Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Kvinnehelse

Tek i bruk ny form for visuell aktivisme for å skape merksemd rundt kvinnehelse

Eit kontorlokale på Universitetet i Bergen fekk ny drakt i aktivistisk stunt frå bachelorstudent i visuell kommunikasjon.

Neste
Slagord projisert på bygningsfasade: Vi er lei av den store forskjellen
I bileteserien kan du sjå korleis Ida Bloms hus skifta ham etterkvart som projeksjonane endra seg.
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
1/9
Et ropende kvinneansikt projisert på fasade
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
2/9
Tekst projisert på fasade: women are 50 % more likely to die from a heart attack than men
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
3/9
Røntgenbilete projisert på fasade med teksten Jeg har rett til å vite hva som foregår inni meg
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
4/9
Eit skrikande ansikt i grønt med tekst over augene projisert på fasade
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
5/9
Gravstein med teksten Legen trodde ikke på henne projisert på fasade
Foto/ill.:
Rebecca Marcussen
6/9
Gravstein med teksten Legen trodde ikke på henne projisert på fasade
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
7/9
Tre gravsteiner projisert på fasade med teksten Hun kjente ikkje til symptomene, Hun overdrev ikkeLegen trodde ikke på henne,
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
8/9
Tekst projisert på fasade: Prioriter kvinnehelseforskning
Foto/ill.:
Silje Mari Mo
9/9
Tilbake

Hovedinnhold

Ein torsdagskveld i mai skjedde det ei unik, midlertidig fasadeendring av Ida Bloms hus i Parkveien 9, der Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB held til. Då mørket fell på, fekk tilsette ved SKOK og andre forbipasserande sjå fargerike bilete, videoar og slagord manifestere seg på ytterveggen ved hovudinngangen: "Prioriter kvinnehelseforskning." "Vi er lei av den store forskjellen." "Lær kvinner hvilke symptomer de skal se etter."

Projeksjon som verktøy for aktivistar

Bak dette stuntet stod Rebecca Marcussen, bachelorstudent i visuell kommunikasjon ved Fakultetet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. I samband med bacheloroppgåva si utforskar ho projeksjonar som kommunikasjonsverktøy for aktivistar, med ein teori om at desse kan vere viktige tillegg til aktivistar si verktøykasse:

– Eg er interessert i og fascinert av animasjonar og projeksjonar, og eg har visst lenge at eg ville bruke det i bachelorgraden min. Då eg gjorde research til oppgåva mi gjorde eg breie søk på kva projection mapping er, eit omgrep ein bruker når ein projiserer på utypiske flater.

Tidleg i research-fasa merka ho seg at det ofte er det estetiske aspektet ved projection mapping som blir utnytta og utfordra av designarar og digitale kunstnarar.

– Bruken av mediet verkar å vere motivert av moglegheita for å provosere fram ein «WOW-faktor» og å få eit publikum til å bli oppslukt; å skape ei minneverdig oppleving som skil seg frå andre inntrykk ein får i løpet av dagen. Eg byrja å tenke: I kva situasjonar og saker er denne kvaliteten spesielt verdifull? Kva er det vi treng å sjå og bite oss merke i, som vi kanskje vel å sjå vekk frå i kvardagen?

Kvinnehelse i fokus

I aktivismen sin set Marcussen fokus på kvinnehelse, og etter at ho deltok på SKOK sin bachelorstafett i mars i år fekk ho ideen om å projisere på Ida Bloms hus. I tillegg til symbolikken i å alliere seg med kjønnsforskingsmiljøet i Bergen for denne typen aktivisme og tematikk, var det ekstra passande å projisere på eit hus oppkalla etter ein forskar som var oppteken av kvinnehelse:

Ida Blom, SKOKs første styreleiar og professor i kvinnehistorie, var blant anna oppteken av kampen for prevensjon og fri abort, kva hjelp kvinner får når dei skal føde, tuberkulose og lovgjeving om kjønnssjukdommar.

I følgje Marcussen er huset si plassering på Høyden også ein fordel:

– Menneske i alle aldrar ferdast og oppheld seg her; både studentar, professorar, dei som arbeider med kvinne- og kjønnsforsking, ungdommar som spelar ball og andre medmenneske. Her kan ein nå mange og uventa menneske, samt folk med påverknadskraft i feltet.

Effektfull fremjing av viktig sak

Erfaringa med projisering på veggen til SKOK gav meirsmak:

– Det var veldig gøy, og oppmøtet og engasjementet var godt. Sju assistentar var ivrige på å hjelpe med opprigg, dokumentasjon og forslag til flater i nærområdet, i tillegg til nedrigg og lovord. Fleire gjekk forbi, blant anna ein gjeng gutar tidleg i tenåra, og dei byrja å snakke om kvinnehelse!

Kari Jegerstedt, senterleiar ved SKOK, var til stades og blei imponert over det ho såg:

– Eg ante ikkje at projisering kunne vere så effektfullt! Rebecca har gjort ein fantastisk jobb med å fremje ei viktig sak, og eg er glad for at vi ved SKOK kunne hjelpe til med å fronte dette arbeidet.

Kvinner: de er ikkje åleine!

Med aktivismen sin ønskjer Marcussen å kaste lys på og spreie offentlege og statleg distribuerte fakta kring behandling av kvinnehelse, og ho ønskjer å nå fleire målgrupper:

– Eg vil vise styresmaktene at vi ikkje er villige til å tie eller akseptere dagens behandling av og tilnærming til kvinnehelse. Eg ønskjer også å bruke offentlege rom, både fysiske og digitale, til å vise andre kvinner at dei ikkje er åleine; at vi vil brøle med dei og synleggjere frustrasjonen deira fram til det skjer gode og varige systematiske endringar. Spesielt ønskjer eg å nå studentar, professorar og praktiserande innanfor helsearbeid i Bergen.

Ønskjer at menn skal prate om kvinnehelse

Marcussen ønskjer også å nå ut til menn generelt:

– I spørsmålet om kvinner framleis blir diskriminerte i helsevesenet er det framleis store kjønnsforskjellar. Eit stort fleirtal av kvinner meiner at dette er tilfelle, men blant menn er det under halvparten som meiner det same. Eg håpar at ved bruk av teknologiske verktøy, direkte bodskapar, humoristiske element og kjønnsnøytralt design, så kan eg også få menn til å reflektere over og prate om kvinnehelseproblematikk.

Blei bortvist frå Kvinneklinikken

Marcussen fullfører bachelorgraden sin i år, og laurdag 13. mai deltek ho på KMD si avgangsutstilling med studentar frå bachelorstudiet i design. Under utstillinga kjem ho til å vise bilete og video frå tidlegare projeksjonar, blant anna ved Kvinneklinikken i Bergen, der ho blei vist bort av ein vektar etter berre 5 minutt.

Sjølv om opphaldet der blei kort, håpar ho å få formidla stuntet til fleire gjennom utstillinga og digitalt:

– At eg projiserte på Kvinneklinikken som aller første stad tente ein eld i meg. Sidan vi ikkje fekk så lang tid ved KK er dokumentasjonen av projeksjonane spesielt viktig. Eg skal i gang med å redigere bilete og filmar no, slik at dei kan delast på sosiale medium og få ny blest og permanens. Eg er svært spent på reaksjonane!