Rettsvitskap (jus), master, 5 år
- Lengde5 År
- Ordinær61,4
- Primær55,7
- Plassar380
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
I løpet av jusstudiet vil du forstå kvifor jus er nødvendig for å løyse både nabotvistar og globale utfordringar.
Det er vanskeleg å sjå for seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. På jusstudiet vil du lære om korleis lovene fungerer i praksis, og kva som kan bli konsekvensane av å bryte dei.
Tek du ein mastergrad i rettsvitskap, får du ei utdanning som gir deg stor valfridom i arbeidslivet. Du får ei utdanning som kjem til nytte enten du drøymer om å jobbe med menneskerettar, politirett, EU-rett, internasjonal handel eller berekraft. Jus er eit trygt val i ei usikker framtid.
Frå hausten 2021 vil nye studentar på første studieår starte på ei ny studieordning. Dette betyr at rekkefølgje, pensum og størrelse på dei ulike emna har blitt endra frå tidlegare år. Har du bestått deler av jusutdanning frå før og vil søke opptak til 3.-5. studieår hausten 2022 kan du sjå korleis studiet er lagt opp her.
Kva kan eg bli?
Samfunnet treng juristar og få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som jusutdanninga. Som utdanna jurist har du ein kompetanse som er etterspurd i arbeidslivet, og du kan jobbe både i privat og offentleg sektor. Her er eksempel på nokre av stadane du kan jobbe:
- Offentleg forvalting som Skatteetaten, Utanriksdepartementet eller kommunen
- Advokatkontor
- Privat næringsliv som bank, skipsfart eller industri
- Politiet og Forsvaret
- Domstolar som tingretten, lagmannsretten eller Høgsterett
- Universitet og høgskular
- Nasjonale organisasjonar som LO og NHO
- Internasjonale organisasjonar som FN, EU eller Røde Kors
Som ferdig jurist kan du søke jobb som advokatfullmektig hos eit advokatkontor. Etter to års praksis som advokatfullmektig kan du få løyve til å arbeide som advokat. Mange verksemder søker etter advokatar, og du kan mellom anna jobbe som politiadvokat, forsvarsadvokat eller forretningsadvokat.
Arbeidsmarknaden for juristar frå UiB er god. 92 prosent av dei med utdanning i juridiske fag seier dei er i relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.
Etter masterstudiet kan du søke på forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterstudiet i rettsvitskap er eit femårig fulltidsstudium med oppstart i august. På første, andre og fjerde studieår har du obligatoriske emne. På tredje og femte studieår vel du juridiske emne etter eigne interesser.
Har du bestått deler av jusutdanning frå før og vil søke opptak til 3.-5. studieår hausten 2022 kan du sjå korleis studiet er lagt opp her.
Slik er studiet lagt opp:
Første studieår
Første studieår har du desse obligatoriske emna:
- JUS100 Exfac -Innføring i juridisk metode
- JUS211 Familie- og arverett
- JUS212 Avtalerett
- JUS213 Erstatningsrett
- JUS214 Tings- og immaterialrett
- JUS215 Juridisk metode
Andre studieår
Andre studieår har du desse obligatoriske emna:
Tredje studieår haust
- JUS231 Obligasjonsrett
Tredje studieår vår
Vel mellom:
- JUS232 Rettshistorie og komparativ rett
- Valemne (spesialemne), minst eitt på engelsk
Eller
- Utveksling
- Komparativ rett
I vårsemesteret på 3. studieår kan du sjølv velje kvar i verda du skal studere og kva for juridiske emne du skal studere. Det er mange valmoglegheiter, og du treng ikkje å bestemme deg for kva du vil gjere før på byrjinga av 3. studieår.
Alle som vil kan få reise på utveksling! Sjå meir om dei gode utvekslingsmoglegheitene lenger nede på denne sida.
Dersom du ikkje reiser på utveksling skal du ta emnet JUS232 Rettshistorie og komparativ rett i tillegg til å velje mellom ulike andre juridiske emne heime. Sannsynlege norske emne du kan velje mellom er barnerett, informasjons- og personvernrett, miljørett og skatterett. Du skal velje eitt av desse, i tillegg til eitt emne som blir undervist på engelsk. Meir informasjon om desse emna kjem seinare.
Fjerde studieår
Fjerde studieår har du desse obligatoriske emna:
- JUS345 – Strafferett (20 studiepoeng)
- JUS346 – Rettargang (20 studiepoeng)
- JUS347 – Allmenn formuerett (20 studiepoeng)
Femte studieår
Vel eitt av emna:
- JUS399 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)
- JUS396 – Masteroppgåve (60 studiepoeng)
- JUS397 – Masteroppgåve, forskarlinje (70 studiepoeng)
Valfritt:
- Spesialemne (30 studiepoeng)
Valfritt:
- Utveksling (30 studiepoeng)
- Utveksling (60 studiepoeng)
Studiekvardag
Jusutdanninga i Bergen er kjent for det aktive studentmiljøet og det gode undervisningsopplegget. Dei første åra er det obligatorisk undervisning i små grupper (arbeidsgrupper) og oppgåveinnlevering kvar veke, noko som gir deg tett oppfølging og solide skriveferdigheiter.
Masterstudiet i rettsvitskap er eit fulltidsstudium. Det betyr at du må rekne med å bruke om lag like mykje tid på studia som på ein fulltidsjobb. Dei første studieåra vil du typisk ha rundt 10 timar i veka med obligatoriske undervisningsaktiviteter. Dei siste åra er det lagt opp til meir sjølvstudium. Du må i tillegg til undervisninga bruke ein heil del tid på lesesalen og på samarbeid med andre studentar.
Undervisninga er for det meste på norsk, men enkelte valemne går på engelsk.
Slik er undervisinga:
- Forelesingar
- Oppgåveinnleveringar
- Gruppeundervisning
- Sjølvstudium
- Masteroppgåve
Jus er et eit studium der problemstillingane du lærer om, og arbeider med, liknar det du vil møte i den framtidige arbeidskvardagen din. Nokre av studentane skaffar seg meir praksis i studiet gjennom jobb med gratis rettshjelp i Jussformidlingen. Andre får praksis som arbeidsgruppeleiar eller vitskapeleg assistent på fakultetet. Ein del av jusstudentane organiserer sjølv praksisopphald på aktuelle arbeidsplassar i studietida.
Som jusstudent blir du del av eit aktivt og inkluderande studentmiljø. Vi har ei rekke studentorganisasjonar på Det juridiske fakultet, og du kan velje å engasjere deg i alt frå menneskerettar til korsong eller innebandy.
Les meir om studentorganisasjonane på Det juridiske fakultet.
Fakultetet er samla på Dragefjellet. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad midt i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt. Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen.
Kva lærer eg?
- Du lærer å tolke og bruke rettsreglane.
- Du lærer ein metode for å løyse konkrete juridiske problemstillingar.
- Du blir i stand til å argumentere og legge fram ei sak på ein god og overtydande måte.
- Du får stor kunnskap om nasjonal og internasjonal rett.
Utveksling
Som student ved Det juridiske fakultet kan du reise på utveksling i løpet av tredje og femte studieår. Vi anbefaler at alle som har høve til det reiser på utveksling.
Samanlikna med andre fag på universitetet, er jus meir nasjonalt orientert. Du lærer først og fremst om det norske rettssystemet, på norsk, sjølv om norsk rett på mange felt er påverka av internasjonale reguleringar. Innflytelsen frå EU/EØS står sentralt, i tillegg til menneskerettane. Nettopp fordi jusstudiet er så nasjonalt retta, bør du reise ut som del av utdanninga di. Då vil du få andre perspektiv, både knytt til juridisk metode, innhald i lover og sjølve rettssystemet.
Mange av jusstudentane reiser til Kina, USA, India, Australia eller til eit av landa i Europa, men du kan velje mellom meir enn 150 universitet over heile verda. Nesten halvparten av jusstudentane reiser på utveksling i løpet av studiet.
I løpet av utvekslingsopphaldet tek du valfrie juridiske emne. Ved nokre partnaruniversitet kan du og skrive masteroppgåve.
Les meir om utvekslingsmoglegheitene ved Det juridiske fakultet. (NB! Denne informasjonen er for studieordninga som gjaldt til og med 2020/2021. Den gjev deg likevel eit inntrykk av dei gode utvekslingsmoglegheitene som finst. Informasjon skreddersydd for deg, kjem i god tid før du skal velje kva du vil gjere i vårsemesteret på 3. studieår.)
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Dersom du har tatt juridiske eksamenar ved andre institusjonar, må du også søke gjennom Samordna opptak. Kjem du inn, kan du søke om å få godskrive tidlegare utdanning.
Søknadsfristen er 15. april.