Hjem

Informatikk-matematikk-økonomi, bachelor, 3 år

Bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) er det einaste av sitt slag i Noreg.
  • Lengde3 År
  • Ordinær51,5
  • Primær49,6
  • Plassar30
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Her får du lære om tre ulike fagområde:

  • For å kunne programmere og utvikle datasystem lærer du informatikk.  
  • For å kunne arbeide innan finans og forsikring lærer du statistikk.  
  • For å kunne arbeide med økonomisk planlegging lærer du samfunnsøkonomi.  

Studiet eignar seg for deg med interesse for samfunnsproblem og realfag. 

På studiet ser vi på problemstillingar som:  

  • kva er "rett" billettpris på bussen? 
  • kva er samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon? 
  • korleis er samanhengane mellom tilbod og etterspurnad i ein marknad? 

Svara på slike spørsmål er komplekse, og avheng ofte av prognosar for usikre parametrar. Statistiske metodar hjelper oss til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er. Informatikkfaget tar for seg utforming av digitale løysingar for bl.a. å hjelpe ei verksemd til best mogleg ressursutnytting, som f.eks. ved å lage planar for produksjon eller transport. 

Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar

Meir informasjon under

Informatikk, illustrasjon
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Jobb

Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spanande og varierte jobbar. Samfunnet og næringslivet treng kompetanse innan økonomi og digitalisering. 

Du kan jobbe i 

  • Bank og forsikring 
  • Oljeindustrien 
  • IKT-bransjen 
  • Offentleg forvalting
  • Forsking og undervisning 
  • Eiga verksemd/konsulentbedrift  

Her jobbar våre tidlegare studentar no.  

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i: 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.  

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester:  

2. semester:  

3. semester:  

4. semester:  

5. semester:  

6. semester:   

Studiekvardagen 

Informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. I tillegg vil du bruke tid på lesesalen med pensumlitteratur. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.  

Noko av det studentane våre seier at dei set ekstra pris på, er at programmet er tverrfagleg og praktisk retta.  

Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.

Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar. 

Dei fleste emna i studieprogrammet er obligatoriske. Det er òg 3 emne du kan velje heilt fritt blant tilbodet til UiB.

Meir informasjon under

Informatikk-matematikk-økonomi: En unik linje

Produsent:
UiB

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Produsent:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

Kva lærer du? 

Etter bachelorprogrammet kan du: 

  • bruke metodar frå statistikk og informatikk på økonomiske problemstillingar 
  • delta i prosjekt i systemutvikling og programmering 
  • formidle innsikt i økonomiske modellar på ein intuitiv måte 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet. 

    Utveksling 

    Du kan reise på utveksling i det femte og/eller sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Spania, Danmark eller Tyskland.  

    Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

    Korleis søke

    For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2.

    Søknadsfristen er 15. april. 

    Søk her