Rettsvitskap, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar30
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Som masterstudent ved Det juridiske fakultet vil du få kontakt med leiande fagmiljø innan strafferett, rettargang og formuerett.
Du får tett oppfølging og rettleiing av engasjerte undervisarar. Digitalisering har høg prioritet ved fakultetet, og alle førelesingar blir lagt ut på nettet.
I den siste delen av masterstudiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her kan du spesialisere deg innan faglege spørsmål som du er opptatt av. Du kan óg søke om å skrive masteroppgåve innanfor eit av forskingsprosjekta ved fakultetet.
Meir informasjon under

Jobb
Juristar med mastergrad i rettsvitskap er etterspurte. Dei fleste som fullfører ei utdanning ved Det juridiske fakultet får relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.
Med ein mastergrad i rettsvitskap frå UiB står mange ulike karrierevegar opne for deg.
Her kan du jobbe som jurist:
- Privat næringsliv, som bank, forsikring, shipping
- Offentleg forvalting, som departementa, politiet, påtalemyndigheitene og domstolane
- Nasjonale og internasjonale organisasjonar
- Advokatkontor
Etter masterstudiet kan du søke på forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.
Meir informasjon under
Studiekvardag
Undervisninga er på norsk og engelsk, og skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Forelesningane og seminara er ikkje obligatoriske å delta på, men vi tilrår at du deltar aktivt i desse.
Normalt vil du bruke mellom fire og åtte timar i veka på undervisingsaktivitetar. Timeplanen er lagt opp slik at du fordjupar deg i eitt emne om gongen. Som regel blir emna avslutta med ein eksamen før du begynner på neste emne. Det gjer at det ikkje blir like intense eksamensperiodar som på dei andre studieprogramma, og du unngår skippertak.
Du skal skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. Du vel sjølv kva tema du vil skrive om. På fakultetet har vi 17 ulike faggrupper, og du kan knytte deg til den gruppa som ligg nærast di interesse. Fakultetet tildeler deg ein rettleiar som har god kjennskap til temaet du vil skrive om. Du kan også søke opptak til Forskerlina.
Slik er studiekvardagen på Det juridiske fakultet.
Som jusstudent blir du del av eit aktivt og inkluderande studentmiljø. Vi har ei rekke studentorganisasjonar på Det juridiske fakultet, og du kan velje å engasjere deg i alt frå menneskerettar til korsong eller innebandy.
Les meir om studentorganisasjonane på Det juridiske fakultet.
Fakultetet er samla på Dragefjellet. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad midt i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt. Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen.
Oppbygging
Mastergradsstudiet i rettsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
Det første studieåret består av obligatoriske emner. På andre året kan du velje emne etter eigne interesser.
- Semester: JUS243 Allmenn formuerett (20 studiepoeng)
- Semester: spesialemne 30 sp, utanlandsopphald (valfritt)
- Semester: JUS399 Masteroppgåve 30 sp
Dei fleste skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng i eitt semester. Det er mogleg å søkje om å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng over eitt år, eller søkje opptak til Forskarlina som er på 70 studiepoeng.
Kva lærer du
Noko av det viktigaste du lærer på dette masterstudiet, er å tolke og bruke rettskjeldene på rett måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Du lærer å løyse konkrete rettsproblem, og blir i stand til å argumentere og leggje fram ei sak på ein god og overtydande måte.
Etter gjennomført mastergrad i rettsvitskap vil du ha stor kunnskap om nasjonal og internasjonal rett.
Utveksling
På dette studiet reiser nesten halvparten av studentane på utveksling. Du kan utveksle nærast kvar som helst i Norden og resten av Europa, i tillegg til særs gode universitet i til dømes Kina, India, New Zealand, Australia, USA og Canada. Det er innhaldet på 2. studieår, altså spesialemna og eventuelt masteroppgåva, som kan takast i utlandet, og du har stor valfridom når du skal velje kvar du vil reise og kva juridiske emne du vil studere.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha bestått bachelorgrad i juss fra Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger. Studieprogrammet har oppstart kvar haust. I 2023 er det 30 studieplassar.
Sjå meir på våre opptakssider.
Viss du har bestått juridiske emner frå før, kan du søke om å få desse godskriven. Sjå meir på våre nettsider om godskriving av ekstern utdanning.