Samanliknande politikk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar31
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Masterstudiet tek for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema. Dette er tema som er brukt både på landspesifikke studium, og på breie tverrnasjonale studium som analyserer ei rekkje former for kvalitative og kvantitative data.
Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemg og har mange gode utvekslingsavtalar med mange universiteter rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet har ein utvekslingsavtale som sikrar studentane ekstra økonomisk støtte for å reise på utveksling.
Dette masterstudiet er unikt fordi du får fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen. Mens statsvitskapsstudiet generelt kan omfatte alle dei fire faggreinene samanliknande politikk, internasjonal politikk, politisk teori og offentleg politikk og administrasjon, konsentrerer masterstudiet i samanliknande politikk seg om denne eine retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.
Les meir om korleis det er å vere student på Institutt for samanliknande politikk
Meir informasjon under
SampolMaster 16-9
Jobb
Med ein mastergrad i samanliknande politikk får du metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter, kvalifikasjonar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Både offentleg og privat sektor kan vere aktuelt. Du kan arbeide:
- i offentleg forvalting, frå kommune til departement
- i organisasjonar og sivilsamfunn
- i utanrikstenesta og internasjonale organisasjonar
- i skuleverket, høgare utdanning og forsking
- i mediesektoren
- med utgreiing og analyse, informasjons- og kommunikasjonsarbeid
Du kan gå vidare til doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.
Les kva tidlegare studentar seier om jobbane dei har fått
Meir informasjon under
Studiekvardag
Dette er eit krevjande fulltidsstudium med tilnærma fulle arbeidsveker. Du må rekne med mykje sjølvstudium, og rundt 7-8 timar undervisning kvar veke. Dei vanlegaste undervisningsformene på studiet er førelesingar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du får tilgang til arbeidsplass på eigen lesesal for studieprogrammet.
Som masterstudent får du god oppfølging av rettleiaren din. Du vil òg bli involvert i ei forskingsgruppe med dei vitskaplege tilsette både gjennom valemne og aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgåva.
Elles er det eit godt miljø på faget med mykje sosialt du kan velje å vere med på.
Tidligare masteroppgåver i samanliknande politikk
Oppbygning
Masterstudiet i samanliknande politikk er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
Første semester
Andre semester
- SAMPOL307 Forskingsdesign og kvalitative metodar (10 sp)
- Valfritt emne (10 sp)
- Valfritt emne (10 sp)
Dei valfrie emna er knytt til forskingsgruppene og utgjer eit breitt tilbod innan faget.
Tredje og fjerde semester
- SAMPOL350 Masteroppgåve (60 sp)
Du vel sjølv tema for masteroppgåva.
Kva lærer du
Masterprogrammet legg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda). Vi bruker særleg komparativ metode og multivariat dataanalyse – og du får opplæring i avanserte statistikkprogram som R.
- Du får forståing for komplekse samfunnsprosessar, og solide metodekunnskapar slik at du kan gjere komplekse og vitskaplege analysar.
- Du får grundig metodekunnskap og kunnskap om metodeverktøy, kritiske og analytiske ferdigheiter.
- Du lærer å bruke systematiske analytiske reiskapar og arbeidsmetodar.
Utveksling
Du vert oppmoda til å reise på utveksling som en del av graden din i samanliknande politikk. Det er lagt til rette for utveksling i 2. semester. Studentar på utveksling tek emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller en tilrettelagt versjon av SAMPOL307-2.
Instituttet hjelper deg med å finne utdanningstilbod hos våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har utvekslingssavtaler i mange land og regionar.
Meir informasjon om utveksling
Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i statsvitskap som inkluderer minimum 10 studiepoeng samfunnsvitskapleg metode (kvalitativ og kvantitativ).
Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:
- Samanliknande politikk
- Europastudium med spesialisering i samanliknande politikk
- Administrasjon og organisasjonsvitskap
Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:
- Statsvitskap frå UiA, UiO, UiS, UiT, UiN, NTNU, USN (HBV/HSN)
- Bachelorgrad med årsstudium og påbyggingsstudium i statsvitskap (90 sp) frå HiØ/HiOF
- Internasjonale studiar med spesialisering i statsvitskap, UiO
- Utviklingsstudiar med spesialisering i statsvitskap, UiO
- Politisk økonomi med spesialisering i statsvitskap, NTNU
- Europastudiar med spesialisering i statsvitskap, NTNU
- Filosofi, politikk og økonomi med spesialisering i statsvitskap, UiO
- Offentleg administrasjon og leiing med spesialisering i statsvitskap, UiO
- Internasjonale relasjonar, UiN
- Europastudiar med spesialisering i statsvitskap, UiO
- Public administration, UiN
- Bachelorprogram i Statsvitenskap, Oslo Nye Høyskole
Du må også ha (generelle opptakskrav):
- Snittkarakter på minimum C (3,0) i spesialiseringa i samanliknande politikk/statsvitskap.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.