Hjem

Arkeologi, master, 2 år

Arkeologfaget ved Universitetet i Bergen er unikt i sin faglege samansetning ved at vi ikkje berre tilbyr undervisning og rettleiing innan alle dei forhistoriske og historiske periodane og Middelhavområdets arkeologi, men óg innan zooarkeologi og miljøarkeologi.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Som student i arkeologi blir du ein del av eit levande fag som i aller høgaste grad er under utvikling når det kjem til vitskapelege metodar og  teoretiske diskusjonar.  

Arkeologfaget ved Universitetet i Bergen er unikt i sin faglege samansetning ved at vi ikkje berre tilbyr undervisning og rettleiing innan alle dei forhistoriske og historiske periodane og Middelhavområdets arkeologi, men óg innan zooarkeologi og miljøarkeologi. Vi har også eit senter for fremragende forsking innan Sør-Afrikas steinalder, og det kan også bli gitt rettleiing innan dette.  

På arkeologifaget har vi eit langtidsperspektiv og tverrfagleg tilnærming til menneske, natur- og kulturforhold. Dette gjer det mogleg for oss å stille spørsmål ved og forstå dagens utvikling innan klima, økonomi, migrasjon, politikk og religion. 

Arkeologar har som oppgåve å forvalte, verne og formidle kulturhistoriske spor i landskapet. Utgravingar og registrering skjer lokalt. Som arkeolog blir du ein viktig formidlar av mennesket si fortid lokalt, nasjonalt og internasjonalt. 

Meir informasjon under

Utforsker kulturminner med drone

Produsent:
Privat/UiB

Jobb  

Med ein mastergrad i arkeologi kvalifiserer du til arbeid som arkeolog ved arkeologiske utgravingar og registreringar og som sakshandsamar innan kulturminnevern og kulturminneforvaltning.  Arkeologar jobbar også med forsking, undervisning og formidling ved ulike forskingsinstitusjonar og  innan museumssektoren. Arkeologar jobbar og i andre typar offentlege og private verksemder innan kulturfeltet.  

Du kan gå vidare etter masterutdanning med doktorgrad (ph.d.) som kan kvalifisere til vitskaplege stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren.   

Meir informasjon under

Oppbygging  

Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig heiltidsstudium som startar i august og januar, med hovudopptak i august.  

Det første året tek du ulike emne til dømes eit praksiskurs i arkeologiske feltundersøkingar og emne innanfor prosjektførebuing, teori og metode. Det siste året er hovudsakleg konsentrert omkring masteroppgåva.   

Eit masterprogram i arkeologi kan sjå slik ut:  

1. semester  

ARK308 Arkeologi: Landskap, kulturminne og forvalting (obligatorisk) 10 sp  

ARK303 Prosjektskildring (obligatorisk) 10 sp  

ARK305 Teori og metode (obligatorisk) 10 sp  

2. semester   

ARK307 Arkeologisk praksis (obligatorisk) 20 sp  

ARK304 Spesialemne. (valfritt) 10 sp 

3. og 4. semester  

AHKR300 Forskingsetikk (obligatorisk) 0 sp 

ARK350 Masteroppgåve 60 sp

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen  

Masterstudiet i arkeologi er eit allsidig studium der vi nyttar mange ulike læringsformer. I ei vanleg veke vil du bruke ca. 2-4 timar på undervisning. I tillegg kjem sjølvstudium.  

Aktivitetane varierer frå semester til semester:1.semester er det mest forelesingar og seminar, mens 2.semester òg har praktisk arbeid. I 3.og 4.semester skriv du masteroppgåve og har dermed mest sjølvstudium under rettleiing. Undervisninga knytt til emnet ARK302 gir kontakt med ulike, potensielle arbeidsgivarar og innblikk i dei praksisområdane du kan vere interessert i som arbeidsplass etter studiet. Du får eigen arbeidsplass på lesesalen når du er masterstudent. 

Feltkurs  

Studentane er ute i felten i om lag tre veker på slutten av 2. semester. Feltkurset gir kunnskap i både arkeologisk utgraving og registrering. Det å vere i felten saman skapar eit godt samhald og studiemiljø.  

Praksis  

Det er ei veke praksis på studiet. Instituttet har avtale med Hordaland Fylkeskommune. Praksisen har du i 3. eller 4. semester.  

Masteroppgåve  

Du har to semester til å skrive masteroppgåva. Tema for oppgåva kan du stort sett bestemme sjølv, i samråd med rettleiaren sin kompetanse.  

Kva lærer eg?

På masterprogrammet i arkeologi lærer du:  

  • å studere eit kjeldemateriale, kategorisere og analysere, og skrive ein tekst basert på dette.   
  • å jobbe sjølvstendig som forskar, men også i team, med arkeologisk utgraving og rapportering.   
  • å vere kritisk til kjelder og tolking.   
  • analyseverktøy, som geografiske informasjonssystem (GIS), samt arkeologisk utgraving og registrering.   

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester i Storbritannia, Tyskland, Sør-Afrika, Danmark eller Sverige. 

Våre utvekslingsavtalar:

Slik reiser du på utveksling

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her