Hjem

Utdanning

Bachelor

Kulturvitskap, bachelor, 3 år

  • Lengde3 år
  • PoenggrenseAlle / Alle
  • Studieplassar25
  • Studiepoeng180

Ny student

Ny student

Velkommen til studiestart på Bachelorprogram i kulturvitskap, eit studium ved Det humanistiske fakultet. Her finn du den viktigaste informasjonen om studiestarten din.

Oppmøte
Første oppmøte er måndag 13. august kl. 09.00 på Sjøfartsmuseet.Den første veka får du informasjon om studiestarten, og du kan delta i studiestartgrupper.Du får også møte faddergruppa di.

- Program for studiestarten (inkludert fadderprogram)

- Sjekkliste for studiestarten

Ønsker du å snakke med oss?

Ta kontakt med Infosenteret ved HF.

Å studere kulturvitenskap

Introduksjon

Introduksjon

Kulturen er til stades i alt vi gjer ¿ i maten vi et, i omgangen vår med venner og familie, i haldningar til kropp og hygiene, ja, til og med i korleis vi går og står. Kulturvitskap er studiet av kvardagen og korleis menneske skaper meining i tilværet.

Kulturvitarar stiller spørsmål ved det som verkar sjølvsagt og rutineprega i kvardagslivet. Samtidig studerer kulturvitarar også augeblikka når tilværet kollapsar, frå samlivsbrot til naturkatastrofar. Kulturvitskap gir deg innsikt i korleis kjønn og seksualitet er forma av kulturen, i migrasjonsprosessar og kulturmøte. Studiet gir deg også innsikt i korleis menneske fortolkar seg sjølv og omverda gjennom forteljingar, samtalar og sosiale medium, og om korleis ting og materialitet er føresetnader for korleis ein lever.

Kulturvitskap studerer korleis kvardagskulturen er fundament for heile samfunnslivet. Studerer du kulturvitskap, lærer du å analysere samtidsfenomen, men du får kunnskap om kulturhistoriske fenomen som for eksempel magi og folketru. Du lærer også om korleis fortida er til stades i notida, ikkje berre som kulturarv og på museum, men også som vanar og tradisjonar i kvardagslivet.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Studiet gir deg reiskap til å forstå kulturell kompleksitet, endring og stabilitet. Det øver opp evna di til å analysere samtidsfenomen i eit historisk lys, og sjå mønster og samanhengar som er nyttige i mange yrke. Arbeidsplassar der kulturkunnskap er etterspurd er for eksempel museum, kulturarvssektoren, arkiv og kulturadministrasjon, men også medieverksemder og informasjonsarbeid.

Vidare studium

Masterprogram
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i kulturvitskap. I masterstudiet får du mogelegheit til å gå djupare inn i eit emne som interesserer deg.

Forsking
Fagmiljøet i kulturvitskap forskar på folkelege uttrykk, blant anna knytt til religiøsitet, sjukdomsoppfatningar og tolkingar av fortida. Det blir òg forska på kjønn og vald, og på kulturarv sett i eit kritisk perspektiv.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande teoretiske og empiriske kunnskapar om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen.
  • har kunnskapar om ei rekke fenomen i fortid og notid, blant anna forteljing, mediebruk, folketru, forestillingsverder, kulturarv, materialitet, museumsprosessar, seksualitet og migrasjon
  • har fordjupa kunnskap om eit sentralt felt i kulturvitskapen.
  • har grunnleggjande kunnskap om viktige metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har grunnleggjande innsikt i kulturvitskaplege tenkjemåtar.
  • har tileigna seg omgrep og teoriar som er grunnleggjande i kulturvitskapen, og som kan brukast for å studere kulturelle fenomen i fortid og notid.
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å analysere ulike sider ved kvardagslivet i fortid og notid med kulturvitskaplege perspektiv.
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å handtere eit kjeldemateriale med kvalitative metodar.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har grunnleggjande kulturfagleg kompetanse og kan forstå og analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
  • kan setje seg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider.
  • har grunnleggjande kompetanse i akademisk argumentasjon.
  • har grunnleggjande kompetanse i å formidle kulturvitskapleg kunnskap både munnleg og skriftleg.

Oppbygging

Oppbygging

Studiet skal innehalde ex.phil, 10-20 studiepoeng ex.fac. og ei spesialisering i kulturvitskap på 90 studiepoeng. Det er anbefalt å ta KUVI 100- Innføring i kulturvitskap. KUVI 100- Innføring i kulturvitskap parallelt med ex.phil. og ex.fac. før ein tar til på spesialiseringa. Du kan velje alle eller delar av dei siste studiepoenga i graden frå andre fag.

Det vil vere mogeleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet, for eksempel ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet nedst på sida.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av læringsutbyte.

Bachelorprogram i kulturvitskap (krav 180 SP)
Første semester (krav 20 SP)
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXFAC00ASExamen facultatum, Akademisk skriving101–61
EXFAC00TKSEMExamen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell101–61
EXFAC00TKEKSExamen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen101–61
EXFAC00SKExamen facultatum, Språk og kommunikasjon101–61
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-HFSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-HFEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–61
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
KUVI100Innføring i kulturvitskap101–61
Spesialisering i kulturvitskap (krav 90 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KUVI101Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda151–62
KUVI104Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter151–63
KUVI105Tinga og vi. Materialitet og meining151–63
KUVI250Bacheloroppgåve i kulturvitskap151–64
Vel to av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
KUVI103Migrasjon og mangfald151–6
KUVI106Kjønn, seksualitet, kultur151–6
KUVI108Museologi151–6
Valfrie studiepoeng (krav 60 SP)
Valfritt
Utveksling 1/2 semester - 15 stp
Utveksling 1 semester
Utveksling 2 semester
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
AHKR201Praksis i arbeidslivet151–6
MID102Urbane topografiar og nettverk 700-1600 - arkeologiske og historiske perspektiver 151–6
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Fagmiljøet i kulturvitskap anbefaler studentar å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet. Kulturvitskap anbefaler kulturstudium ved Københavns Universitet, Stockholms universitet eller Humboldt-Universität zu Berlin.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO) .

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i kulturvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Kulturvitskap

Bachelorprogram i kulturvitskap

Mer informasjon

Om programmet

Studiekode i Samordna opptak
184200

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no 55 58 93 70 (10.00 - 14:00)