Hjem

Pedagogikk, årsstudium

Årsstudiet gir deg ei grunnleggande innføring i dei mest sentrale områda i pedagogikkfaget.
  • Lengde1 år
  • Ordinær55,5
  • Primær42,7
  • Plassar40
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva er undervising, utvikling og læring? Som pedagogikkstudent lærer du korleis vi utviklar kunnskap og kommuniserer, og kva betyding utdanning har i og for samfunnet. Årsstudiet i pedagogikk tar for seg sentrale utviklings-, lærings- og kunnskapsprosessar i familien, skulen og i arbeidslivet. 

Årsstudium i pedagogikk kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skulen, i ulike private verksemder, i ideelle organisasjonar og ulike delar av helsevesenet der pedagogisk fagkunnskap er etterspurt. 

Oppbygging 

Årsstudiet startar i august kvart år. 

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester:  

  • PED110 Innføring i pedagogikk (15 studiepoeng) og 
  • PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 studiepoeng) 

2. semester: 

  • PED111 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng) 
  • PED113 Læring i og for arbeidslivet (15 studiepoeng) 

Studiekvardagen 

Som pedagogikkstudent blir du del av eit godt studiemiljø. Studiet er bygd opp av forelesingar, seminargrupper, oppgåver og praktiske øvingar. 

Pedagogikkstudentane kan lese på SV-biblioteket og i lesesalar på U. Pihls hus. Det er seminarrom på SV-fakultetet.

Møt studentane våre! 

Kvifor velje årsstudium? 

Årsstudiet i pedagogikk lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning, og gir deg kompetanse som blant anna skule og helsevesenet har bruk for.  

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men kan inngå som første året i ein bachelorgrad i pedagogikk eller som valfrie studiepoeng i ein bachelorgrad ved UiB. 

Med ein bachelorgrad eller mastergrad i pedagogikk opnar det seg opp fleire karrieremoglegheiter, og du kan for eksempel jobbe som: 

Les meir om kva du kan bli med denne utdanninga. 

Meir informasjon under

Kva lærer du? 

Ein student med årsstudium i pedagogikk: 

  • har kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet pedagogikk. 

  • kan analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til sentrale pedagogiske tema, omgrep og prosessar. 

  • kan skrive ein resonnerande tekst og beherske fagområdet sine normer for dokumentasjon. 

Sjå lista over læringsutbyte.

 

Utveksling 

Du kan ikkje reise på utveksling som del av årsstudiet. 

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her