Kjønn, seksualitet og mangfald, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Tematisk har kjønnsstudiet særleg fokus på samspelet mellom kjønn, seksualitet og mangfald, og ulike maktstrukturar i samfunnet. Vi undersøker også korleis kjønn, seksualitet og mangfald kjem til uttrykk i kunst og kultur. Du lærer å forstå og analysere kjønn, seksualitet og mangfald frå ulike teoretiske perspektiv, så som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, interseksjonalitet, postkolonial teori og globaliseringsteori.
Med eit årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald vil du få:
- brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle betydninga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit historisk, notidig og globalt perspektiv
- ta i bruk kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald for å analysere samfunn og kultur
Døme på spørsmål vi drøftar:
- Kva er kjønn, kva er seksualitet og korleis kan vi tenke nytt om mangfald?
- Kva ulike kulturelle forståingar av kjønn og seksualitet har vi?
- Korleis endrar forståinga av kjønn seg over tid?
- Kva betydning har ulike forståingar av kjønn, seksualitet og mangfald for kvart enkeltindivid og for samfunnet som heilskap?
- Kva debattar er sentrale i diskusjonen av kjønn, seksualitet og mangfald i dag?
- Kan litteratur, film og kunst vise oss nye måtar å tenke om kjønn, seksualitet og mangfald?
Studiekvardag
Dette er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og forelesingar. Forelesingane går i all hovudsak føre seg på norsk, men pensumlitteraturen kan vere på både norsk og engelsk. I undervisninga vert det lagt til rette for at du er aktivt med i diskusjonane. Vi diskuterer dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.
Her møter du folk med ulik fagbakgrunn og mange blir inspirert av å lære av kvarandre og ikkje berre av faglitteraturen.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald er etterspurt kompetanse i mange yrke. Aktuelle jobbar er:
- rettleiar for minoritetsspråklege
- rekrutterar
- rådgjevar for private verksemder og ideelle organisasjonar
- administrasjonsansvarleg
- lærar
- forskar
- rådgjevar innanfor studieadministrasjon
- kommunikasjonsrådgjevar
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. April.
Studiets oppbygging
Studieløpet kan sjå slik ut:
1. semester
- Likestilling og mangfald (15 studiepoeng)
- Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng)
2. semester
-
Kjønn i det moderne (15 studiepoeng)
Eitt av emna:
- Kjønn, seksualitet og kultur (15 studiepoeng)
- Familien i endring (15 studiepoeng)
- Kjønn og litteratur (15 studiepoeng)
- Kjønn og seksualitet i ein global kontekst (15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å bytte studieprogram til bachelorprogram i kjønnsstudium. Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Dersom du allereie har ein bachelorgrad, kan årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald gi eit godt grunnlag for ulike masterprogram i kjønnsstudium
Spørsmål om studiet?
E-post: studierettleiar@skok.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.