Medisinsk teknologi (sivilingeniør), master, 5 år
- Lengde5 År
- Ordinær62,2
- Primær58
- Plassar24
- OpptakskravSIVING
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Helsesektoren bruker svært avansert utstyr, og den teknologiske utviklinga er rivande. Dermed er det stort behov for høgt utdanna personar som kan jobbe i tverrfaglege team, bruke utstyret og drive teknologisk utvikling.
I medisinsk teknologi spør vi:
- Korleis stille presise diagnosar ved kjemisk analyse av kroppsvæsker?
- Korleis fjerne kreftsvulstar raskast og mest skånsamt, ved hjelp av stråleterapi?
- Korleis få best mogeleg bilete for diagnostisk bruk, ved hjelp av PET og MRI?
Studieprogrammet kombinerer tverrfagleg kompetanse med moglegheit for spesialisering. Det er derfor ein unik moglegheit til å vere med å prege helsevesenet. I framtida vil vi utvikle helsetenester i samspel mellom medisin og teknologi for å kunne avdekke risiko, forstadium av sjukdom, og persontilpasse behandling.
Utdanninga i medisinsk teknologi integrerer fysikk, matematikk, kjemi og data-analyse med kunnskap frå medisin og helsefag.
Du kan velje ei av to retningar å spesialisere deg i:
- Kjemi: legemiddelsyntese eller medisinsk-kjemisk analyse
- Fysikk: medisinsk fysikk for stråle- og partikkelbehandling
Meir informasjon under
Jobb
Studiet gir sivilingeniørkompetanse i skjeringspunktet mellom teknisk utstyr, behandlingsmetodar, helsepersonell og medisinsk teknologi og utvikling.
Dette er kompetanse som helsesektoren og farmasøytisk industri har eit aukande grad behov for. Du vil vere kvalifisert for jobb innan sjukehussektoren, farmasøytisk industri og annan teknologisk industri.
Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Det integrerte masterprogrammet i medisinsk teknologi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester (haust):
2. semester (vår):
3. semester (haust):
4.semester (vår):
- Studieretning kjemi: MAT102/MAT112, KJEM130, EXPHIL/MTEK200
- Studieretning fysikk: MAT102/MAT112, PHYS114, EXPHIL/MTEK200
5.semester (haust):
- Studieretning kjemi: KJEM225/STAT110, KJEM124, EXPHIL/MTEK200
- Studieretning fysikk: KJEM225/STAT110, PHYS119, EXPHIL/MTEK200
6. semester (vår):
7. semester (haust):
- Studieretning kjemi: INF264, HTEK201, MTEK330/KJEM231
- Studieretning fysikk: INF264, HTEK201, PHYS213
8.semester (vår):
- Studieretning kjemi: MTEK399, valgemne, valgemne
- Studieretning fysikk: MTEK399, valgemne, valgemne
9.semester (haust):
- Studieretning kjemi: Masteroppgåve MTEK399, MTEK320
- Studieretning fysikk: Masteroppgåve MTEK399, HTEK202
10.semester (vår):
-
Masteroppgåve MTEK399
Studiekvardagen
Her blir du ein del av ein liten klasse (22 studieplassar) som du følger gjennom studiet. Du møter eit godt studentmiljø, og får tett oppfølging.
Det integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
20 studiepoeng (altså to emne) i studieplanen er valfrie. Disse studiepoenga vel du i samråd med rettleiaren for masterprosjektet ditt.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem praksis i periodar, og tid på lesesalen med pensumlitteratur.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.
Du tar emnet MTEK100 Medisinsk teknologi i praksis i første semester. Dette emnet inkluderer ei vekeslang utplassering i et medisinsk-teknologisk miljø (som oftast ved et sjukehus).
Vi held til på Realfagsbygget, der det er læringssenter, bibliotek og lesesalar.
Masteroppgåva du skal skrive er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe seg i stoffet. Det er òg gode moglegheiter for masterprosjekt i samarbeid med ein bedrift.
Meir informasjon under
Bli sivilingeniør i medisinsk teknologi
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- kan bidra med utviklingsarbeid i teknologi og metodar som vert nytta innan utvalde fagområde innan medisinsk teknologi
- kan planlegge eksperiment og gjere kvantitative berekningar og analyser av store datamengder relatert til medisinsk diagnose og behandling
- kan skildre og nytte teknologi som er viktig i medisinsk teknologi og tilgrensande fagområde
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Det er tilrettelagt for utveksling i sjette semester, og du kan søke på alle utvekslingsavtaler ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Korleis søke om å reise på utveksling?
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og SIVING: Matematikk R1 (eller S1 og S2) + R2 + Fysikk 1.
Søknadsfristen er 15. april.