Hjem

Meteorologi og oseanografi, master, 2 år

No, meir enn nokon gong, er kunnskap om klimaet på jorda avgjerande.
  • Lengde2 År
  • Plassar13
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

  • Korleis kan vi nå FNs berekraftsmål om å stoppe klimaendringane?  
  • Kor mykje tid har vi til å snu den noverande utviklinga? 
  • Korleis kan vi måle kva påverknad klimaendringane har? 

Masterprogram i meteorologi og oseanografi behandlar både den fysiske og den matematiske skildringa av sentrale atmosfæriske og oseanografiske fenomen, med grunnlag i målingar, eksperiment, teori og numerisk modellering.  

Vi studerer kreftene som styrer rørslene i atmosfæren og i havet, inkludert: sjøis, sentrale fysiske prosessar i atmosfæren og i havet, vekselverknaden mellom hav, sjøis og atmosfære, vêrvarsling, syklus for næringsemne og karbon i havet og regionale og globale klimaendringar. 

Meir informasjon under

Havet og været

Jobb

Mange næringar er avhengige av nøyaktige prediksjonar og kunnskap om vêr, klima og hava våre. 

Du får ei utdanning som gir grundig kunnskap om både fysisk og matematisk skildring av sentrale atmosfæriske og oseanografiske fenomen.  Du ser heilskapen, er allsidige og er ofte eksperten innan programmering, IT og analyse. Med denne bakgrunnen kan du få mange forskjellige jobbar, og i ulike næringsverksemder. 

Internasjonale karrierar er spesielt aktuelle innan klimaforsking, meteorologi eller oseanografi. 

Tidlegare studentar jobbar i verksemder som: 

Ei mastergrad i realfag kan også kvalifisere til å ta pedagogikkutdanning, slik at du kan jobbe som lærar ved ungdomsskule og vidaregåande skule. 

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.). 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten. I 1. og 2 semester bygger du spesialisert kunnskap gjennom obligatorsike og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng.  i 3. og 4. semester får du gjennom masteroppgåva ein unik moglegheit til å fordjupe deg i eit tema innanfor eit forskingsområde med god oppfølging frå rettleiaren din. Om du vil finne eit eige masterprosjekt, kan du utvikle idear i samråd med rettleiaren din. Du kan også velje frå tilgjengelege prosjekt. 

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi har fire studieretningar.  Du kan lese meir om desse under: 

Studieretningar

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som masterstudent i meteorologi og oseanografi, blir du ein del av Geofysisk institutt si rikhaldige historie. Bergensskulen i meteorologi la fundamentet for all moderne vêrvarsling. Vilhelm Bjerknes og Fridtjof Nansen jobba ved instituttet, og instituttet er heim for Bjerknessenteret for klimaforsking, eit av dei leiande klimaforskingssentera i verda. Vi har også eit nært samarbeid med Nansensenteret for miljø og fjernmålingHavforskningsinstituttet og Norce

Ved Geofysisk institutt finn du minst 25 nasjonalitetar, medrekna tilsette, doktorgradskandidatar og masterstudentar. Vi har ein hyggeleg atmosfære med kort veg mellom studentar og vitskaplege. Som student hos oss vil du føle at du er del av ein stor familie.   

Takka vere Golfstraumen og varme, sørlege luftstraumar, har Bergen eit veldig mildt kystklima, som igjen fører til mange interessante vêrtypar. UNIS på Svalbard ligg heller ikkje langt frå Bergen. 

Kvardagen ved instituttet er svært variert og spennande med mange forskjellige aktivitetar, både sosiale og akademiske. 

I prosjektet “Ekte data” (“Real Data”) brukar studentar og tilsette Geofysisk institutt sine mange klimamålingar og -observasjonar til å utvikle matematikkoppgåver med tal henta frå naturen, for grunnskule, vidaregåande skule og universitetsklasser. Gjennom målingar som brukar ekte data, viser vi korleis ein kan forstå og forklare naturen ved å bruke matematikk. 

Du kan også delta i prosjektet Værtinnen og havmesteren. Her deltar studentar og forskarar frå Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking som ønsker å opplyse om vær, hav klima og energi. 

Programstyret er veldig aktivt, og jobbar for kontinuerleg utvikling av programmet. Masterstudentar kan også delta i Bergen Energy Lab, eit forum for fornybar energi.  

Undervising  

Dei forskjellige fagemna nyttar ein kombinasjon av undervising og læringsmetodar, som førelesingar, seminar, praktiske modelleringsoppgåver og oppgåveløysing, dataøvingar, eksperiment og ekskursjonar. Avhengig av studieretning, kan ei vanleg veke sjå slik ut dei to første semestera: 

Du går på 8-10 førelesingar og har ein (eller fleire) timar med eksempelvis regneøvingar/lab-øvingar. I tillegg kan det vere gruppediskusjonar og presentasjonar. Avhengig av spesialiseringa du vel skal du kanskje reise på båttur på ein norsk fjord i 5–8 dagar, eller lære korleis du kan førebu ein feltkampanje i meteorologi. 

Masteroppgåve 

Du får individuell rettleiing i arbeidet med masteroppgåva, og korleis du skal legge ho fram. Du skal skrive oppgåva som tel 60 studiepoeng, på to semester. Dette gir deg anledning til å utforske grundig eit tema du sjølv har valt. Til slutt skal du gi ein presentasjon av masteroppgåva. 

Du har mange alternativ når du skal velje tema til masteroppgåve i meteorologi og oseanografi. Du kan ta utgangspunkt i feltaktivitetar/ekskursjonar, som ein båttur i fjordane, eller du kan jobbe reint teoretisk og analytisk. Valet er ditt! 

Kva lærer du

Med mastergrad i meteorologi og oseanografi kan du 

  • bruke moderne feltinstrumentering, teori, programmering og/eller avansert analyse på geofysiske problem 
  • kritisk evaluere og drøfte datakvalitet og ulike informasjonskjelder innan geofysikk 
  • formulere, diskutere og gjennomføre strategiar for data og teoretiske analysar 

 Fullstendig liste over læringsutbytte.

Utveksling

Det er mogleg å følge emne/undervising i utlandet, men det er vanskeleg å finne fagemne som passar inn i dette studieprogrammet si oppbygging. Likevel kan det å ta emne ved UNIS på Svalbard vere eit alternativ for nokon. 

Opptakskrav

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi har fire studieretningar med spesifikke opptakskrav. Les meir om desse under: 

Studieretningar

Korleis søke

På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.

Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.

Søk her