Blå natur og ressursane i havet - forstå, verne, forvalte
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 2.5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- FRAM624
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Havet er grunnlaget for livet på jorda. Det gir oss mat, arbeidsplassar, naturopplevingar og eit rikt biologisk mangfald, men står samstundes overfor utfordringar knytte til klimaendringar, forureining, naturtap og aukande press på areal og ressursar.
Dette emnet gir ei innføring i blå natur og ressursane i havet, og belyser samanhengane mellom marine økosystem, naturmangfald, ressursbruk og berekraftig forvaltning. Med utgangspunkt i Noreg som havnasjon og døme frå Vestlandet utforskar deltakarane korleis ressursane i havet kan nyttast på ein måte som tek vare på både naturverdiar og samfunnet sine behov.
Tema i emnet omfattar:
- marine økosystem, biologisk mangfald og havet si tyding for livet på jorda
- ressursane i havet og deira tyding for matproduksjon, verdiskaping og samfunnsutvikling
- utfordringar for livet i havet, mellom anna klimaendringar, forureining og naturtap
- berekraftig bruk og forvaltning av havområde og marine ressursar
- interessekonfliktar og avvegingar mellom omsyn til natur, ressursbruk og verdiskaping
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskap
- forklare kvifor havet er viktig for livet på jorda, og korleis marine økosystem og biologisk mangfald dannar grunnlaget for ressursane i havet
- forklare sentrale utfordringar for livet i havet og for berekraftig bruk av havet sine ressursar
- gjere greie for prinsipp for berekraftig havforvaltning og Noreg si rolle som havnasjon
Ferdigheiter
- analysere samanhengar mellom ressursutnytting, naturmangfald og berekraft
- identifisere og vurdere interessekonfliktar knytte til bruk av havområde og marine ressursar
- nytte forskingsbasert kunnskap til å diskutere bruk og bevaring av blå natur
Generell kompetanse
- reflektere over balansen mellom omsyn til natur, samfunnsinteresser og verdiskaping
- finne, vurdere og bruke relevante kunnskapskjelder om marine problemstillingar
- bidra med kunnskapsbaserte perspektiv i diskusjonar om havet sine ressursar