Fordjupning i medie- og kommunikasjonsteknologisk teori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Medie- og kommunikasjonsfeltet har stort potensial for å forstå og belyse utviklingstrendar vi i dag står overfor. Samfunnet er på gjennomgripande vis prega av media, og nye kommunikasjonsteknologiar set i aukande grad sitt preg på kvardagsliv, politikk, og på kultur- og samfunnsutviklinga i vid forstand. Målet med emnet er å skape eit forum der studentane går inn i og diskuterer nyare og eldre teoretiske bidrag innan medie- og kommunikasjonsteknologi. Emnet vil særleg legge vekt på teoretiske tradisjonar og perspektiv som drøftar informasjons- og kommunikasjonsteknologi i breiare samfunnsmessige og kultuelle kontekstar, t.d. knytt til spørsmål om demokrati, desinformasjon, globalisering, og endra rammevilkår for produksjon av kunst og kultur. Emnet vil legge vekt på aktuelle problemstillingar knytt til digital teknologi allment og kunstig intelligens meir spesifikt, men vil óg sjå det aktuelle i eit historisk perspektiv.

I forkant av kvart vårsemester får studentane informasjon om kva perspektiv og teoriar ein vil ta opp.

Emnet legg til rette for ein tverrfagleg dialog om samspelet mellom medie- og kommunikasjonsteknologi og samfunnsmessige og kulturelle utviklingstrekk. Emnet er retta mot studentar innan fagfeltet media og kommunikasjon, men vil vere av interesse for masterstudentar innan informasjonsteknologi og masterstudentar ved andre samfunnsvitskaplege og humanistiske fag som søker fordjuping i medieteknologisk teori.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten...

  • har kunnskap om sentrale teoriar i medie- og kommunikasjonsteknologi
  • har kunnskap om samapslet mellom medie- og kommunikasjonsteknologi og samfunnsmessige og kultruelle endringsprosessar 

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan lese krevende faglige tekster og orientere seg i høve til medievitskapleg teori
  • kan diskutere og kritisk analysere teoretiske bidrag i fagfeltet 

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan raskt setje seg inn i faglig komplekse problemstillinger
  • kan formidle eigne perspektiv på overordna faglege problemstillinger, mellom anna gjennom muntlig formidling og sjølvstendig skriving av eit eige essay

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskaper

Bachelor i medier og kommunikasjon, medievitskap, eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medium og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Løpande seminar med felles diskusjon av førebudde tekstar i seminar, samt felles rettleiing og diskusjon av innleverte essay

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% oppmøte på seminar.

Ein muntleg presentasjon i seminaret. 

Eit bidrag som kommentator/debattant på bidrag fra medstudent.  

Vurderingsformer

Vurdering av essay under retteleing, ca. 3500 ord, samt muntleg eksamen. Essayet tel 60% av samla karakter. 

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.