Forskingstema i etikk og kunstig intelligens

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Fagområdet etikk i kunstig intelligens dekkjer dei del-områda som har blitt utvikla som svar på utfordringane med å handtere dei moralske, personlege og sosiale implikasjonane av å erstatte oppgaver utført av menneske med AI-baserte datasystem. Etikk i kunstig omfatter fire del-displinar: 1) rettferdig, ansvarleg og transparent KI (FAccT), 2) forklarbar KI (XAI), 3) forsvarleg KI og 4) maskin-etikk (også kalla kunstig moral).

Kurset gjev ein introduksjon og eit generelt oversyn over etikk i kunstig intelligens, dekkjer forskningsfronten i utvalgte områder av etikk og KI, og utforskar nokre emne djupare gjennom studentprosjekt om eit aktuelt spørsmål i K-etikk.

Læringsutbytte

Kunnskap.

Studenten

  • Kan identifisere dei grunnleggjande problema som vert studert i rettferdig, ansvarleg og transparent KI (FAccT), forklarbar KI (XAI), forsvarleg KI og maskin-etikk.
  • Kan forstå premissane for dei sentrale etiske teoriane i feltet.
  • Kan tolke, forklare og syne behovet for, og forstå utfordringane i KI-etikk.
  • Har ei djupare forståing av utvalde tpoblem i KI-etikk og korleis dei blir utforska, frå utvikling av idé, analytisk arbeid, skjerping av forskningsspørsmål, planleggje og gjennomføre arbeid i gruppe, og rapportering av arbeidet i ein vitskapleg rapport.

Ferdigheit.

Studenten

  • Kan vurdere dei etiske sidene ved problem knytta til KI.
  • Kan kople ein bestemt utfordring i KI-etikk til den mest relevante disiplinen.
  • Kan gjennomføre ein systematisk undersøking av eit etisk problem knytt til KI.

Generell kompetanse.

Studenten

  • Kan lese og forklare vitskaplege artikler.
  • Kan handtere eit forskningsprosjekt.
  • Kan rapportere reultat av vitskapleg arbeid.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (uregelmessig)

Studiepoengsreduksjon

INFO383 - 10 ECTS

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger, seminar, gruppeprosjekt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminar (80 prosent)

Vurderingsformer

Rapport frå gruppeprosjekt (30%), munnleg prøving (70%).

Karakterskala

F til A

Vurderingssemester

Assessment in teaching semester

Students with valid absence as defined in the UiB regulations § 5-5 can apply for an extended submission deadline to eksamen.infomedia@uib.no. The application must be submitted before the deadline for submission has expired.

Litteraturliste

Vitskaplege artiklar, avansert lærebok, kodeverktøy.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarlig

The Department of Information Science and Media Studies at the Faculty of Social Sciences has the administrative responsibility for the course