikkelen til Gressgård om mikroaggresjon fortel presist om desse opplevingane.

Manglande ord for mikroaggresjon på arabisk

Shaheen fortel at arabisktalande studentar manglar språket som trengs for å sette ord på mikroaggresjon. Noko av grunnen til dette er det arabiske språket.

– Sjølv om arabisk er eit rikt språk, så manglar det til dømes omgrep som mikroaggresjon. Latskapen som følgde det arabiske språket forhindra det i å finne omsetjingar av fleire ord, som berre blei skrive slik dei blir uttalt med arabiske bokstavar.

Shaheen presiserer at han med latskap meiner eit fråver av diskusjon som gjorde det vanskeleg å skildre fenomena som rasisme er basert på.

Språket er ein refleksjon av samfunnet, og om samfunnet ikkje endrar seg og kjempar mot desse fenomena, så blir ikkje språket aktivert til å reflektere denne tendensen. Difor tenkte vi i DER at artikkelen til Gressgård kan hjelpe mange studentar til å lære mikroaggresjon å kjenne som fenomen, og finne ord for å skildre opplevingane sine.

Framleis vanskeleg å problematisere institusjonell rasisme

I artikkelen konkluderer Gressgård at eit søkelys på mikroaggresjon kan bidra til å problematisere det institusjonelle rammeverket meir grunnleggande enn det gjeldande antidiskriminering- og kvoteringsordningar tillet.

Med auka merksemd om institusjonell rasisme i akademia og i samfunnet elles, har det blitt større medvit rundt uformelle, strukturelle undertrykkingsmekanismar i åra etter at ho skreiv artikkelen, i følge Gressgård. Ho meiner likevel at det framleis er vanskeleg å problematisere institusjonell rasisme og kjønns- og seksualitetsbasert ulikheit.

– Av vane tenker dei fleste på diskriminering som individuell og intensjonell forskjellsbehandling, med individuelle sanksjonar eller løysingar, seier Gressgård.

Ho trekk også fram at omgrep som mikroaggresjon, interseksjonalitet og kritisk raseteori har blitt meir politisert og opportunistisk forvrengt i den såkalla kulturkrigen.

– Desto viktigare er det å problematisere maktmekanismar som for dei fleste er usynlege, men som er utmattande og øydeleggande for dei som stadig vekk blir ramma. Difor er det høveleg at tidsskriftet DER no ønskjer å sette søkelyset på mikroaggresjon.

Det blir lansering av den nye utgåva av DER på Litteraturhuset i Bergen 4. mai.

– Fire fantastiske gjester kjem til lanseringa, seier Shaheen. – Arbeiderpartipolitikar og varaordførar i Oslo, Kamzy Gunaratnam, Line Khateeb og Rana Issa frå styret i den arabiske kulturorganisasjonen Masahat og Wafa Moustafa, ein Berlin-basert syrisk aktivist og journalist. Og så gler vi oss til å møte publikum dersom korona tillet det.