Hjem

Pedagogikk, bachelor, 3 år

Kva er læring? På pedagogikkstudiet utforskar vi alt frå korleis individa lærer til korleis globale trendar påverkar utviklinga av det norske utdanningssystemet.
  • Lengde3 år
  • Ordinær47,9
  • Primær41,5
  • Plassar40
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180

Hovedinnhold

Fagområdet er opptatt av å finne svar på spørsmål som: 

  • Kva betydning har utdanning i og for samfunnet?  
  • Korleis lærer individet?  
  • Korleis påverkar globale utdanningspolitiske trendar utviklinga av det norske utdanningssystemet?  

Du vil få innsikt i lærings- og kunnskapsprosessar i skulen, i organisasjonar og på arbeidsplassen, både på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. 

Styrken med pedagogikkstudiet på UiB er at vi har varierte undervisingsformar og at desse heng nøye saman med dei eksamensformene vi bruker i studiet. Opplæring i skriving av fagtekstar er derfor også ein integrert del av undervisinga.  

Jobb

Eit bachelorstudium i pedagogikk kvalifiserer deg til arbeid med opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Du vil kunne bidra konstruktivt i alle ledd av ein utviklingsprosess, frå planlegging, iverksetting til evaluering. 

Universitetsutdanna pedagogar arbeider for eksempel: 

  • i ideelle organisasjonar 
  • i media  
  • med kulturformidling 
  • som opplæringsleiarar 
  • som pedagogiske konsulentar  

og i liknande yrke både i offentleg og privat sektor.  

Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurd. 

Dersom du bygger på med ein mastergrad i pedagogikk, får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervising på høgare nivå. Mastergraden kan du også ta som eit fireårig nettbasert deltidsstudium i pedagogikk.  

Med bachelorgraden i pedagogikk er du også kvalifisert til å søkje andre masterprogram ved Det psykologiske fakultet.

Oppbygging

25 studiepoeng med innføringsemne.

90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor pedagogikk, inkludert metode.

65 studiepoeng valfrie emne.

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som pedagogikkstudent blir du del av eit godt studiemiljø. Studiet er bygd opp av forelesingar, seminargrupper og oppgåver. Vi har fokus på studentaktiv forsking og i bacheloroppgåva vil du ha fridom til å gå grundig inn i tema og problemstillingar som du sjølv finn interessante. Du får god rettleiing og hjelp undervegs i arbeidet med oppgåva.  

Om lag eitt år av studiet (til saman 65 studiepoeng) er valfrie emne. Det vil seie at du kan velje blant relevante emne som blir undervist ved UiB, og skreddarsy graden til dine karriereplanar og interesser.

Pedagogikkstudentane kan lese på fakultetet sine lesesalar i Christies gate 12 og i lesesalar i U. Pihls hus. På fakultetet er det også grupperom som kan nyttast.

Slik har studentane våre det

Kva lærer du?

Med ein bachelorgrad i pedagogikk: 

  • kan du analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til læring og utdanning. 
  • kan du nytte fagstoff i planlegging, implementering, vidareutvikling og vurdering av opplærings- og utdanningstiltak. 
  • kan du søke, behandle og vurdere kunnskap og informasjon kritisk. 

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

På bachelorprogrammet i pedagogikk er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå andre stader og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom, og du kan sjølv velje om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa, eller til land utanfor Europa som er særleg relevante for deg som studerer pedagogikk.  Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.

Slik går du fram for å reise på utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her